Bildegalleri
Velkommen til Myrullvegen! (Illustrasjonsbilde – avvik vil forekomme)
Ny tomannsbolig på Vassenden
Prisgunstig og lettstelt halvpart av tomannsbustad med attraktiv plassering i eit roleg og familievennleg busta
Prosjektets status
Planlegging
Utført
Salgsstart
Nå
Byggestart
Etter avtale med kunde
Overtakelse
Etter avtale med kunde
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Eieform
- Selveier
- Soverom
- 2
- Etasje
- 1
- Antall etasjer
- 1
- Bruksareal
- 64 m²
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Beskrivelse
Velkomen til Myrullvegen 12–14 – ein moderne og lettstelt tomannsbustad med attraktiv plassering i naturskjønne og familievennlege omgjevnader på Vassenden.
Her bur du i eit roleg og nyetablert bustadfelt med naturen som næraste nabo. Flotte tur- og friluftsområde ligg rett utanfor døra, samstundes som du har kort avstand til barnehage, golfbane, skianlegg og andre fritidstilbod.
Bustaden er utforma med fokus på komfort, funksjonalitet og enkel kvardag. Alt ligg på eitt plan, noko som gjer bustaden lett tilgjengeleg og praktisk i alle livsfasar. Dei arealeffektive løysingane gir mykje bustad for pengane, og universell utforming bidreg til god brukskomfort.
På 64 m² får du ein gjennomtenkt planløysing med to soverom (moglegheit for tre), romsleg bad/vaskerom, entré med plass til garderobe og eit lyst og innbydande opphaldsrom med open stove- og kjøkenløysing. Frå stova er det utgang til markterrasse og hage med gode solforhold og fine grøntareal.
Plassering
Myrullvegen på Vassenden kombinerer det beste av landleg ro og nærleik til daglege tilbod. Her kan du nyte eit trygt og familievennleg bumiljø omgitt av vakker vestlandsnatur, samstundes som du har kort veg til det du treng i kvardagen.
Området byr på gode turmoglegheiter året rundt, anten du føretrekkjer fjellturar, skigåing eller aktivitetar i nærområdet. Dette er ein stad der både store og små kan trivast.
Fordelar ved kjøp av ny bustad.
- Bustaden blir levert nøkkelferdig og i samsvar med gjeldande forskrifter.
- Fem års reklamasjonsrett etter bustadoppføringslova.
- Energieffektiv bustad med lågare straumforbruk enn mange eldre bustader.
- Kvalifiserer til grønt bustadlån hos dei fleste bankar, med gunstige lånevilkår.
- Låge vedlikehaldskostnader dei første åra.
- God tid til planlegging av flytting og eventuelt sal av noverande bustad.
- Låg dokumentavgift – du betaler berre 2,5 % av tomteverdien.
- Ved kjøp tidleg i prosessen kan du påverke materialval og løysingar, og setje ditt eige preg på bustaden.
Ny bustad til ein fornuftig pris
Denne tomannsbustaden er ein del av vårt konsept – utvikla for deg som ønskjer ein ny bustad til ein lågare pris.
Gjennom smarte planløysingar, effektive innkjøp og gjennomtenkte materialval har vi arbeidd målretta for å halde kostnadene nede utan å gå på kompromiss med kvalitet og bustadglede. Resultatet er ein moderne bustad med god standard, levert i samsvar med TEK17 og tilpassa dagens krav til komfort, tryggleik og energieffektivitet.
Her får du mykje bustad for pengane – i eit attraktivt område og med kvalitetar som gjer kvardagen enkel og triveleg.
For deg som ønskjer å tilpasse bustaden etter eigne behov og ønskje, tilbyr vi ei innhaldsrik tilvalsbrosjyre med fleire moglegheiter for oppgradering og personlege val.
Nærområdet
Sunnfjord Bygg As
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.