Bildegalleri
Rotter vurdert omplassert
Gis bort
Beskrivelse av varen
2 tamrotter, brødrepar av typen dumbo, med fargevariant "siamese", fødde i januar 2025, vert gitt vekk til nokon som har tid og anledning til å ta seg godt av dei.
Me kjøpte rottene på dyrebutikken på Vestkanten påsken 2025, og sjølv om dei er søte og morsomme ser me oss nøydde til å finna ein ny heim til dei. Dette som skulle vera eit felles familieprosjekt har ikkje fungert så godt, og me er óg i ein vanskeleg livssituasjon pga. langvarig sjukdom.
Dei heiter Gomle og Klatre. Dei er sosiale, nysgjerrige og morsomme. Dei likar å lufta seg ute av buret, og dette er noko dei har behov for kvar dag. Dei er vane med handmating, men me har dessverre ikkje klart å temma dei heilt, så dei kan bita litt. I fylgje andre rotteeigarar skal dette gå an å læra dei av med, men me har ikkje vore flinke nok til å øva.
Buret, Midwest critter nation, vart kjøpt nytt av oss for 4500 - dette kan kjøpast til halv pris(har kvittering). Les meir her:https://www.vetzoo.no/produkt/midwest-smadyrbur-91x61x160-cm-P111715?pid=111715
Om ein ikkje vil kjøpa dette buret, ynskjer me dokumentasjon på at du har eit bur som er stort nok (sjå siste bilde). Ved kjøp av buret me har, kan det elles fylgja med utstyr som flasker, matskåler, toalett, matter og diverse leiker. Hengekøyene kan óg kjøpast rimeleg (har óg mange nye). Reisebur har me óg, som kan kjøpast rimeleg.
Ta kontakt om du har spørsmål eller vil helsa på dei. 😊 Ny eigar må helsa på oss og rottene i forkant av overtaking.
Me vil prioritera nokon som vil ha både rotter og buret dei er vane med. Dette er rekna som det beste buret.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 18.10.2025 kl. 18:41 ・ FINN-kode: 429499513
