Bildegalleri
Vil du bli ein del av Team Skauogard?
Til salgs
150 kr
Beskrivelse av varen
Team Skauogard ser etter forryttar og/eller hestepassar.
Eg ser etter nokon som kan komme 2-4 dagar i veka.
Forryttar: Du betalar for å ha hesten, 150 kr gongen. Du kan da bruke hesten som din eigen den dagen du har ho og velje aktivitet sjølv. Mogleg å reise på kurs og timar. Transport og kostnadar må ein da stå for sjølv. Utanom trening av hest, må ein gjere stallarbeid inne.
Hestepassar: Dette er gratis, men ein må da rekne med at det ikkje vert riding kvar gong, men også andre treningstypar. Alt av stallarbeid for begge hestane må gjerast, både inne og ute. Frå mai til september går hestane på sommarbeite og da er det nesten ingen stallarbeid ein må gjere.
Om deg
* Du er helst over 18 år, men eg kan vurdere 16+.
* Du har erfaring med hest. Du treng ikkje å ha erfaring med unghest, men du bør kunne ein del om hest frå før. Du må kunne ri i alle gangartar og kunne handtere hest frå bakken.
* Du likar å ri på tur, både i skritt og i fart.
* Du er snill og rettferdig, men bestemt.
* Du stiller opp som avtalt og gjev beskjed snarast når du ikkje kan.
Hestane
Moen Silja, 9 år, fjordinghoppe, ca. 146 cm
Silja er ute av trening pga graviditet og babytid hjå eigar, men har no så smått begynt å trene litt igjen. Ein må derfor rekne med ei fase med opptrening.
Silja er ein morosam og ærleg hest. Finn du dei rette knappane er ho ein draum å ha med å gjere. Ho treng ein bestemt, men venleg forryttar eller hestepassar. Ho går LC dressur og hoppar enkle baner med låge hinder. Ho elskar å jobbe når ho får masse ros. Silja er uredd og trygg ute på tur og går fint både aleine og saman med andre. Ho har starta ein del distanse, så ho klarer å gå lange turar når ho er i form til det.
Fenris Timantti, 3 år, fjordingvallakk
Fenris ser berre etter hestepassar pga hans unge alder. Han er ein storsjarmør som kjem deg i møte når du skal hente han. Fenris elskar kos og merksamd, men har sjølvsagt mykje igjen å lære. Han vart køyrt inn i fjor haust så det er mogleg å tømmekøyre han. Planen er å ri han inn neste år.
Om stallen
Hestane står heime på garden på Skauge/Myking i Alver kommune. Det er busstopp (Skauge sør) rett ved stallen, men bussen går ikkje veldig ofte. Det er best å køyre sjølv. Gode turmogleheiter. Me har ein liten grusbane til bakketrening og enkel dressuetrening. Om ein kan køyre hengar (B96 eller BE), er det mogleg å låne hengaren for å køyre til banen i Hordvik.
Søkjeord: fôrrytter, fôrhest
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.4.2026 kl. 10:58 ・ FINN-kode: 368813631
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt








