Bildegalleri
Marius Hægstad: Vestnorske Maalføre fyre 1350, i to bind
Til salgs
Frakt fra 39 kr + Trygg betaling 45 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Bind 1: Nordvestlandsk
Bind 2 inneholder to bøker: Innleiding: Latinsk skrift i gammalnorsk maal, og Sudvestlandsk Rygjamaal. Den siste er dedikert til Sokneprest Solheim med helsing frå forfattaren.
Christiania 1906, 1907 og 1915
I god stand, men flere understrekninger i blyant.
Selger også fra samme forfatter et bind om Gamalt trøndermaal, se mine andre annonser.
«Marius Hægstad var professor i nordisk språkvitskap, og han hadde mykje å seia også som bladmann, venstrepolitikar og stridsmann for landsmålet.
Hægstad hadde både aust- og vestnorsk blod i årane. Far hans, Ole Hægstad, kom frå ein gard på Øvre Eiker, men hadde studert og vorte cand.jur. Mora var dotter åt ein handelsmann på Larsnes ved Ålesund. Sonen Marius vart fødd i Borgund, men voks opp i Davik og Bergen. Han gjekk på latinskule i Bergen og tok examen artium 1869. Deretter las han til andreeksamen. 1872 studerte han ei tid i Oxford hjå fonetikaren Henry Sweet, og han vart kjend med Max Müller, som var professor i samanliknande språkvitskap. Eit års tid las han så germansk filologi på eiga hand i Bergen.
1899 vart han professor i “landsmaalet og dets dialekter” ved universitetet i Kristiania, eit nytt embete, som 1917 vart omdøypt til professorat i nordisk målvitskap. Hægstad sat i professoratet til 1920, men hadde førelesingar i to år etter det.
Hovudverket hans, Vestnorske maalføre fyre 1350, på meir enn 1000 dryge sider, er bygt på eit noggrant studium av gammalnorske tekster, særleg brevlitteratur. Dei siste delane av verket kom posthumt 1935–42. Hægstad skreiv mange mindre utgreiingar om spreidde emne.
Som normeringsmann la Hægstad vekt på tradisjonen. 1898 sette departementet ei nemnd av Hægstad, Rasmus Flo og Arne Garborg til å drøfte landsmålet med tanke på å få ei meir einskapleg norm. Året etter kom nemnda med Framlegg til skrivereglar fyr landsmaalet i skularne, men tilrådinga var kløyvd. Hægstad ville gjera berre små inngrep i Aasen-normalen. Flo og Garborg laga derimot Midlandsnormalen, ei norm bygd på dialektane frå Telemark til Gudbrandsdalen. Rådgjevarane Matias Skard og Lars Eskeland ville ikkje følgje dei to, og 1901 vart Hægstad-normalen fastsett for skulen, men Midlandsnormalen vart tillaten som sideform. Som medlem av rettskrivingsnemnda av 1916 var Hægstad med på framlegget i 1917, men tok nokre atterhald i eit særvotum. Saman med Hjalmar Falk laga han retningslinene for namnsetjing av kart frå Noregs geografiske oppmåling (1912–13), framlegg til inndelingsnamn (1914–16) og bynamn (1918).
Hægstad stridde for målsaka heile livet. Då Bjørnson opna felttoget mot landsmål 1899, fekk han svar av Hægstad. På den fyrste store stemna for landsmål 1906, innleidde Hægstad til ordskifte om “Norsk stil til studenteksamen”, og han vart den fyrste formannen i Norigs Maallag. På eit målmøte 28.1.1912 heldt Hægstad den tala for statsminister Konow som gjorde at Konow takka i ei tale som førte til regjeringskrise.
I dei siste leveåra sine vart Marius Hægstad heidra som den store målhovdingen.»
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.12.2025 kl. 11:44 ・ FINN-kode: 442515219


