Bildegalleri
Norsk Barneblad - fulle årgangar 1965-1980
Til salgs
175 kr
Beskrivelse av varen
NB! OPPDATERT! Årgangane 1972 og 1973 er selde no.
Norsk Barneblad kjenner mange av oss til, eg var abonnent i mange år! Det var vel dei "nynorske" folkehøgskuleforeldra mine som betalte ... No har eg desse årgangane til sals:
Fulle årgangar i samlepermar: årgang 1965, 1966, 1967 (med nokre rufsete nummer), 1968, 1969, 1980 - med Juletre.
Full årgang utan Juletre:1970.
I alt er dette sju årgangar.
For å gjere det enkelt, er prisen 210 per årgang for desse, dvs. 1470 kr, før muleg rabatt for nokon som kjøper mange.
Fulle årgangar utan Juletre og samlarperm:
1971, 1972, 1973, 1974 (minus nr. 17 og 24-25), 1975, 1976 (nr. 11 har fått feil årstal!), 1977, 1978, 1979 (minus nr. 17 og 26).
I alt er dette ni årgangar, ein god del av eksemplara er som nye. Prisen her er 150 per årgang, 1350 i alt, før ein eventuell rabatt.
Dette er sjølvsagt lesne og brukte blad, men i svært god stand. Dei fleste kjem frå ein abonnent på Ona på Romsdals-kysten og skulen der (folketalet no er 17 ...), og Romsdalsøya har vorte ein del av Ålesund kommune. Jaja.
Prisen for enkeltårgangar er den som står her, pluss frakt med Posten Noreg (ingen andre). Dersom nokon vil kjøpe heile samlinga på seksten årgangar, blir prisen for alle til saman 2100.
Prisen i hovudannonsa viser snittprisen for kvar årgang.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.2.2026 kl. 20:05 ・ FINN-kode: 357285668


