Bildegalleri
Langebruvegen 23
Ny plantegning - Praktisk 2-roms på bakkeplan med åpen planløsning. Heis, garasje & felles takterrasse. Gangavstand
Langebruvegen, 6800 FørdePris på lån: fra 16 875 kr/mnd
Eff.rente 5,74 %. 2 723 000 o/25 år. Kostnad: 2 339 500 kr. Totalt 5 062 500 kr.
Prosjektets status
Planlegging
2020
Salgsstart
01.2021
Byggestart
08.2022
Overtakelse
2.kvartal 2024
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 1
- Rom
- 2
- Etasje
- 1
- Antall etasjer
- 1
- Primærrom
- 70 m²
- Bruksareal
- 72 m²
Beskrivelse
Kort om eiendommen
Ynskjer du å bu vedlikehaldsfritt og med nærleik til natur midt i sentrum? I Langebruvegen kjem det moderne og funksjonelle leilegheiter over seks etasjar med gode kvalitetar som vil gjere kvardagen enklare. Her er det kort veg til opplevingar innan kultur og friluftsliv, trening og velvære, lege og apotek og det du elles treng i kvardagen.
Leilegheitene vert levert med god standard og moderne utføring.
Dei fleste leilegheitene får parkering i garasjeanlegg med heistilkomst i alle etasjar, felles takterrasse med flott utsyn over Løken, vassbåren varme, kvalitetskjøkken frå HTH, tidsriktige bad og golv frå Pergo.
Alle leilegheitene er gjennomtenkte og har gode romløysingar frå 24- 136 m2 som gir deg ein behageleg kvardag.
I Langebruvegen bur du tett på «bykjerna» med gangavstand til
alt, men samtidig skjerma. Det blir grøne og frodige fellesareal som legg til rette for rekreasjon og leik i eit hyggeleg bumiljø. Her er det rom for å nyte livet og vere med på det som skjer.
Om prosjektet
Ynskjer du å bu vedlikehaldsfritt og med nærleik til natur midt i sentrum?
I Langebruvegen kjem det moderne og funksjonelle leilegheiter over seks etasjar med gode kvalitetar som vil gjere kvardagen enklare. Her er det kort veg til opplevingar innan kultur og friluftsliv, trening og velvære, lege og apotek og det du elles treng i kvardagen.
Leilegheitene vert levert med god standard og moderne utføring. Dei fleste leilegheitene får parkering i garasjeanlegg med heistilkomst i alle etasjar, felles takterrasse med flott utsyn over Løken, vassbåren varme, kvalitetskjøkken frå HTH, tidsriktige bad og golv frå Pergo. Alle leilegheitene er gjennomtenkte og har gode romløysingar frå 24- 136 m2 som gir deg ein behageleg kvardag.
I Langebruvegen bur du tett på «bykjerna» med gangavstand til alt, men samtidig skjerma. Det blir grøne og frodige fellesareal som legg til rette for rekreasjon og leik i eit hyggeleg bumiljø. Her er det rom for å nyte livet og vere med på det som skjer.
Last ned komplett salsoppgåve for å lære meir om Langebruvegen. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Kjøkken-leveranse
Kjøkkeninnreiing frå HTH med slette lakkerte frontar og integrerte kvitevarer som standard.
Det vert levert med oppvaskmaskin, kjøle-/fryseskåp, steikeomn, og induksjon platetopp frå Siemens, og slimline ventilator frå Røros Metall.
Modellnemningane er SN614X04AE / SR615X00CE, KI38VV20 / KG36VUW20, HB010FBROS, EU611BEF1X, 490-12/B.
For 1- og 2- roms leilegheiter blir det leverte kvite frontar og frittståande kjøleskåp. I 3- 4- 5- roms leilegheiter er det innebygde kjøleskap og her er det tatt ut frontar i ein gråfarge som standard. Fleire andre fargar kan veljast utan pristillegg. Steikeomn er enten integrert i benkeskåp eller i høgskåp alt etter størrelse og plass på kjøkken.
Benkeplater i 30 mm laminat med ei rekke valfrie fargar / mønster. Vask i rustfritt stål frå Franke.
LED-spott benkbelysning er integrert i overskåp. Det er demping på alle skuffer og skapdører og det er med bestikkinnlegg, avfallssortering og ein karusell der det er hjørneskåp.
Høgda på innreiinga er 212 cm. Eventuelt høgare innreiing som tilval.
