Bildegalleri
Leiliegheita ligg i eit moderne bygg, med trinnfri adkomst og venstvendt beliggenhet
Rundhagen i Veavågen
Ny vestvendt og solrik leiliegheit i Veavågen til salgs!
Prosjektets status
Planlegging
Klart for innflytting
Salgsstart
April 2026
Byggestart
Ferdig bygd
Overtakelse
Omgåande
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Selveier
- Soverom
- 2
- Internt bruksareal
- 92 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 97 m²
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Om bustaden
Her får du ein moderne og lettstelt bustad med ei gjennomtenkt planløysing. Dette er ei splitter ny leilegheit som aldri har vore teken i bruk!
Leilegheita ligg i første etasje i eit moderne leilegheitsbygg frå 2024, og inneheld gang, gjestetoalett, vaskerom/bod med gode oppbevaringsmoglegheiter, to soverom samt ei open stove- og kjøkkenløysing. I tillegg disponerer du ei utvendig bod.
Med store glasflater i stova, sikrar du godt med dagslys, og ein nydeleg utsikt mot vest. Den opne kjøkkenløysinga og kjøkkenøya skapar eit naturleg midtpunkt i rommet, og er ideelt for sosial matlaging.
Frå stova har du utgang til ein stor og delvis overbygd terrasse på 20 m². Her kan du nyte utsikt og kveldssol, og det delvis innglassa uteområdet sikrar utsikt i all slags vestlandsvèr.
Dette er ein perfekt bustad for deg som ynskjer ein ny heim med en kombinasjon av moderne komfort og attraktiv beliggenhet.
Om området
Veavågen er eit levande lokalsamfunn som kombinerer kystidyll, moderne servicetilbod og eit aktivt fritidsliv.
Her finn du alt frå daglegvarebutikkar, kafear og restaurantar til idrettsanlegg og kulturtilbod som Veavågen Kirke og Karmøy fiskerimuseum.
For dei som elskar aktivitetar og friluftsliv, byr Veavågen på:
- Sport og trening: Fotball, handball, innebandy, squash, klatring og treningssenter i Storhall Karmøy.
- Turliv og natur: Vakre strender som Åkrasanden, kyststiar og skogsområde perfekte for turar, sykling og naturopplevingar.
- Vassport og friluftsaktivitetar: Kajakk, SUP, fiske og rolege dagar langs kysten.
Veavågen er ikkje berre ein stad å bu – her kan du trivast, vere aktiv og nyte nærleiken til natur og sjø, samtidig som du har alt du treng av kvardagstilbod like ved.
Nyttige lenker
Nærområdet
Valvatne Bygg
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.