Bildegalleri
Besøksheim Golden doodle
Til salgs
100 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
🐶 Søker besøksheim til Eira, 4 år – vår gode og glade golden doodle 🐾
Vi er på utkikk etter ein trygg og kjærleg besøksheim til vår fantastiske hund Eira – ei roleg, men leiken golden doodle som ikkje røyter. Eira er svært glad i både lange og korte turar, og trivst aller best saman med folk. Ho elskar kos, er tolmodig som få, og er veldig flink med born.
Vi ventar barn nummer to, og sidan kjæresten min er mykje borte i jobbsamanheng, hadde det vore godt å ha ein god besøksheim å lene seg på i ny og ne – anten for dagbesøk, helger eller korte periodar ved behov.
Om Eira:
🐾 Røytefri golden doodle
💖 Rolig, leiken og veldig glad i selskap
👧 Svært snill og tolmodig med born
🐕 Elskar både aktivitet og sofakos
🦴Trygg og roleg aleine
🎒 Vant med turar i skog og mark
Vi ser etter deg som:
🏡 Har eit trygt og roleg heimemiljø
🐶 Gjerne men ikkje nødvendigvis har erfaring med hund
👨 👩 👧 👦 Kanskje har eigne born, eller likar å vere med både born og dyr
🕓 Har tid og lyst til å stille opp av og til – fleksibilitet begge vegar
📍Bur i Sogndal
Me stiller med alt av utstyr og mat – det viktigaste for oss er at Eira får vere ein del av ein god kvardag når me ikkje alltid strekk til. Ho fortener det beste, og me håpar å finne ein eller fleire som vil få like mykje glede av henne som me har i den litt hektiske perioden me har i vente 💛
Høyrest dette interessant ut? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit møte med Eira!
Vennleg helsing
Erle Fjøsne Skartun
Sogndal
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.8.2025 kl. 12:26 ・ FINN-kode: 417687742