Bildegalleri
Black Crows Anima 189 cm m/ G3 Zed 12
Til salgs
7 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Lengde: 189 cm
Dyret frå Black Crows. Desse skia kjenner ingen fartsgrense, og med 115 mm under foten flyt du uanstrengt i den djupaste laussnøen. Ein radius på 19 m og spenn under foten sørgjer for at skia også bit på hardare underlag. Skia er tilnærma ripefri (nærbilete av to små riper) og svært fint brukte. Har stått lagra med voks. Bindingen har fungert feilfritt, veg berre 345 g og har 10 mm framovertrykk. Sjølvreinsande innsteg gjer det lett å trakke inn og hindrar isoppbygging. Alle justeringsskruar er like, dermed brukar ein eitt verktøy til alt, og 30 mm lengdejustering på bakbindingen gjer at den har mykje å gå på før bindingen må flyttast. Mine sko er str 29, 327 mm. Hentast i Molde eller på Sunnmøre, eller eg sender i posten.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.1.2026 kl. 21:52 ・ FINN-kode: 443283167
