Bildegalleri
Erfaren med hest og søker gardsferie?
Ønskes kjøpt
123 kr
Beskrivelse av varen
På garden Årtun i Åkra, Kvinnherad (Vestland) bur det to fine varmblodstravarar som treng feriepass helga 8.-10. mai 2026 (og gjerne nokon dagar i forkant). Me ser difor etter deg/dykk som er erfaren med hest og har lyst til å kombinera det med å bu i huset vårt på garden i dette tidsrommet. Passar for 1-2 personar.
Arbeidsoppgåver vil vera å sjå etter hestane først og fremst. Dei står anten ute på beite heile døgnet, eller så må dei kanskje inn på natta. Nett no er ikkje hestane særleg i bruk (den eine kom av travbanen for eit par veker sidan og må få ''landa'' på garden), men det kan godt hende dei kan brukast til turridning når sommaren kjem. Det er kårfolk på garden, men dei ser også etter sauer, høns og kattar. Så det er ønskeleg med nokon som vil ta seg av hestane.
Me tilbyr eige gjestesoverom med tilhøyrande bad, og fri bruk av stove og kjøken. Garden har tilhøyrande støl som kan besøkast. Oppdraget er løna. Send melding for meir informasjon!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 18.1.2026 kl. 20:50 ・ FINN-kode: 446819704


