Bildegalleri
Zoom H5 Studio opptakar, lite brukt
Til salgs
Frakt fra 39 kr + Trygg betaling 197 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Eg sel min kjære Zoom H5 Studio med 32 bit float opptaks-moglegheit. Det er ein solid opptakar som har tent meg vel den korte perioden eg har hatt han. Eg har tatt opp både live-konsertar, lydlanskap og intervju, og resultata har vore gode: opptakaren har fanga lun og varm lyd både i den låge og den høgare enden av frekvensspekteret. Preampene er av høgare kvalitet enn dei fleste andre zoomopptakarar, noko som gjer at ein får klar lyd med eksepsjonelt lågt noise floor. Displayet er intuitivt og lett å navigera. Det har vore ein stor fordel dei gongane eg har måtte rigga til og starta opptak raskt. Avspeling gjennom hovudtelefonar gir skarp lyd, og det er enkelt å justera gain med dei fysiske knottane.
Einaste klaga mi er at vindhetta til XY-miccen ikkje isolerer så godt. I vêret her på vestlandet har mikrofonen hatt ein tendens til å plukka opp vindstøy. Vindhetta til shotgun-kapselen har derimot fungert betre.
Opptakaren er kjøpt sommaren 2025 og har ikkje ingen bruksskadar. Det følger med ein case, men til ein annan modell, så sjølve XY-mikrofonkapselen får ikkje plass. Opptakaren sit i alle fall trygt.
Grunnen til at eg sel opptakaren er fordi eg har skaffa meg ein opptakar med fleire XLR-inngangar som dekker mine behov betre.
Zoom H5studio Handy Recorder NY PRIS: 4 490 NOK
Zoom SSH-6e Stereo Shotgun Mic NY PRIS: 1 469 NOK
Zoom APH-6e NY PRIS: 559 NOK
Vindhette følger med til både XY-mic og SSH-6e Stereo Shotgun mic.
Eg sel alt samla.
**********************************************************
Her er ein eller annan amerikanar som gir si vurdering av Zoom H5 Studio:
https://www.youtube.com/watch?v=aLAlbjFzmCU
Her er ein annan amerikanar som demonstrerer lyden i ulike situasjonar:
https://www.youtube.com/watch?v=JAQrFtb_1Jg
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.12.2025 kl. 21:22 ・ FINN-kode: 443138477
