Bildegalleri
Ønsker garn i ull og bomull
Ønskes kjøpt
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Eg er ei hekle- og strikkeglad dame i min beste alder 😅 Synet sviktar stadig meir og eg er ufør. Men å skape noko gir meg så mykje så eg vil gjere det så lenge eg klarer.
Eg heklar små bamsar som blir gitt til barn i ambulansen i Fjaler/Lavik, strikkar og heklar til prematuravd. på sjukehuset i Førde og strikkar lappar til Ull&Omtanke Sunnfjord. Strikkar også sokkar, huer og diverse til Barnekreftforeininga, då mange frys under eller etter kreftbehandling.
Er det nokon som har restegarn eller garn som ikkje blir brukt og vil donere det til meg? Eg kan bruke det aller meste, men helst ull, alpakka eller bomull. Om eg har mottatt reint akrylgarn har eg brukt det til dokkekle til barnehagen eller sfo.
Kan betale frakt om nokon vil sende - elles kan eg hente i Sunnfjord/Ytre Sogn.
Takk 🥰
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.2.2026 kl. 20:38 ・ FINN-kode: 361731730















