Bildegalleri
Velkommen til Rødstokken - Ny einebustad med god planløysing og tidsrette kvalitetar. Huset heilt til høgre i biletet er til salgs no
Rødstokken 2
Moderne einebustad i roleg strøk med sentral beliggenheit
Prosjektets status
Planlegging
-
Salgsstart
2026
Byggestart
2026
Overtakelse
6 mnd. etter signering av kontrakt
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Selveier
- Soverom
- 3
- Antall etasjer
- 2
- Internt bruksareal
- 96 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 96 m²
- Eksternt bruksareal
- 7 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 7 m² (TBA)
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
No har du moglegheita til å sikre deg ein moderne einebustad på attraktive Rødstokken – med flott utsikt over Sogndalsfjøra. Betobgarbeidet er allereie igong.
Bustadane får gjennomtenkte planløysingar, moderne standard og gode kvalitetar. Store vindauge og god takhøgd gir rikeleg med dagslys og ei luftig romkjensle.
Frå stove og uteplass kan du nyte utsikta mot fjorden – eit perfekt utgangspunkt for både kvardagsliv og gode stunder med familie og gjester.
Kort fortalt:
- 3 soverom
- Open stove- og kjøkenløysing
- Kvalitetskjøken frå Aubo
- Integrert garasje
- Store vindauge og god takhøgd
- Veranda med glasrekkverk
- Moglegheit for ekstra areal under carport
Her får du ein moderne bustad utan oppussingsbehov, med sentral beliggenheit og gode kvalitetar.
Bustaden har eit BRA-i på 97,2 m². I tillegg har huset eit BRA-e på 6,7 m²
Inngangen er på hovudplanet, der du kjem inn i ei romsleg entré med god plass til garderobe. På dette planet finn du stova med open løysing mot kjøkenet, samt eitt soverom.
Underetasjen inneheld to soverom, gang med oppbevaringsmoglegheiter, kombinert bad/vaskerom og ein stor og praktisk bod.
Huset har carport i tilknyting, i tillegg til ein stor sportsbod med inngang frå hagesida.
Kortfatta leveransebeskriving – innvendig
- Alle tørre rom får kostemåla veggplater i standardfarge. I alle tak vert det levert måla takplater i fargen kvit. Det er mogleg å endre overflatene til slette mot eit tillegg.
- På golv vert det lagt laminat, type Kronotex Mammut Oak Beige.
- Vindauge og innvendige dører vert levert måla i fargen kvit. Alt listverk og MDF-utforingar vert òg levert måla kvitt.
- På bad/vaskerom vert det levert baderomsplater på vegg og belegg på golv. Det er varmekablar i golvet, servant med innreiing under og opplegg for vaskemaskin. Moglegheit til flis på bad, mot eit tillegg i prisen.
- Kjøken vert levert frå Aubo, med glatte frontar.
- Bustadane vert leverte med vedomn i stova – for ekstra varme og stemning på kalde dagar.
Kortfatta leveransebeskriving – utvendig
- Husa vert levert med liggjande, måla kledning i gråfarge.
- Taket har ru betongtakstein i fargen svart.
- Der det på teikning er vist rekkverk, vert dette levert som glassrekkverk – moderne og stilreint, som slepper lyset inn og utsikta fram.
Beliggenheit
Bustadane vert bygde med særs sentral beliggenheit i Sogndal.
I nærområdet finn du barnehage, daglegvarebutikkar og servicetilbod i kort avstand. Frå bustaden kan du også spasere ned til den populære strandsona ved Sjøkanten på få minuttar.
For friluftsliv og aktivitetar har du fleire gode alternativ:
- Fjordstien langs Sognefjorden
- Tur til dagsturhytta på Stedjeåsen
- Treningssenter som Next og fasilitetane i Storhallen
På vinterstid er det kort veg til Hodlekve skisenter med både alpinanlegg og preparerte langrennsløyper.
Her bur du sentralt – men samstundes tilbaketrekt – med gode moglegheiter for både friluftsliv og kvardagsliv.
Standard
Kjøkken
Kjøken frå Aubo med moderne løysingar.
Bad
Bad vert levert med:
- einsfarga baderomsplater på vegg utan flismønster
- golvbelegg på golv
- varmekablar
- vegghengt toalett, dusj og servant med innreiing
- opplegg for vaskemaskin
Andre oppholdsrom
- Kostemalte veggplater i standard farge
- Malte takplater i kvit farge
- Listverk i kvit farge
- Laminatgolv Kronotex Mammut Oak Beige
Garasje / parkering
Bustaden får eigen integrert carport
Konstruksjon
Bustaden vert oppført etter gjeldande krav og moderne byggestandard.
- Støypt grunnmur
- Fasade med liggande trekledning i grå utføring
- Tak med ru takstein
Balkong / uteplass
Veranda med glasrekkverk og gode sol- og utsiktsforhold.
Beskrivelse av tomt
Sjå vedlagt utomhusplan. Felles eigd tomt.
Oppvarming
- Vedomn i stove
- Varmekablar på bad
- Elles elektrisk oppvarming
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Estimert byggetid er om lag 6 månader etter kontraktsignering.
Ventilasjon
Bustadane vert leverte med balansert ventilasjon.
Adgang til utleie
Bustadane kan fritt leigast ut til bustadføremål.
Betalingsbetingelsar
Kjøpesummen vert betalt etter følgjande betalingsplan:
- 10 % ved signering av kontrakt
- 20 % ved oppstart betongarbeid
- 20 % ved tett bygg
- 20 % ved ferdig utvendig arbeid
- 20 % ved klargjort for innvendig plating
- 10 % ved overtaking
Sognehus AS er forhandlar av Lindehus
Lindehus er ei norsk huskjede med erfarne fagfolk frå ferdighusbransjen, der alle har mellom 10 og 40 års erfaring. Sidan oppstarten har Lindehus utvikla både bustad- og hyttekolleksjonar, og samarbeider i dag med forhandlarar over store delar av landet. I samarbeid med Lindehus designar og tilpassar vi bustader etter dine ønskje. Du kan òg kome med ein skissert bustad til oss, og vi kan lage skisser og teikne ut frå dine ønskje.
Nyttige lenker
Nærområdet
Sognehus AS
Annonseinformasjon
| FINN-kode | 454761979 |
|---|---|
| Sist endret | 21. apr. 2026 07:04 |
| Referanse | Rødstokken |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.