Det blir gjennomført eigne avklarings- møte med kjøkkenleverandør som gjer
det mogleg for kjøpar å tilpasse innreiinga etter eige ønskje og smak. HTH har eit stort sortiment som kunden kan gjere tilval frå. Ein kan i utgangspunktet ikkje rekne med å kunne gjere endringar på innreiinga som medfører at tilkoplingspunkt for vatn, avløp og avtrekk må flyttast.
Endeleg kjøkkenteikning vil bli utarbeidde av leverandør og i denne prosessen
kan det skje ei omflytting av dei enkelte kjøkkenkomponentane og mindre justeringar må påreknast ved detaljert utforming av prosjektet.
Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilegheit vil bli utarbeidd og overlevert på tilvalsmøtet med kvar enkelt leilegheitskjøpar. Vi tar atterhald om å tilpasse spesifikasjonar til HTH-kjøkken sitt sortiment, slik at spesifikasjon kan avvike frå beskrivelsen /teikningar.
Baderom-leveranse
Baderomsinnreiing type Mono med kvitlakkerte overflater levert av HTH. Innreiing vert levert med varierande omfang alt etter størrelse på leilegheiter og plass på bad. Omfang av innreiing syner på planteikning. Det blir levert heildekkande servant i kvit kunstmarmor og speil med integrert lys. Vidare vert det levert bua dusjveggar/dører som kan slåast inn i hjørne når dusj ikkje er i bruk og vegghengt klosett i kvit porselen med skjult sisterne.
I kundemøte med HTH vert det høve til å gjere endringar på standardleveransen gjennom eigne tilval. Ein må i utgangspunktet rekne med at sanitærutstyret må stå der det er teikna inn.
I mindre leilegheiter utan vaskerom / bod blir det laga til opplegg for vaskemaskin og tørketrommel på bad/vaskerom. Plassering er stipla på planteikning. Ein føreset at ein brukar kondenstørketrommel.
Garderobe-fasiliteter
Det vert levert 1 m garderobeskåp pr sengeplass i samsvar med planteikning. Standard garderobeskåp er ca. 100 cm bredt og 210 cm høgt. Det har både hyller og stang for oppheng (kombiskåp). Skåp og skåpdører i kvit farge med slett overflate Entreskåp og skyvedørsgarderobar kan leverast som tilval.
Generell orientering
Det blir tilrettelagt for elbillading slik at det er enkelt for kvar seksjonseigar å kjøpe og få montert sin eigen elbilladar tilknytt sitt eige straumabonnement. Meir spesifikt ligg tilrettelegginga i at det er framlagt kabel frå el-tavle / etasjefordeler for kvar einskild leilegheit og ned til parkeringskjellar. Ladekapasitet til kvar ladar vil vere 7 kW / 400 V. Vår elektroentreprenør kan montere eller levere og montere ladar om det er ønskjeleg. Dette kan ein ta opp i kundemøte.
Overflater og kledning
Ein syner til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskrivelse.
Garasje/parkering
Det er avsett 24 plassar til leilegheitene i første byggetrinn, blokk A. Innkøyring til parkering bli via naboeigedom (Sunnfjord Hotell) sin garasjekjellar. Parkeringsplassane er reservert på den enkelte leilegheit. Sjå parkeringsoversikt (prisliste over kva parkeringsplassar som er reservert dei respektive leilegheiter). Dei som har reservert plassar må ta stilling til om dei ønskjer å kjøpe plassen på tidspunkt ved kjøp av leilegheit. Om ein ikkje ønskjer å nytte seg av reservasjonen, står utbyggjar fritt til å selje denne til andre.
For leilegheiter som har fått reservert HC plass, er det viktig å merke seg at styret skal administrere ei byteordning som sikrar at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til ein tilrettelagt plass. Styret har plikt til å pålegge ein eigar av ein seksjon som eig ein slik HC- plass, og ikkje har behov for denne, å bytte plass med ein som har nedsett funksjonsevne. Tilsvarande gjeld for person i husstanden til eigaren av seksjonen med nedsett funksjonsevne. Det vert forutsett at den som blir funksjonshemma disponerer parkeringsplass i eigarseksjonssameiget og at denne plassen vert stilt til disposisjon til den som gjennom denne byteretten må gi frå seg plassen sin.
Det er avsett totalt 3 HC plassar i prosjektet, der 2 plassar kjem i første byggetrinn.
Vidare er det avsett plassar til sykkelparkering- sjå parkeringsoversikt og utomhusplan.
Parkering er prosjektert etter minumumsanbefalingar i NBI (Byggforsk).
