Bildegalleri
To stk mandolin til sals. Svensk Levin og kinesisk bygd Ashbury F modell
Til salgs
3 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Eg sel to mandolinar. Begge passar godt for nybyrjarar som ønskjer eit fullt spelbart instrument utan å betale for mykje. Levin-mandolinen kan i tillegg reknast som eit samlarobjekt, men er òg i fint spelbar stand.
⸻
T. V. Levin mandolin – ca. 1930-talet
Herman Levin, Göteborg
Ei sjeldan og fin mandolin frå 1930-talet. Ikkje la deg lure av den spraglete finishen: bakside og sider er i behandla finér, medan lokket er i gran. Instrumentet er lett i vekt, har låg action og eit gripebrett som held seg stabilt. Ho er lettspelt og fullt brukande slik ho er i dag.
Stemmeskruene er overraskande gode til alderen. To av dei går litt tregt, men ikkje meir enn at stemming går heilt fint – eg har difor ikkje sett behov for smøring.
Det finst nokre aldersrelaterte utfordringar: éin tonebjelke inne i instrumentet har tørka og sprukke, og det er nokre sprekkar i limskøytar mellom platene. Dette er enkle og udramatiske reparasjonar for ein instrumentmakar.
Det har vore spekulert i om dette kan vere eit instrument Levin-byggeren laga til seg sjølv, men dette er sjølvsagt ikkje dokumentert.
Seljast utan kasse.
Pris: 4 000 kr eller høgste bod
⸻
T.H. Ashbury JMF-150
(kinesisk produksjon)
Kjøpt hos Hobgoblin Music i London i 2006. Her meiner eg at lokk og sart er i utskjært lønnetre, baksida er i to delar samanlimt. Mandolinen kling fint og har polert topp slik f-5 instrumenter skal ha, om enn litt tynn bass slik dei pleier å være på slike billigere F modeller. Mandolinen treng nokre justeringar for å bli heilt optimal:
• sadelen bør justerast med nedfiling for lavere action på lågaste band
• anten lågare stol, eller sliping av foten på eksisterande stol
Med desse tiltaka får ein lågare action og ein svært god bluegrass-mandolin, særleg godt eigna for nybyrjarar. Ein instrumentmakar vil normalt kunne gjere dette for ein rimeleg kostnad.
Det følgjer med ei lett og solid kasse med formstøypt plass til instrumentet, samt ein Bullwhip-stropp i ekte lær som du fester i reimknotten og løkker rundt kanelsnurren.
Pris: 3 000 kr eller høgste bod.
Kjøper betalar frakt, eg tek ikkje risiko for sending.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.1.2026 kl. 21:52 ・ FINN-kode: 446308570

