Bildegalleri
Perspektiv av bustaden sett frå sør.
2-mannsbustad Iden Sjøholt
Iden Sjøholt - Flott moderne leilegheit i 2-mannsbustad på solrik tomt like ved skule, barnehage og idrettsanlegg
Prisantydning
5 460 000 kr
Kort om prosjektet
Innhaldsrik halvpart av 2-mannsbustad med 4 soverom på ei tomt som gir deg plass til privatliv, utan vedlikehaldet som følger med ein eldre einebustad. Iden byggefelt har ei perfekt plassering berre eit par hundre meter frå skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget.
Prosjektets status
Planlegging
Ferdig planlagt
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
September -26
Overtakelse
September -27
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 4
- Internt bruksareal
- 127 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 132 m²
- Eksternt bruksareal
- 5 m² (BRA-e)
- Eieform
- Selveier
- Energimerking
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
| Enhet | BRA-i | Soverom | Totalpris | |
|---|---|---|---|---|
| 7- 1 | 127 m² | 4 | 5 475 545 kr | |
| 7- 2 | 127 m² | 4 | 5 475 545 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Beskriving
I det nye bustadfeltet Iden like ved barne- og ungdomsskulen skal vi snart starte byggearbeidet på den første av to 2-mannsbustader. Tomta er svært solrik, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.
Her er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Gangavstand til kulturhus, kafe, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også campingplass, småbåthavn, badestrand og mange fine turstiar i nærområdet. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell, og har ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i ein rik og variert natur.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, TV-stue, 4 soverom, walk-in garderobe, 2 bad, gang, teknisk rom og utebod. Utgang frå stue til balkong, og frå TV-stue til privat uteområde. Carport er også inkludert i leveransen, og veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.
Beskriving av leveransen
Leilegheita vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetsering, membran/flislegging og golvlegging. Om ønskeleg kan leilegheita leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot eit avtalt pristillegg. Kjøpar vil sjølv kunne velge standard på veggar og golv, og det er mogleg å velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i standardleveransen.
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing frå Kvik
- Baderomsinnreiing på begge bad frå Kvik
- Varme i golv på begge bad og ytre del av hall
- Komplett ventilert stålpipe med ferdig montert eldstad
- Garderobeskap på tre soverom
- Innreiing på walk-in garderobe
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Rør-i-rør system
- Frostsikker utekrane
- Støypt platt ved hovudinngang
- Støypt dekke i carport
- Asfaltert veg og parkeringsareal
- Biloppstillingsplass i carport
Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- Lave kjøpskostnader, berre gebyr i samband med tinglysing av skøyte på kr 15 545,-
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Lave kostnader til vedlikehald
- Lave kostnader til oppvarming
- Moderne og praktisk bustad, og moglegheit til å påverke leveransen
- Du får god tid til å førebu flytting
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
Adkomst
Køyr på E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Køyr Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til du ser det nye byggefeltet på venstre side av vegen. Dei nye 2-mannsbustadane skal førast opp heilt øvst i feltet.
Diverse
Grunnarbeidet er i gang, og planlagt byggestart trearbeid i slutten av september. Planlagt ferdigstilling av denne 2-mannsbustaden er september -27.
Gebyr for tinglysing av skøyte kr 15 545,-. Elles ingen kostnader i samband med kjøpet.
Bustaden vert bygd etter byggteknisk forskrift TEK 17, som er dei nyaste krava med tanke på isolasjon, radonsperre, universell utforming, sikkerheit ved brann m.m.
Bilder i annonsa er illustrasjonar, og avvik for førekome. Leveransebeskrivelse, kontrakt og kontraktsvedlegg er gjeldande for faktisk leveranse. Det vert tatt atterhald om feil i annonsa.
For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol på tlf. 970 12 140.
Nærområdet

Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.