Bildegalleri
(1/11)
Aagot Noss. Laging av kvinne- og mannsbunader i Setesdal
Til salgs500 kr
Beskrivelse
Aagot Noss. Laging av kvinne- og mannsbunader i Setesdal. Utgjeve av Norsk Folkemuseum, Oslo 1979.
Bunader i Setesdal
I Setedal var folkedraktene i bruk langt utpå 1900-talet. Kvinnene gjekk i stakkeklede som endra seg lite over tid. Mannfolka skifta frå plissert knebukse til lange bukser i første del av 1800-talet.
Setesdølane sin dans, spel, kveding og stevjing står på UNESCOs liste over immatriell kulturarv. Dette er nært knytta til bruken av bunad der dei har rike tradisjonar.
Draktforskaren Aagot Noss var på feltarbeid i Bykle og Valle i åra 1965 til 1971 for å dokumentera kvinnedrakta. Ho gjekk frå gard til gard og snakka med folk om kledskikk. Gunhild Lyngtveit viste på film koss ho sydde kvinne- og mannsbunad (Bunadsying i Setesdal) og Gyro Nesland let seg filme då ho tok på seg hovudbunad (Hovudbunad frå Bykle).
Aagot Noss var ein norsk forskar, filolog og forfattar. Gjennom utstillingar, publikasjonar, avhandlingar, førelesingar og eit aktivt virke i Landsnemnda for bunadsspørsmål (no Norsk institutt for bunad og folkedrakt) fekk ho ein velfortent posisjon som einaren i norsk folkedraktforsking.
Bakgrunn
Aagot Noss vart fødd i Hallingdal og vaks opp delvis hos besteforeldra sidan mora døydde i barsel då Aagot vart fødd.
Besteforeldra meinte det var viktig at Aagot og søstrene fekk utdanning og kunne stå på eigne bein, og i 1955 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo. Fagområdet var norsk med engelsk, med historie og pedagogikk som støttefag.
I 1956 vart Noss tilsett som stipendiat ved drakt- og tekstilavdelinga ved Norsk Folkemuseum. På denne tida starta Folkemuseet opp den store registreringa av draktskikk og Øvre Hallingdal vart vald som prøveområde. Noss snakka dialekten, hadde eit godt kontaktnett og fekk ansvar for registeringa.
Dette vart starten på ein viktig del av den norske bunadshistoria. Aagot Noss reiste i mange år omkring i bygdene der folk framleis gjekk tradisjonelt kledd, og kjeldematerialet ho samla har vore av uvurderleg verdi for både hennar eiga og andres forsking.
Ho var ei lågmælt kvinne som ofte kom syklande, skreiv nynorsk og snakka dialekt. Ho var oppteken av at den som eigde plagget eller demonstrerte teknikken skulle vere midtpunktet, ikkje ho sjølv eller studentane ho etter kvart hadde med. Slik fekk ho tillit hos dei ho besøkte, og totalt registrerte ho fleire tusen plagg. Feltarbeidet vart utført på sumarstid og så vart det katalogisert og sett i system på vintrane.
Ho hadde heile yrkeskarriera sin knytt til Norsk Folkemuseum, mellom anna som fyrstekonservator og leiar for drakt- og tekstilavdelinga. Ho gjekk av med pensjon i 1994.
Noss var fast medlem i Landsnemnda for bunadsspørsmål frå 1967, og sat i rådet i 40 år, til 2007. Ho var leiar av nemnda i mange år og var delaktig i omorganiseringa av nemnda på 1980-talet.
Noss fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1994 og vart utnemnt til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden i 2002.
Publikasjonar
Dei fyrste store publikasjonane hennar handla om eldre kunstnarars avbildingar av norske folkedrakter, dette var emne som fylgde henne gjennom heile forskarkarrieren. Boka Nærbilete av ein draktskikk, som handlar om klesskikken for kvinner i Øvre Hallingdal, er den mest omfattande monografien over eitt draktområde som er laga nokon sinne.
Hovudplagg har tema for fleire av bøkene, fyrst i Lad og krone, som er eit oversyn over brudehovudplagg i det meste av landet. Ho skreiv òg om folkedrakttradisjonane i både i Vest-Telemark og Tinn.
Noss var òg bidragsytar til rundt ti filmar om håndarbeidsteknikker og om dokumentasjon av drakttradisjonar.
Stakkeklede i Setesdal – Byklaren og valldølen 2008
Jølster og den gamle klesskikken 2005
Nordmandsdalen og draktene i Norgesbilleder – dansk-norske forbindelser 1700-1905. København 2004
Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark 2003
Sigdal museum – folkedrakter i malerkunsten – 26. mai-15. september 2002
Klesskikk i Tinn i Telemark – frå tinndølklede til tinnbunad : kvinneklede 1999
Krone og skaut: jente-, brure- og konehovudbunader i Hordaland 1996
Folk og klede – skikk og bruk – festskrift til Aagot Noss 1994
Nærbilete av ein draktskikk : frå dåsaklede til bunad 1992
Sylvsmeden Eivind G. Tveiten 1991
Lad og krone – frå jente til brur 1991
Norwegian immigrant clothing and textiles 1990
Folkedrakter i Noreg i andre halvdel av det 19. hundreåret – frå norske folkedrakter til amerikanske klede 1986
Adolph Tidemand og folk han møtte – studiar frå reisene i norske dalføre – akvarellar, målarstykke og teikningar 1981
Laging av kvinne- og mannsbunader i Setesdal 1979
Eit mellomalderplagg i levande tradisjon 1977
Statuane i Nordmandsdalen 1977
Bandlaging 1976
Draktfunn og drakttradisjon i det vestnordiske området frå vikingtid til høgmellomalderen 1974
Joachim Frichs draktakvarellar 1973
Johannes Flintoes draktakvarellar 1970
Høgtider og samkomer 1963
Ring eller send sms til 915 44 248 for å kjøpe.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 429115522 |
|---|---|
| Sist endret | 17.4.2026 kl. 14:01 |

