Tilkomst frå leilegheitene til parkeringskjellar via heis og trapperom. Alle veggar, søyler og himling vert levert med ubehandla betongoverflate. Dekke i køyre og parkeringsareal blir brettskurt betong. Det vil bli synlege avløpsrøyr, ventilasjonskanalar, elektriske kablar m v. Ansamlingar av vatn på parkeringsdekke vil førekomme som følgje av avrenning frå bilar mv. Parkeringskjellar er å rekne som eit uteområde og kondensering kan førekomme.
Konstruksjon
Bygningen vert utført med berekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje utførast i betong. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong eller stendarverk av stål/ tre kledd med gips. Enkelte andre veggar
har overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt. Øvrige ytterveggar vert hovudsakleg utført i bindingsverk 250 mm isolasjon. Det kan førekomme synlege søyler i leilegheitene, som ikkje går fram av planteikningar.
Balkonger/terrasser/uteplasser
Altanar blir bygde i betong og stål med terrassebord som overflate på golv. Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil kunne oppstå på overflater og i renner etter regnvêr. Det er tenkt spilerekkverk i galvanisert og pulverlakkert stål.
Prisinformasjon
Sjå vedlagt prisliste.
Seljar har rett til, utan varsel, å endre prisen på leilegheiter som ikkje er selde. Prisar på selde leilegheiter vert ikkje indeksregulert.
Betalingsbetingelser>
10% ved underteikning av kontrakt
40% ved tett hus
40% ved klart til måling
10% ved overtaking
Prosentsats er av kjøpesum.
Salgsbetingelser og kjøpetilbud
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå budskjema.
Innhold
Entre med plass til garderobeskåp. Tilkomst til bad og vaskerom/ bod på frå entre. Bad med dusjhjørne, vegghengt toalett og baderomsinnreiing. Vaskerom/bod med opplegg til vaskemaskin/ tørketrommel. Kjøkken med ope løysing til stove med god plass til spisebord og sofagruppe. Soverom med avsett plass til garderobeskåp. Vestvendt terrasse på 18,2 kvm på bakkeplan.
Oppvarming
Vassboren golvvarme i stove, kjøkken, entre og soverom. På bad blir det elektriske varmekablar som regulerer temperaturen raskare. Det vert montert fordelarskåp for golvvarme i kvar leilegheit. Romtemperaturen vert regulert med termostatar. Varmen blir levert via fjernvarmeanlegg (Førdefjorden Energi). Det vert montert energimålar i kvar leilegheit for avlesing av energiforbruk for oppvarming. Det vert også målarar der ein kan lese av forbruket av varmt tappevatn (forbruksvatn). Målarane kan fjernavlesast av sameige.
Energimerking
Energiklassen vert C eller betre.
Energimerking av bustaden vil bli en del av sluttdokumentasjon for bustadane. Informasjon om energimerking finn du på www.energimerking.no
Parkering
Det er avsett 24 plassar til leilegheitene i første byggetrinn, blokk A. Innkøyring til parkering bli via naboeigedom (Sunnfjord Hotell) sin garasjekjellar. Parkeringsplassane er reservert på den enkelte leilegheit.
Sjå parkeringsoversikt (prisliste over kva parkeringsplassar som er reservert dei respektive leilegheiter). Dei som har reservert plassar må ta stilling til om dei ønskjer å kjøpe plassen på tidspunkt ved kjøp av leilegheit. Om ein ikkje ønskjer å nytte seg av reservasjonen, står utbyggjar fritt til å selje denne til andre.
Parkering
Det er avsett 24 plassar til leilegheitene i første byggetrinn, blokk A. Innkøyring til parkering bli via naboeigedom (Sunnfjord Hotell) sin garasjekjellar. Parkeringsplassane er reservert på den enkelte leilegheit.
Sjå parkeringsoversikt (prisliste over kva parkeringsplassar som er reservert dei respektive leilegheiter). Dei som har reservert plassar må ta stilling til om dei ønskjer å kjøpe plassen på tidspunkt ved kjøp av leilegheit. Om ein ikkje ønskjer å nytte seg av reservasjonen, står utbyggjar fritt til å selje denne til andre.
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Forventa byggjetid for byggjesteg 1 er ca. 20 mnd frå oppstart betong. Utbyggjar tek atterhald om minimum 70 % sal i byggjesteg 1 før oppstart, samt at prosjektet blir godkjent av offentlege myndigheiter.
Kjøkken
Kjøkkeninnreiing frå HTH med slette lakkerte frontar og integrerte kvitevarer som standard. Det vert levert med oppvaskmaskin, kjøle-/fryseskåp, steikeomn, og induksjon platetopp frå Siemens, og slimline ventilator frå Røros Metall. Modellnemningane er SN614X04AE / SR615X00CE, KI38VV20 / KG36VUW20, HB010FBROS, EU611BEF1X, 490-12/B.
