Bildegalleri

Vassenden

Einebustad på Vassenden

Moderne einebustad med 3 soverom og mulig garasje

Prisantydning5 620 000 kr
Totalpris
5 640 000 kr
Omkostninger
20 000 kr
  • Planlegging

    Februar 2026

  • Salgsstart

    Mars 2026

  • Byggestart

    Etter avtale

  • Overtakelse

    Etter avtale

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Selveier
Soverom
3
Antall etasjer
2
Bruksareal
94 m²

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balansert ventilasjon
Balkong/Terrasse
Barnevennlig
Garasje/P-plass
Utsikt
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Skildring av bustaden

Drøymer du om å flytte inn i ein splitter ny bustad? Her får du moglegheita til å flytte inn i ein ny einebustad med moderne arkitektur og ei smart og praktisk 2 etasjes planløysing og mulighet for garasje.

Bueininga har eit areal på omlag 94 kvm. I tillegg har ein mulighet å tilføye bustaden ein garasje på 22 kvm og ei bod/sportsbod på 5 kvm. for kr 250 000,- ekstra. Bueininga inneheld tre soverom, entré, kombinert bad og vaskerom, loftstove, hems/kontor, toalett i andre etasje, samt stove med open løysing mot kjøkken. Frå kjøkken er det utgang til hagen.

Stova er romsleg og har plass til spisebord der vener og familie kan samlast. Ved behov for berre 2 soverom kan stova utvidast ved å opne veggen mot det eine soverommet.

Bustaden har eit takoverbygg mellom garasje og inngang.

Bustaden passar svært godt for deg som skal kjøpe din første bustad, eller ønskjer ein mindre bustad og samstundes ha ein liten hage.

Område og beliggenheit

Eigedomen ligg fint til i bustadområdet Furehogen på Vassenden i Sunnfjord kommune. Området er roleg og familievennleg med flotte naturomgjevnader og gode solforhold. Her bur ein i eit triveleg bumiljø med kort veg til både sentrum på Vassenden og spektakulær natur.

Vassenden ligg vakkert til ved Jølstravatnet, omgitt av høge fjell og storslått natur. Dette gir eit unikt utgangspunkt for friluftsliv året rundt – enten ein likar fjellturar, sykling, fiske eller ski.

Skule og barnehage i nærleiken
Frå bustaden er det kort veg til gode oppveksttilbod. Vassenden skule er ein kombinert 1.–10. skule med om lag 280 elevar og gode fasilitetar for både læring og aktivitet.

I området finn ein også barnehagetilbod som Vassenden Barnehage, med gode uteområde og naturen som nær leikeplass.
Dette gjer området svært godt eigna for barnefamiliar.

Kort veg til service og handel
Vassenden sentrum ligg berre få minutt unna med daglegvarebutikk, servicetilbod og ulike aktivitetstilbod.

Til regionsenteret Førde er det om lag 25 minutt med bil, der ein finn eit breitt utval av kjøpesenter, restaurantar, kulturtilbod, kino, treningssenter og offentlege tenester.

Aktivt kulturliv
Sunnfjord er også kjent for eit levande kulturmiljø med opplevingar for både små og store gjennom heile året. I Førde blir det arrangert fleire konsertar, arrangement og festivalar som trekkjer publikum frå heile landet. Mellom dei mest kjende er Førdefestivalen, ein av dei største festivalane for verdsmusikk i Europa.

Fantastiske moglegheiter for friluftsliv
For den som er glad i friluftsliv ligg bustaden svært godt til. Like i nærleiken finn ein Jølster Skisenter, eit familievennleg skisenter med fleire skiheisar, alpine nedfartar og preparerte langrennsløyper.

I fjella rundt Vassenden finn ein også ei rekkje flotte toppturar og randoneemoglegheiter. Området er eit perfekt utgangspunkt for ski- og fjellturar både vinter og sommar.

I tillegg ligg nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet innan komfortabel køyreavstand. Her har ein tilgang til fantastiske turmoglegheiter i og rundt nasjonalparkane Jostedalsbreen National Park som byr på nokre av dei råaste fjellområda i Noreg.

