Bildegalleri
Roleg, kreativ og omgjengeleg musikar (35) på utkikk etter ein heim
Nøkkelinfo
- Ønskes fra
- 01.06.2026
Boligtype
Hybel
Rom i bofellesskap
Ønsket område
Oslo
Gamle Oslo
Grefsen - Kjelsås
Grünerløkka - Sofienberg
Helsfyr - Sinsen
Marka
Sagene - Torshov
Sentrum
St.Hanshaugen - Ullevål
Uranienborg - Majorstuen
Beskrivelse
Hei!
Eg er er ein roleg og kreativ person som ser etter ein bustad der eg kan føle meg heime.
Eg vil gjerne bu saman med folk - eg er omgjengeleg og sosialt oppegåande, sett pris på gode samtalar og å slappe av heime åleine.
Kva får de?
Eg er ein omgjengeleg, ryddig og passe sosial fyr som er vant til å ta ansvar for omgivelsene mine. Har jobba mykje i bolig for bl.a. flyktningungdommar, eldre og psykisk utviklingshemma og er god til å rydde og vaske, utan at eg har støv på hjerna.
Eg er musikar, utdanna ved Jazzlinja på NTNU, og spelar forskjellige instrument, bl.a. munnspel, fele og trekkspel. Eg er glad i å spele heime OG enda meir glad i å ikkje plage folk, så det finn vi ut av! Men om lyd i heimen er no-go så er nok eg nok heller ikkje interessert:) Eg kjem nok uansett til å skaffe meg eit øvingsrom slik at mykje av øvinga skjer ute av huset.
Eg er svak for god kaffi, så kaffikverna og handbryggeutstyret mitt blir med på flyttelasset. Eg lagar gjerne kaffi til fleire enn meg sjølv, og utstyret stiller eg sjølvsagt til disposisjon for dei som vil.
Planen min er hovudsakleg å etablere meg som frilans musikar i byen. Eg har ein solid buffer, og har ein bachelorgrad i psykologi + erfaring frå ulike helsetiltak, og som vikar på skular/kulturskular, så eg er ikkje bekymra for å betale husleiga.
Eg har også jobba i snekkerbedrift (og har bygd eit eige minihus), så om de treng nokon til å henge opp bilder eller bygge plantekasse så stiller eg gjerne på dugnad!
Kva ser eg etter?
Eg ser vel mest etter eit «vaksenkollektiv» - kva no enn det er? Eg tenkjer ikkje nødvendigvis på alder, men meir det å kanskje vere ferdig med det hardeste studentlivet, og ei innstilling til å bu ein plass som kan kjennast meir heime enn midlertidig. Ein plass der vi rydder etter oss sjølve og gir kvarandre space og respekt og slækk og alt det der som gjer at vi kan slappe av heime:)
Det kan også vere aktuelt med andre boformer - f.eks. å bytte redusert leige mot vaktmeistertjenester. Eg har budd på mange forskjellige plassar, bl.a. i fast medleverleilighet saman med flyktningar, i eigensnekra minihus, og diverse kollektiv. Er open for kreative forslag! Har høyrt at enkelte bur i leligheter på sjukeheimar, der ein gjer ein innsats som ein del av husleiga. Det trur eg også at eg kunne ha passa til.
Eg er ikkje opptatt av høg standard, viktigare er at vi kan ha det heimekoselig, eg er glad i fargar, alt som er gjenbrukt, treverk og plantar.
De må gjerne sjekke ut musikken min;
https://www.sondreferstad.com/music
Ellers er det berre ringe og slå av ein prat om dette kan vere aktuelt.
Innflytting for meg er ikkje nødvendig før i august, men den rette heimen er verdt eit par doble husleiger, så ikkje nøl med å ta kontakt! Eg er i Oslo torsdag 28. mai, det hadde jo passa bra mtp visning. Kan flytte inn tidlegast i midten av juli.
Beste helsing,
Sondre
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Vi anbefaler å skrive kontrakt ved leie av bolig
Her finner du Forbrukerrådets husleiekontraktAnnonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. F ør bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.