Bildegalleri
Twintip Ski! Jesper Tjäder’s Head Frame Wall + Marker Squire
Til salgs
3 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Lengde: 181 cm
Selg eit par Head Frame Wall 84 mm – 181 cm, kjøpt vinteren 2021 og brukt altfor lite. Skiene er i svært pen stand og har knapt vore i bakken – det kan teljast på to hender kor mange gonger dei har vore brukte.
Dette er lette og leiken ski som passar svært godt til park, jibbing og kreativ køyring. Dei er raske frå kant til kant, enkle å kontrollere og gir ei levande kjensle på rails, boksar og hopp. Skiene kjennest stabile og trygge, og er lette å bli komfortabel med.
Skiene fungerer ikkje berre i park, men er òg fine til vanleg køyring i bakken. Dei er smidige, presise og lette å ha med å gjere – typiske ski ein gjerne tek fram igjen.
Påmontert Marker Squire 11 ID (90 mm), ei lett og solid binding som passar godt til denne typen ski.
Alt i alt ei veldig fin pakke for deg som vil ha leiken køyring, god kontroll og ski som gir mykje igjen, utan at dei er utslitne. Desse har rett og slett blitt brukt for lite, og fortener å bli køyrde meir.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.2.2026 kl. 15:11 ・ FINN-kode: 449539922

