Bildegalleri
Samsung Galaxy Note20 Ultra 12/512 GB
Til salgs
5 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Samsung
Lagringsplass: 512 GB
Modell: Galaxy S20-S22
Eg sel den trufaste mobilen min med eit tungt hjarte. Dette er ein Samsung Galaxy Note20 Ultra, toppmodellen i Galaxy 20-serien. Eg sel mobilen sidan den eigentleg er litt for stor for meg, men eg kjem til å sakne S Pen, den utrulege skjermen, og eit heilt fantastisk kamera. Ingen andre mobilar eg har brukt, har hatt betre kamera (og iallfall ikkje optisk zoom!) enn denne.
Den har enormt med lagringsplass (512 GB) og mykje arbeidsminne (12 GB RAM), og støttar 5G med eSIM.
Test hos tek.no (9,5 av 10): https://www.tek.no/test/i/K3Qpyy/nye-galaxy-note-lever-opp-til-den-svindyre-prisen
Test hos digi.no: https://www.digi.no/artikler/test-note-eller-ikke-note-det-er-sporsmalet/497679
Spesifikasjonar
- Modell: Samsung Galaxy Note20 Ultra
- Nypris: 16 499 kr
- Lagring: 512 GB intern lagringsplass
- Minne: 12 GB RAM
- Skjerm: 6,9″ Dynamic AMOLED 2X, QHD+, 120 Hz
- Mobilnettverk: 4G og 5G, Dual SIM, eSIM
- WLAN: WiFi 6
- Kamera: 108 MP + 12 MP telefoto + 12 MP ultravid + 10 MP frontkamera
- Video: 8K@24fps, 4K@30/60fps, 1080p@30/60/240fps, 720p@960fp
- Batteri: 4500 mAh
- Prosessor: Exynos 990
- Farge: Mystic Bronze
- Vekt: 208 g
- Anna: Støtte for 5× optisk zoom, laser autofokus, mikro-SD kort opp til 1 TB, støttar Samsung Dex: kople mobilen til ein skjerm, så har du ein PC i lomma.
Les fleire spesifikasjonar her: https://www.gsmarena.com/samsung_galaxy_note20_ultra_5g-10261.php
Tilstand og tilbehør
- Telefonen er pent brukt, men sjå gjerne på bileta.
- Skjermen er fin og fungerer som han skal
- Alle knappar og funksjonar er testa og fungerer
- S Pen følgjer med og fungerer, men er i ein heilt okei kosmetisk tilstand. Ny original penn kan kjøpast for eit par hundre kroner.
- Mobilen er ikkje låst til operatør.
Lader og deksel kan følgja med mot eit tillegg.
Skjermbeskyttar
Ingen skambud! Om eg ikkje får akseptable bud, kjem eg til å ta vare på mobilen sjølv. Men eg ønskjer å gjera eit forsøk på å gje mobilen eit nytt liv hos nokon andre fyrst.
Mobilen kan sendast eller hentast i Oslo.
Alternativt kan eg levere kor som helst i Oslo mot eit lite tillegg eller i nabokommunane etter nærmare avtale.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Søkeord:
Samsung Galaxy Note20 Ultra, Note 20Ultra, Note 20 Ultra 512 GB, Galaxy Note, 512 GB, 512GB, 256 GB, Note20 Ultra Oslo, S-Pen, 5G, kamera, Android, S20 ultra, 20 Ultra, Note S20, NFC, UWB, ANT+, AOD, Always on display, Oslo, Android
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.10.2025 kl. 23:48 ・ FINN-kode: 430022399
