Bildegalleri

Straume - Solsio

Søre Solsio trinn 2

Søre Solsio - Byggetrinn 2 - 36 leiligheter fordelt over 7 etasjer - fra 1 til 3 soverom - vannbåren gulvvarme - garasje

Prisantydning fra

4 950 000 kr

Prisantydning til

10 300 000 kr

Totalpris fra

4 971 696 kr

Totalpris til

10 321 696 kr

  • Planlegging

    Q1 2026

  • Salgsstart

    Q1 2026

  • Byggestart

    Q4 2026

  • Overtakelse

    Q4 2028

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2 - 3
Internt bruksareal
58 - 110 m² (BRA-i)
Bruksareal
63 - 115 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
8 - 18 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Heis
Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt

Visning

Visningsmøter avtales direkte med megler på tlf: 48 88 84 10 eller mail: Morten.lie@em1sr.no
Visningspåmelding

Beskrivelse

Då er me endeleg klare for det neste byggjetrinnet av vakre Solsio!

Salssuksessen har vore fantastisk i dei første byggjetrinna, og alle bygga vart raskt selde ut allereie før tilvalsmøta starta! I dei tidlegare byggjetrinna har vi hatt moglegheit for Husbank-finansiering, noko vi også skal søke om for Søre Solsio sine byggjetrinn. Me håpar å få dette godkjent slik at kjøparane her også kan få tilbod om lågare rente enn det som er vanleg i dag.

I Søre Solsio byggetrinn 2 skal det byggjast totalt 36 leilegheiter fordelt over 7 etasjar. Prosjektet ligg midt i hjartet av Straume og har umiddelbar nærleik til alt Straume har å tilby. Vi estimerer ferdigstilling av bygget til siste kvartal 2028, avhengig av når byggjestart vert gjennomført. Vi held fram med den same gode standarden som i dei tidlegare bygga på Solsio. Eit eksempel på standarden er ein-stavs parkett på alle golv der det ikkje er flis, golvvarme, fleire val for både bad og kjøken, samt romslege terrassar med mykje sol.

Straume har vorte ein fantastisk stad med stor utvikling dei siste åra. På Solsio kan du bu i eit koseleg nabolag ved foten av Straumsfjellet, med parkering i kjellaretasjen under leilegheitsbygget. Det er heis i bygget, slik at ein får trappefri tilkomst.

Solsio vert ein stad der du bur svært sentralt, samstundes som ein ligg skjerma frå trafikken i sentrumskjerna. Denne perfekte kombinasjonen gjer at det no vert bygd både bustader og næringsareal, knytt saman med eit sentralt grøntområde Solsioparken.

Det er lagt stor vekt på å skape eit intimt og tilbaketrekt bumiljø med flotte, eigne terrassar og balkongar. Den grøne parkpromenaden, som skil bustadane frå næringsbygga, skapar eit innbydande og koseleg område for alle bebuarane. Solsioparken, saman med næringsbygga, gjer at alle leilegheitene har lite eller ingen eksponering for trafikk. Parken og gågata skapar ei intim atmosfære der dagane kan nytast frå morgon til kveld i lyse og trivelege omgjevnader.

Beliggenhet

Solsio har ei utruleg sentral og god plassering midt i hjartet av Straume. Bygget ligg tett på Sartor Senter, som tilbyr absolutt alle fasilitetar og servicetilbod du treng både i kvardagen og til helga. Nokre eksempel er kino, restaurantar og eit utal butikkar. På Straume finn ein også hovudbussterminalen på Sotra.

I nærområdet finst det idrettsanlegg som Straume Idrettspark, Bildøyhallen og Sotra Arena. Sotra Arena er kommunen si storstove på heile 9200 kvadratmeter. Idrettsparken ved arenaen har fleire utandørs fotballbaner, samt innandørs hallar for både fotball og handball. I dette området er det også flotte turmoglegheiter.

Er du glad i eit bad, kan du både ved Sotraheimen - ca. 10-15 minutt til fots - og ved Geitevika nyte flotte dagar. Geitevika er ei nyoppussa badeplass, medan Sotraheimen har ei fint opparbeidd strand og brygge, samt fleire svaberg som passar til både soling og bading.

Frå garasjeanlegget på Solsio reknar ein om lag 15 minutt køyring til Bergen sentrum og ca. 10 minutt til Loddefjord. Til Ågotnes reknar ein ca. 15 minutt køyring.

På Straume er det svært gode bussamband i fleire retningar, til dømes til Bergen sentrum, Loddefjord, Askøy, Ågotnes, Øygarden og Sund.

Garasje/parkering

Parkering for bil er mogeleg i parkeringsanlegg under bustadbygga. Det gjeld eigne reglar for parkeringsanlegget. Eigarseksjonane vert seld utan parkeringsplass, men ved kontraktsinngåelse er det mogleg å kjøpe fast P-plass i form av ein evigvarande bruksrett til P-plass i parkeringsanlegget for ein rabattert pris på kr 305 000.- Sjå eigen avtale for vilkår om kjøp av bruksrett til P-plass.