For 1- og 2- roms leilegheiter blir det leverte kvite frontar og frittståande kjøleskåp. I 3- 4- 5- roms leilegheiter er det innebygde kjøleskap og her er det tatt ut frontar i ein gråfarge som standard. Fleire andre fargar kan veljast utan pristillegg. Steikeomn er enten integrert i benkeskåp eller i høgskåp alt etter størrelse og plass på kjøkken.
Benkeplater i 30 mm laminat med ei rekke valfrie fargar / mønster. Vask i rustfritt stål frå Franke.
LED-spott benkbelysning er integrert i overskåp. Det er demping på alle skuffer og skapdører og det er med bestikkinnlegg, avfallssortering og ein karusell der det er hjørneskåp. Høgda på innreiinga er 212 cm. Eventuelt høgare innreiing som tilval.
Det blir gjennomført eigne avklarings- møte med kjøkkenleverandør som gjer det mogleg for kjøpar å tilpasse innreiinga etter eige ønskje og smak. HTH har eit stort sortiment som kunden kan gjere tilval frå. Ein kan i utgangspunktet ikkje rekne med å kunne gjere endringar på innreiinga som medfører at tilkoplingspunkt for vatn, avløp og avtrekk må flyttast.
Endeleg kjøkkenteikning vil bli utarbeidde av leverandør og i denne prosessen
kan det skje ei omflytting av dei enkelte kjøkkenkomponentane og mindre justeringar må påreknast ved detaljert utforming av prosjektet.
Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilegheit vil bli utarbeidd og overlevert på tilvalsmøtet med kvar enkelt leilegheitskjøpar. Vi tar atterhald om å tilpasse spesifikasjonar til HTH-kjøkken sitt sortiment, slik at spesifikasjon kan avvike frå beskrivelsen /teikningar.
Bad
Baderomsinnreiing type Mono med kvitlakkerte overflater levert av HTH. Innreiing vert levert med varierande omfang alt etter størrelse på leilegheiter og plass på bad. Omfang av innreiing syner på planteikning. Det blir levert heildekkande servant i kvit kunstmarmor og speil med integrert lys. Vidare vert det levert bua dusjveggar/dører som kan slåast inn i hjørne når dusj ikkje er i bruk og vegghengt klosett i kvit porselen med skjult sisterne.
I kundemøte med HTH vert det høve til å gjere endringar på standardleveransen gjennom eigne tilval. Ein må i utgangspunktet rekne med at sanitærutstyret må stå der det er teikna inn.
I mindre leilegheiter utan vaskerom / bod blir det laga til opplegg for vaskemaskin og tørketrommel på bad/vaskerom. Plassering er stipla på planteikning. Ein føreset at ein brukar kondenstørketrommel.
Fasade
Fasadane vert bygde opp som isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel og teglstein, samt innslag med fasadeplater og beslagsplater av metall. Ein stor del av fasaden, spesielt mot aust er av glas og aluminium.
Yttertak
Takkonstruksjon over plan 6 med skrå takflater får Q-dekke med isolasjon og folietekking over, eventuelt takelement av typen Lett-tak. Takkonstruksjon over plan 5 der det er takterrassar består av betongdekke med isolasjon, folietekking og terrassegolv. Nedsenka himling av gipsplater i alle rom i leilegheiter. Eventuelt systemhimling i boder der det kan vere behov for tilkomst til teknisk installasjon over himling.
Ventilasjon
Det vil bli montert balansert ventilasjon med eige aggregat i kvar leilegheit, fortrinnsvis plassert i bod. I mindre leilegheiter der det ikkje er teikna bod vil aggregat plasserast i himling i f.eks. entre eller gang, alt
etter kvar det er mest ideelt. Anlegget har varmegjenvinning i samsvar med forskriftskrav. Det vert avtrekk frå bl.a. kjøkken og bad / toalett, og friskluft tilført opphaldsrom. Den brukte avtrekkslufta vert ført ut av bustaden via tak.
Felles gangar og trapperom får også balansert ventilasjon. Parkeringskjellar blir utstyrt med avtrekkssystem med Co-2 følar.
Ansvarlig megler
Ole Jonny Klopstad Holsen
Nyttige lenker
Beliggenhet
W Eiendomsmegling Sunnfjord
Annonseinformasjon
FINN-kode | 298351385 |
---|---|
Sist endret | 07. feb. 2024 08:47 |
Referanse | WEB12.2111 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.