Bildegalleri
Småviltjakt / rypejakt med jakthytte på åremål i Vinje Kommune, Telemark.
Til salgs
Beskrivelse av varen
Oppdatering:
(Det er kome inn bod over prisantydning. Val av leigetakar vil baserast på både pris og personlege referansar / forvaltingssyn.)
Småviltjakt / rypejakt med jakthytte vert leigd ut på åremål frå jaktstart 2026 (3 jaktkort), til rett leigetakar og til rett pris. Det er mogleg å ta kontakt med tidlegare leigetakar for referanse om både terreng og utleigar, dersom dette er ønskeleg.
Første året blir eit prøveår for både utleigar og leigetakar. Dersom begge partar er nøgde, vil avtala kunne forlengast ytterlegare 3-5 år. Det er viktig at den/dei som skal leige jakta er opptatt av god forvalting. Langtidskontrakt med rett leigetakar er siktemålet.
Leigar for og høve til å fiske i tre små fjellvatn tilhøyrande eigedomen, med tilgang til båt og garn i det eine vatnet.
Jaktterrenget er på ca. 6500 dekar, fordelt på tre teigar. Alle teigane har enkel tilkomst frå veg. Link til kart og oversikt over området:
https://gardskart.nibio.no/landbrukseiendom/4036/88/3/0?gardskartlayer=none&utm=32&alle=false&bakgrunnskart=farger&x=422774.82575&y=6624439.02444&z=13.08095
Terrenget:
Jaktterrenget gir moglegheit for jakt på rype, skogsfugl og hare.
- Flattafjødd ca. 4500 dekar på 875-1100moh (bjørkeskog og snaufjell)
- Stigastøyl ca. 1200 dekar på 630-1000moh (barskog)
- Vamark ca. 900 dekar på 800-1000moh (barskog og litt snaufjell)
Hytta:
Hytta «Roi», Arabygdvegen 692, 3895 Edland, ligg på 910 moh ved den største teigen. Dette er ei koseleg, eldre støylsbu med enkel standard. Det er bilveg heilt fram om sommaren, 50m frå brøyta veg om vinteren. Ved til eige bruk kan hoggast rundt hytta. Endring og forming av hytta etter eige behov kan diskuterast.
Hytta har:
• Solcellestraum
• Gasskjøleskap
• Soverom med tre sengeplassar
• Opphaldsrom med sovesofa
• Enkelt kjøken
• Utedo
Bod over 70 000 kr bli vurdert.
Ta kontakt på tlf 977 646 27 for meir info. (Eg jobbar på havet og er ikkje alltid tilgjengeleg på telefon, men les meldingar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 29.1.2026 kl. 22:55 ・ FINN-kode: 448435758