Dersom det viser seg at det vert p-plassar tilgjengeleg etter at prosjektet er utseld vil det vere mogleg å kjøpe eit begrensa antal ekstra parkeringsrettar. Pris for parkeringsrett nr 2 vert ordinær pris kr 500 000.-. Alternativt kan ein leige P-plass i en begrensa periode på dei til einkvar tid gjeldande vilkår.

Det skal leggast opp ladeinfrastruktur med lastfordeling tilrettelagt og klargjort for tilknyting av ladestasjon ved alle p-plassar. Etablering av sjølve ladestasjon er ikkje ein del av standard leveranse, men kan bestillast i tilvalsprosessen eller etter overlevering (forutsett at ein kjøper fast parkeringsrett).

Sykkelparkering vert anlagt i samsvar med situasjonsplan.

Konstruksjon

Berekonstruksjonen utførast primært i betong/stål, medan bæresystem for toppetasje/tak kan utførast i betong, stål eller tre.

Balkonger/terrasser/uteplasser

Rekkverksflater på private opphaldsareal av klart glas el tilsv. med kantomrømming, stoplar og handlist i lakkert metall. Utvendig folie på nedre del av glaset.

Dekke av plasstøypt/ prefb. betong med fall til renne og nedløp.
Terrasser på mark får dekke av belegningsstein betongheller. Balkongar/terrassar skal gis ein utforming som sikra mot vassinntrenging i bygg/leilegheitene.

Organisasjonsform

Sameie

Betalingsbetingelser

Som forbrukar skal kjøpar skal innbetale kr 100 000,- og dersom kjøper er AS eller er å regne som profesjonell skal kjøpar innbetale kr 250.000,- etter at kontrakten er signert og utbyggar har innhenta § 12-garanti, jf. bustadoppføringslova. EiendomsMegler1 vil sende ut faktura for beløpet.

All innbetaling vert rekna som depositum i samsvar med bustadoppføringslova § 46 inntil det eventuelt vert stilt forskotsgaranti etter bustadoppføringslova § 47. Når forskotsgarantien vert stilt, vil beløpet bli rekna som forskot.

Bustaden vert tinglyst i kjøparen sitt namn først ved ferdigstilling og overtaking. Sjølv om forskotsbetaling er avtalt, har kjøpar rett til å halde tilbake alt vederlag inntil det er dokumentert at entreprenørgaranti er stilt i samsvar med bustadoppføringslova § 12. Retten til å halde tilbake vederlaget gjeld dersom garantien skal stillast straks etter avtaleinngåing, jf. § 12 andre ledd, første setning.

Dersom det er avtalt ein utsett frist for å stille entreprenørgaranti etter bustadoppføringslova § 12, andre ledd, andre setning, er kjøpar likevel forplikta til å innbetale forskot som forfell før garantiplikta etter § 12 inntrer. Kjøpar si plikt til å innbetale forskot i slike tilfelle føreset at seljar har stilt forskotsgaranti etter bustadoppføringslova § 47 tredje ledd.

Den resterande delen av kjøpesummen samt omkostningane skal innbetalast på overtakingstidspunktet. Ved eventuelle forseinka betalingar gjeld lov om forsinkingsrenter av 17.12.1976 nr. 100.

Oppvarming

Leilegheitene får oppvarming i form av vassboren golvvarme i kjøkken/stove, gang/entré og bad. Alle einingar får eigen energimålar for oppvarming og forbruksvatn som registrerer forbruk. Ein ekstern leverandør vil stå for avlesing og fakturering av forbruk direkte til kvar seksjonseigar. For ordens skyld gjer me merksam på at det ikkje vert lever varmekjelder i alle rom.

Energimerking

Energimerking gir relevant informasjon om kor energieffektiv bustaden er. Energiattestar vil bli utarbeidde av seljar etter at detaljprosjekteringa er gjennomført, og vert utleverte ved overtaking av bustaden.

Sentrale lover

Bustadane vert seld til forbrukar i samsvar med Bustadoppføringslova. Til andre kjøpargrupper vert salet gjennomført etter føresegna i Avhendingslova. Seks månader etter at bustadane er ferdigstilt, vert bustadane seld etter Avhendingslova til både forbrukar og næringsdrivande.

Vedtekter

Interessentar pliktar å setje seg inn i sameiget sine vedtekter og eventuelle husordensreglar. Desse ligg vedlagt i salsoppgåva.

Adgang til utleie

Seksjonseigaren disponerer fritt over eigen seksjon, med dei avgrensingane som følgjer av sameigeforholdet og eigarseksjonslova. Seksjonseigaren kan fritt selje, pantsetje og leige ut sin eigen seksjon.

Bustaden kan leigast ut i samsvar med reglane i eigarseksjonslova og eventuelle vedtekter, det vil seie utleige med varigheit på over 30 samanhengande dagar i året.

Korttidsutleige av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn i året er ikkje tillate. Med korttidsutleige meinast utleige i inntil 30 døgn. Grensa på 90 døgn i året kan fravikast i vedtektene, og kan då fastsetjast til mellom 60 og 120 døgn. Ei slik avgjerd krev eit fleirtal på minst to tredelar av dei avgitte røystene på årsmøtet.

