Bildegalleri
Finsk lapphund hann vurderes omplassert
Til salgs
1 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 2 år
Finsk lapphund hann vert vurdert omplassert – med tungt hjarte – til fôrvert grunna tidsmangel. Kan òg vurderast omplassert for godt dersom rett heim dukkar opp.
Ihme er fødd hos oss i mai 2023 og vert snart 3 år gamal. Han er ein energisk, glad og «happy go lucky»-type som treng ein eigar med tid og interesse for oppfølging, særleg når det gjeld passeringstrening. Han bjeffar på andre hannhundar, men er ikkje aggressiv.
Han har sterkt jaktinstinkt og kan difor ikkje gå laus, men fungerer fint i langline. Han har svært god nase og eignar seg godt til til dømes blodspor.
Ihme har vore på utstilling og er ein svært eksteriørt fin hund. Han har fått bl.a. excellent, BIM og BIR junior, 1 cert. Han er lite stilt vidare grunna småbarnsliv, men har gode moglegheiter for vidare utstillingskarriere. Det er eit stort pluss om han kjem til nokon som ønskjer å stille han vidare, gjerne til nokon på Vestlandet/Sunnfjord omegn.
Han er far til eitt kull, og eg ønskjer moglegheit til å bruke han i avl framover.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller ein uforpliktande prat.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 22.1.2026 kl. 20:04 ・ FINN-kode: 447445378