Bildegalleri

Storehaugen Larsnes

Storehaugen Larsnes - 4mannsbustad

Nye moderne leilegheiter med 3 soverom og terasse. Lettstelt, praktisk og prisgunstig!

Prisantydning2 990 000 kr
Totalpris
3 002 740 kr
Omkostninger
12 740 kr
  • Planlegging

    April 2026

  • Salgsstart

    No!

  • Byggestart

    Ved salg

  • Overtakelse

    Etter avtale

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Eieform
Selveier
Soverom
3
Antall etasjer
1
Energimerking
B - Lysegrønn
Internt bruksareal
64 m² (BRA-i)
Bruksareal
85 m²
Eksternt bruksareal
21 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
10 m² (TBA)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balansert ventilasjon
Balkong/Terrasse
Barnevennlig
Garasje/P-plass
Lademulighet
Offentlig vann/kloakk
Parkett
Peis/Ildsted
Utsikt
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Ny leilegheit frå ca 2,6 mill på Larsnes

Drøymer du om ein ny og moderne bustad til ein overkomeleg pris?

Denne bustaden vert tilbydd som del av vårt Prispressar-konsept, der målet er å levere nye bustader til ein rimeleg pris.

Gjennom smarte planløysingar, effektive innkjøp og kostnadseffektive materialval får du mykje bustad for pengane – utan å gå på kompromiss med kvaliteten.

Bustadene vert leverte med solid standard i samsvar med TEK17, slik at du får ein moderne, trygg og komfortabel bustad.

Fellesutgifter
Månadlege felleskostnader er stipulerte til om lag kr 800 per bueining det første driftsåret.

Fellesutgiftene omfattar mellom anna:

  • Forsikring av bygga
  • Snøbrøyting og strøing
  • Vedlikehald og sparing til sameiget


Kommunale avgifter kjem i tillegg.

Kven passar bustadane for?

Førstegongskjøparar
Her får du mykje bustad for pengane - moderne standard, eigne uteplassar og ein trygg veg inn i bustadmarknaden.

Unge par og småbarnsfamiliar
Med 3 soverom, praktisk planløysing og gode uteområde ligg alt til rette for ein enkel og god kvardag.

Vaksne / godt vaksne som vil bu smartare
Har borna flytta ut? Ønskjer du mindre hus, mindre vedlikehald, lågare bukostnader og meir til til reiser, fritid og familie? Då er dette eit godt alternativ.

Enten du skal inn på bustadmarknaden for første gong, etablere familie eller ønskjer eit enklare liv i ny bustad - dette er leilegheiter som treff mange behov.

Bustadane inneheld

  • 3 soverom
  • Lys og open stove/kjøkkenløysing
  • Flott bad
  • Praktisk entre / gang
  • Terasse / balkong
  • Sportbod
  • Parkeringsplass
  • Moderne standard
  • Mellomstrøk bordkledning
  • Energieffektive løysingar
  • Moglegheit for frittståande carport og sportsbod.


Ved tidleg kjøp kan du få moglegheit til å påverke fargar, materialval og enkelte løysingar, slik at bustaden blir tilpassa dine ønsker.

Tilvalsmoglegheiter

Kjem du tidleg inn i prosjektet, kan bustaden tilpassast etter dine ønskje.

Døme på tilval kan vere:

  • Utvendig carport tilknytt sportsbod
  • Varmepumpe
  • Farge på vegg og overflate på golv og fliser
  • Oppgradert innreiing på bad
  • Endringar i kjøkkeninnreiing
  • Tilpassingar i elektro-leveranse

Beliggenheit

Bustadane ligg fint til på Larsnes med kort veg til butikk, skule, barnehage, fritidstilbod og flotte naturopplevingar. Her bur du sentralt, men rolig.

Bygda har eit godt miljø og stor aktivitet gjennom året. Her finn du møteplassar, kulturtilbod, idrettslag og eit variert næringsliv. Dette gjer Larsnes til ein attraktiv stad å bu for folk i ulike livsfasar.

Interessert?

Ta kontakt med Elisabeth for meir informasjon, teikningar eller visning av tomta.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode460663683
Sist endret25. apr. 2026 15:32

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.