
Bildegalleri
Helsing Alfred. Eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev.
Til salgs
110 kr
Beskrivelse av varen
Boken "Helsing Alfred. Eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev." Redaksjon ved Jakob Aano. Utgitt i 2000. 376 sider.
Selges for 110,- kroner
Porto: 69,- kroner (Postnord)
-----------------------------------
Alfred Hauge var ein norsk forfatter og ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Forfattarskapen hans krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål, og mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson. Dei fleste av bøkene hans er skrivne på nynorsk, men Cleng Peerson-trilogien og romanen Mysterium er på bokmål.
Alfred Hauge var fødd i tidlegare Sjernarøy kommune (no Stavanger) i Rogaland og døydde i Stavanger. Han var elev ved landsgymnasa på Bryne og Voss og tok examen artium i 1935. Han tok lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1939. Hauge arbeidde i fleire år som lærar på Karmøy og i Stavern, før han i 1952–1953 var styrar for Ryfylke folkehøgskule. I 1945–1951 arbeidde han som litterær konsulent i Ansgar Forlag. Han var journalist i Vårt Land i 1951–1952 og frå 1953 til 1983 i Stavanger Aftenblad. Hauge var bror av Kolbjørn Hauge.
Hauge debuterte i 1941 med romanen Septemberfrost, eit folkelivsbilete frå åra 1812–14 og skreiv seinare ei lang rekkje romanar, mellom anna Guds vandringsmann (1947), Året har ingen vår (1948), Vegen til det døde paradiset (1951), Kvinner på Galgebakken (1958). Dei fleste omhandlar religiøse problem. Han skreiv òg reiseboka Gå vest (1963), barnebøker og dikt. Hauge gav òg ut skodespelet Morten Kruse (1975) og ei samling skisser og brev, Fabelskip (1974). Flinta-Lars (1985) og Det gamle Jæren (1986) er interessante kulturhistoriske arbeid frå det gamle Jæren.
Gjennombrotet kom med Året har ingen vår (1948), første boka i trilogien om Lølandsfolket. Dei tre romanane om Cleng Peerson dannar ei gruppe for seg. Dei handlar om reisa hans til Amerika og «sluppefolket» sine opplevingar i det nye landet, med undertitlane Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965). For den siste fekk Hauge Litteraturkritikarprisen.
Etter utvandrarbøkene om Peerson gav Hauge ut Utstein Kloster-syklusen. I 1967 kom den eigenarta romanen Mysterium, og i 1968 Legenda om Svein og Maria, som utgjer første del av syklusen. Serien inneheld elles ei rekkje eksperimentelle bøker i mange sjangrar, inkludert «århundre-trilogien» Perlemorstrand (1974), Leviathan (1979) og Serafen (1985). Parallelt skreiv han dei sjølvbiografiske bøkene Barndom (1975), Ungdom (1977) og Manndom (posthumt, 1999).
Hauge voks opp innanfor for den kristne lekmannsrørsla, og i dei første bøkene hans, til dømes i Tuntreet blør (1942) og Storm over Siglarholmen (1945), er impulsane frå den kristelege oppbyggingslitteraturen tydelege. I heimemiljøet var det skepsis til kulturlivet, og i den tidlege forfattarskapen handlar det om å rydde rom for eit opnare kultursyn. Hauge hadde heilt frå starten ein krass realisme og ein motvilje mot å harmonisere bort lidinga.
I somme av romanane skriv han òg om korleis forteiing og hykleri kan utvikle seg når ein føyer seg etter konvensjonar ein ikkje trur på (Ingen kjenner dagen). Men Hauge ville òg forsvare landsdelen sin mot fordommar og klisjear om religiøs undertrykking, noko han formulerer i boktittelen Det lyse fastland (1965). Etter kvart formulerte han eit kulturope syn, kombinert med stor lojalitet mot eigen bakgrunn.
Bøkene til Hauge går igjennom ei sterk formell utvikling. Dei første bøkene er enkle, tradisjonelle forteljingar, med ein særleg krass realisme. Men alt Vegen til det døde paradiset (1951) viser at Hauge har behov for friare tyglar, og i denne boka tek han i bruk fabel- og legendestoff.
Tidleg i 1950-åra gjennomlevde han eit samanbrot, knytt til konflikt mellom skriving og arbeidsliv. Desse erfaringane vart ei kjelde til seinare bøker, og han hadde dermed behov for å bryte ut av den realistiske romanforma. Alt i Cleng Peerson-bøkene tek han inn nokre innslag der Cleng opplever indre visjonar. I Mysterium (1967), den første boka i Utstein Kloster-syklusen, er heile boka ei vandring gjennom hallusinatoriske bilete.
Dette fører han vidare i den eksperimentelle diktsamlinga Det evige sekund (1970), som vil fortelje om «det uvanlege» som har oppsøkt han. Boka er forma etter vekedagane, etter mønster frå barokken. I formidlinga av det visjonære stoffet fekk han òg bruk for ein revisjon av forteljarinstansen i romanane sine, og han var truleg den første i etterkrigslitteraturen som gjekk tilbake til ein synleg, kommenterande forteljar. I Perlemorstrand gjer han også lesaren til ein instans i teksten, omtalt som «medarbeidar». Dei tre bøkene i «århundre-trilogien» har sinnrike komposisjonar av tidsplan, forteljarar og språkformer og må karakteriserast som nyskapande i norsk prosadikting.
Hauge skreiv i mange sjangrar. Han var innom dramatikk, skreiv fleire diktbøker og gav også ut fleire samlingar med journalistiske tekstar. Han var likevel først og fremst forteljar, og han hadde alltid eit stoff han ville formidle. Det handla om oppvekst i Ryfylke i mellomkrigstida, kulturelle konfliktar for ein bondestudent, forfølginga av kvekarar og utvandringa til Amerika, eller reiser i sinnet. Det same prega reportasjebøkene hans. Nokre av bøkene hans nådde også langt ut. Cleng Peerson-bøkene vart selde i over 100 000 eksemplar.
Hauge var òg ein allsidig journalist, og Nistekorg for eit nytt hundreår (1995) er eit utval av artiklane hans. I Norsk Litterær Årbok 1966 skreiv Hauge Ein romanserie tek form. Om Cleng Peerson-trilogien og gav ut boka Cleng Peerson i 1983.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.12.2025 kl. 13:50 ・ FINN-kode: 442151702







