Bildegalleri
Dødsleia og livsnerven: krigsforlis på norskekysten 1940-1945 Av Gunnar Grytås
Til salgs
Frakt fra 19 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Om boken
Skipsleia langs kysten blir rekna for å vera ein trygg måte å ferdast på, stort sett innanskjers og godt skjerma. Under andre verdskrigen endra det seg dramatisk. «Riksveg 1» og livsnerven mellom kystsamfunna vart til ei «dødslei» med i gjennomsnitt eit krigsforlis i veka.
Her ofra 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar livet. Dei vart offer i ein brutal sjøkrig. I dødsklemma mellom vener og fiendar var det ikkje til å unngå at dei fleste mista livet i allierte angrep. Likevel gjorde heimeflåten vår ein enorm innsats for å få folk trygt fram og for å sikre livsviktige forsyningar til heile kysten. Fordi dette måtte skje i eit samarbeid med tyskarane, vart heimeseglarane, heilt ufortent, gløymde heltar i etterkrigshistoria. Dei som reiste med båtane under krigen, var eit tverrsnitt av kystfolket. Menn og kvinner, gjerne saman med barn, men også tyske soldatar og gestapoagentar. Side ved side møtte dei døden, saman kjempa dei for livet. Særmerkt, nytt og oppsiktsvekkande i denne historia er forteljinga om den store sivile innsatsen for å redde menneske frå å døy på havet.
Dette er ei skakande forteljing om store menneskelege tap, men også om heltemodig innsats frå heilt vanlege folk langs kysten.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.10.2025 kl. 14:03 ・ FINN-kode: 434280505