Avstandar og kjøyretid (ca.)

  • Vassenden sentrum / daglegvare: ca. 3 min (2 km)
  • Vassenden skule: ca. 4 min (2,5 km)
  • Barnehage: ca. 4 min (2,5 km)
  • Jølster Skisenter: ca. 10 min (8 km)
  • Førde sentrum: ca. 25 min (28 km)
  • Førde Airport Bringeland: ca. 35 min (34 km)
  • Turstiar og fjellområde: i nærområdet

Fordelar med å kjøpe heilt ny bustad

  • Skreddersydd bolig tilpasset dine ønsker og behov
  • Full frihet til å velge planløsning, materialer og arkitektur
  • Minimalt vedlikehold og topp moderne løsninger
  • Energismart bolig med lave driftskostnader
  • Ingen renovering eller oppussing
  • Trygg byggeprosess med fagfolk ved din side hele veien

Leveransebeskrivelse

Leveranseskildring
Veggar og himling:
Veggar i alle tørre rom er isolerte med ferdigmåla overflater. Som standard blir veggplatene leverte i kvit farge, men du kan velje mellom 11 andre fargar.

I himling i alle rom blir det levert ferdigmåla takplater i kvit farge.

NB: Det er kun mogleg å velje 3 fargar i tillegg til bomull.

Golv:
I tørre rom blir det levert 13 mm 3-stavs eikeparkett av typen kvitlasert eik.

I entré og bad/vaskerom blir det levert flislagde golv med varmekablar.

Listverk:
I alle rom blir det levert kvitmåla lister rundt dører og vindauge, samt langs tak og golv. Spikarhol etter montering vil vere synlege.

Garderobar:
Det blir ikkje levert garderobeskap. Garderobeskap/skyvedørsgarderobar er tilval og kjem som pristillegg.

Kjøkken:
Kjøkkeninnreiing i moderne stil med glatte fronter i kvit farge. Leverast og monterast av kjøkkenleverandør Norema/Sigdal. Integrerte kvitevarer er inkluderte i leveransen.

Bad:
På bad/vaskerom blir det levert veggar med rupanel og Wedi våtromsplater som underlag før membran og fliser. Veggfliser blir leverte i standardformat 30x60. På golv blir det levert fliser i storleik 30x30 med varmekablar. Det blir levert vegghengt toalett, dusj, eittgreps blandebatteri til servant, baderomsinnreiing type 60 cm med spegel, belysning og heldekkande servant eller tilsvarande.

Dører:
Inngangsdør blir levert med kvitt dørblad og karm, sylinderlås, vridar og nødvendig beslag. Balkongdør blir levert i kvit utføring med 3-lags energiglass. Glatte kvitmåla innerdører. Karm og MDF-utforingar blir leverte kvitmåla.

Elektrisk:
Det blir levert skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontaktar i kvit utføring. Automatsikringar, hovudsikring og målarar i eige sikringsskap. Tal på punkt blir levert i samsvar med NEK 400:2014. Synleg opplegg kan førekome.

Telefon / TV / breiband:
Det blir levert opplegg for fiber frå enivest. Kunde står sjølv for bestilling og tilkopling av telefon, TV og breiband.

Ventilasjon:
Det blir levert balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og reinsa luft blir tilført opphaldsromma. Anlegget skal vere i kontinuerleg drift for å sikre eit sunt og godt innemiljø med rett fuktbalanse.

Oppvarming:
Leilegheitene blir leverte med vedomn i stove, samt panelomnar i stove/kjøkken og soverom. Bad og entré blir leverte med varmekablar i golvet.

Utbyggjar
iStand AS er totalentreprenøren som tek seg av heile sals- og byggjeprosessen frå planlegging, prosjektering og oppføring fram til overtaking.

Fobehold om prisstigning og feil i anonsa.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode461772239
Sist endret11. mai 2026 13:23

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.