Bildegalleri
Komplett 2-aksa solfølgertårn (2,5 kWp)
Til salgs
36 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Importerte eit solfølgjartårn til meg sjølv, og tok med eitt ekstra på lasset. Det ekstra sel eg no komplett som byggesett med panel og mikroinverterar. (Bileta viser mitt eige stativ som eg har lakkert mørkegrønt – pakken som vert seld er ulakkert/varmgalvanisert.)
Mikroinverterar gjev betre skuggetoleranse; skugge på eitt panel dreg ikkje ned dei andre.
Dette følgjer med:
- Varmgalvanisert 2-aksa solfølgjartårn (ny/ubrukt) som byggesett med styresystem og elektriske aktuatorar
- 6 × Trina Vertex S 415 W solcellepanel (totalt 2,49 kWp)
- 2 × Deye SUN1300G3 mikroinverterar med MC4-pluggar
- Stäubli MC4-pluggar og solcellekablar for skøyting
- Vind- og snøsensor
Eigenskapar:
- GPS-posisjonering og klokkestyring av to akser – følgjer sola gjennom dagen
- Nattstilling (flat) og trygg vinkel ved vind/snø
- Panelareal ca. 12 m²
Erfaring:
- På 50 dagar (midten av juli → starten av september) produserte mitt tilsvarande anlegg 530 kWh mot 1380 kWh forbruk – nær 40% dekning (inkl. elbillading og varmepumpe som kjølar).
- Kjelder på Google oppgjev 30 - 70% meir årleg energi med to-aksa solfølgjing enn fastmontert (avhengig av vinkel og himmelretning). 2,5 kWp kan såleis tilsvare anlegg på om lag 3,25 - 4,25 kWp i levert årleg energimengde.
- Kan kvalifisere til Enova-støtte.
Praktisk:
- Boltar til fjell følgjer ikkje med, men kan skaffast
- Hentast i Eikelandsosen
- Vekt ca. 180 kg, volum ca. 1,7 m³ – tilrår tilhengar og to personar
Ein kan sjå anlegget mitt i drift i Strandvik etter avtale; pakken som vert seld ligg på lager i Eikelandsosen.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.11.2025 kl. 14:02 ・ FINN-kode: 425704945
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt