Bildegalleri
Jaktgolden/ Golden Retriever ønskes - gjerne omplassering
Ønskes kjøpt
Beskrivelse av varen
Vi er eit par i 30-åra som bur på småbruk på Tynset, og ser etter ein jaktgolden eller golden retriever som kan få ein trygg, stabil og varig heim hos oss.
Dette vil vere vår første hund saman som par, men vi kjem begge frå familiar med hund og har god forståing for ansvar, trening og kvardagsliv med hund. Vi ønskjer ein hund som allereie har eit godt grunnlag og som trivst tett på folk.
Eitt av hovudmåla våre er å bruke hunden til jakt, og på sikt mulig ettersøk. Vi ønskjer ein hund som har jaktlyst og som fungerer godt som familiehund.
Vi bur landleg til med god plass, lite trafikk og trygge omgjevnader.
Vi ser etter ein hund som:
• er snill og trygg, utan utprega atferdsproblem
• går godt saman med barn og andre hundar
• er husrein
• kan grunnleggande innkalling
• kan vere ung eller vaksen – omplassering er veldig aktuelt
• gjerne har jaktlinjer eller arbeidslyst (men dette er ikkje eit absolutt krav)
Tidspunkt:
Vi ønskjer overtaking frå sommaren 2026 om mogleg. Vi er opne for ei gradvis overgang dersom det er best for hunden.
Har du ein hund som av ulike grunnar treng ein ny heim, og som du trur kunne fått det godt hos oss, tek vi svært gjerne ein uforpliktande prat. For oss handlar dette først og fremst om å finne rett match – med hunden sitt beste i fokus.
Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg samtale og meir informasjon!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.12.2025 kl. 22:26 ・ FINN-kode: 443490488