Bildegalleri
Godt brukt Logitech Z623 seljast billeg
Til salgs
400 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
Merke: Logitech
Sel eit godt brukt 2.1 høgttalarsystem frå Logitech med modellnamn Z623.
Eg har hatt det i ganske mange år no, og det har vore igjennom mykje. Til trass for dette fungerer lyden som det skal og er nettopp testa. Grunna utsjånaden og bruken vil eg seie det er ideelt til å ha i eit arbeidsrom, garasje, snekkarboda etc.
Det som fyl med er dei to høgtalarane med sine leidningar, suben med straumkabel, ein 2 meter lang aux-kabel, og to små gummiknottar som før var bein på undersida av suben, men som har løysna.
Dei siste tre åra har eg drive ein del med oppussing, og dette har vore med på å halde meg med selskap. Det har ført til at det både har fått maling og sparkelstøv på seg (sikkert inni også). Eg har vaska over alt med ein lett fukta klut, men det har absolutt potensial til å bli enda reinare og finare.
Av skader og småproblem som eg har identifisert har vi denne lista, men det kan hende det er meir kosmetisk som ikkje står her, eller som kjem fram av bileta:
- Den eine høgtalarleidninga er laus slik at den kan skubbast inn og ut. Det går heilt fint i bruk viss den står stille, men er sikkert lurt å prøve å feste den litt. Det er dette som er grunnen til at eg har markert annonsa som "Noen mangler / ødelagte deler".
- Generelt ein del riper og litt malingsflekkar både her og der
- Ei lita skade i yttermateriale på suben (slik at ein ser treverket under det svarte belegget).
- Sparkelstøv både her og der (blant anna inni holet på sida av suben).
- Dei to høgtalarane har fått ein del knall og fall.
Til trass for lista over så fungerer systemet altså som det skal.
Det er nok enklast å hente dette på Bøler på grunn av storleiken.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.9.2025 kl. 17:42 ・ FINN-kode: 416259163