Bildegalleri
Trygt hundepass i heimen – turar, natur og god oppfølging
Til salgs
490 kr
Beskrivelse av varen
Heisann 🌸
Eg og hunden min Astrild tilbyr pass av hund i heimen.
Astrild er født nov 2021, veg ca 5 kg og er ei lita frøken med stor personligheit. Ho er vand med hundar i alle størrelsar og har gått fint saman med dei eg har passa tidlegare. Ho kan verka litt tøff i starten, men det er hennar måte å visa kem som er sjef🙃 Astrild er også trena som Røde Kors-hund (besøksvenn med hund) noko som har gitt ho god miljøtrening og tryggleik.
Eg bur vekselvis på Klepp og på familiegården i Maudal.
På gården har me store uteområde og rolege omgivelsar – perfekt for hundar som trivst med natur og fri leik (under oppsyn).
Hos meg får hunden:
– 3 daglege turar (kort morgon/kveld + lang tur midt på dagen)
– Mental stimuli, leik og mykje kos
– Trygg heim med katt og vaksen son (22 år)
– God oppfølging med bilete og video under opphaldet
For at opphaldet skal bli trygt og fint for alle, er det viktig at hunden din er komfortabel med min og kan gå greitt i band. Eg passar både små og store hundar, men har av omsyn til helse avgrensa moglegheit til å ta imot større hundar som drar mykje eller hoppar. Er hunden ein ung valp, kan eg derimot vera meir fleksibel og tilpassa etter alder og behov.
Eg legg stor vekt på god kommunikasjon før og under pass, og ønskjer å bli godt kjend med både hund og eigar. Fyrste møte tek eg gjerne på ein roleg gåtur før eventuell overnatting.
💰 Pris: Frå 490 kr per døgn
Eigne priser for valp.
Tillegg og depositum (helligdager/sommerferier) avtalast ved booking
Depositum trekkast frå totalsummen ved betaling. Ved avbestilling kan ikkje depositum refunderast.
📍 Finnast referansar frå tidlegare pass (bl.a. Rover – sjå bilete)
📸 Legg ved bilete av nokre av hundane som har vært hos oss
Ta gjerne kontakt dersom du trur eg (og Astrild 🐶) kan vera ein god match for hunden din 🐾🐕
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.1.2026 kl. 14:21 ・ FINN-kode: 285009110