Bildegalleri
Den gylne mellomvegen: tema frå Venstres historie 1905-1940 Av Leiv Mjeldheim
Til salgs
Frakt fra 25 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Om boken
Venstre var regjeringsparti i meir enn halvparten av perioden 1905.40 og sette sitt preg på norsk politikk under leiing av to profilerte førarar: Gunnar Knudsen og Johan Ludwig Mowinckel. Etter 1905 søkte Venstre å rydda seg eit breitt rom i det politiske sentrum og følgja ein «gyllen mellomveg» mellom Høgre og det raskt veksande sosialdemokratiske partiet. Boka fortel historia om korleis Venstre møtte utfordringane langs denne vegen i ein periode da interessekampen og dei sosiale motsetningane i samfunnet hardna til. Under Gunnar Knudsens leiarskap nådde partiet eit høgdepunkt i veljartilslutning og styringsmakt, men medgangen kulminerte under første verdskrigen, og partiet tapte stadig terreng ved vala i mellomkrigstida. Med Johan Ludwig Mowinckel som strateg greidde det likevel å hevda seg i det parlamentariske spelet om regjeringsmakta inntil 1935. I opposisjonsrolla dei følgjande åra la Venstre bort regjeringsambisjonane og vart i høg grad støttespelar for det sigrande Arbeidarpartiet. . Framstillinga i boka er inndelt tematisk så lesarane kan velja ut emne av spesiell interesse.
Leiv Mjeldheim er professor emeritus i historie ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut mellom anna Parti og rørsle. Ein studie av Venstre i landkrinsane 1906.1918 (1978) og Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984).
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.10.2025 kl. 11:22 ・ FINN-kode: 433685482