Bustadene har ingen eigen utleigeeining.

Ferdigattest / Brukstillatelse

Ferdigattest eller mellombels bruksløyve skal liggje føre skriftleg før overtaking kan finne stad. I motsett fall tilrår meklar at overtaking vert utsett, og at kjøpar ikkje overtek.

Hvitvaskingsregelverk

I henhold til lov om kvitvasking og terrorfinansiering har meklar plikt til å gjennomføra kontrolltiltak overfor kundar. Dette inneber å bekrefta kunden sin identitet basert på framvist gyldig legitimasjon. Vidare inneber det å få stadfesta identiteten til eventuelle reelle rettshavarar, samt å innhenta opplysningar om formålet med kundeforholdet og den tilsikta arten.

Dersom slike kundetiltak ikkje kan gjennomførast, kan meklar ikkje etablera kundeforholdet eller gjennomføra transaksjonen. Kjøpar vert oppmoda til å innbetala kjøpesummen som ikkje kjem frå låneinstitusjon, i ei samla innbetaling frå eigen konto i ein norsk bank.

Dersom meklar får mistanke om brot på kvitvaskingsreglementet i samband med ei eigedomshandel, og ikkje klarar å avkrefta denne mistanken, har meklar plikt til å rapportera dette til Økokrim. Meldinga vert sendt til Økokrim utan at partane vert varsla. I enkelte tilfelle kan meklar òg ha plikt til å stansa gjennomføringa av handelen.

Fremdriftsplan og ferdigstillelse

Det vert lagt opp til at salsstart skjer i løpet av februar/mars 2026, med ferdigstilling i siste kvartal 2028. Det vert teke atterhald om at desse datoane kan endrast i tråd med framdrifta i prosjektet.

Kjøkken

Kjøkken vert levert med slette frontar av typen HTH eller tilsvarande. Ein kan velje mellom minimum 3 eller 4 ulike fargar på skap- og skuffefrontar m.m. utan priskonsekvens. Omfanget vil vere som illustrert på planteikninga. Om du er usikker på kva som blir levert til kjøkenet, kan du ta kontakt med meklar for meir info.

Det vert gjort merksam på at illustrasjonar av kjøken inneheld tilval som ikkje er ein del av standard leveranse. Vidare vert det levert bestikkinnlegg i skuffseksjon i benkeskap og LED-spotar i botn av overskap. Kjøkenet vert levert med integrerte kvitevarer som ein har moglegheit til å oppgradere.

Benkeplate på 30 mm i laminat med benkebeslag som har 1 ½ kum i rustfri utføring. Det vert levert eit eitt-greps kjøkenbatteri. Ved tidleg kjøp er det mogleg å velje benkeplate innanfor prisklassen utan tillegg i pris.

Kjøkenventilator vert levert av kjøkenleverandør som innbyggingsmodell, Røroshetta Crystal 1140, Slimline eller tilsvarande, med løysing for resirkulering av luft i leilegheita.

Bad

Badet har eitt sluk med lokalt fall, plassert i nedsenka dusjhjørne/dusjnisje. Bada vert leverte med dusjhjørne, montert termostatstyrt batteri med temperatursperre, dusjsett og dusjveggar i rett 90x90 cm utføring. Servant vert levert i kvit, nedfelt utgåve i underskap på 80-100 cm, med eit eittgreps batteri i forkroma utføring. Leilegheit L104 får Vask/skap på 60 cm pluss eit høgskap. Badet vert utstyrt med vegghengt toalett med sete og lokk i hardplast. Tilkopling og vatn/avlaup for vaskemaskin. Våtområda vert levert i samsvar med teknisk forskrift.

Me gjer merksam på at bad som er avbilda i prospektet, er illustrasjonar som viser oppgradert WC og oppgraderte flisar med omsyn til farge og storleik. Ein kan likevel velje mellom to forskjellige flisefargar utan ekstra kostnad.

Andre oppholdsrom

INNVENDIGE OVERFLATER:

Baderom leveres med flis på gulv og vegger. Vaskerom leveres med flis på gulv og gips på vegger som blir sparkla og mala.

Øvrige rom uten flis på gulv vil leveres med moderne ein-stavs eikeparkett med 145 mm breidde. Himling/veggar vert levert i gips/betong, sparka og mala kvit. Ein kan velje mellom fleire utvalde fargar på veggene.

Alle vinduskarmar vert leverte i kvit farge.

ANNAN INNREIING:
Det er sett av plass til garderobeskap, men dette - samt eventuell skyvedørløysing - er ikkje inkludert i standardleveransen. Det same gjeld illustrert skyvedørløysing for avsett plass til oppbevaring, som «bod» i entre/vindfang og på soverom.

Fasade

Fasadens hovudmateriale er av platekleding, av hensyn til brannspredning/brannkonsept , innslag av trekledning i hovudsak på balkongar.
Det vert vist til arkitektens teikningar.

Balkongdøra med glasfelt leverast som aluminiums belagt utvendig, malt furu innvendig.

Yttertak

Takflater og gesimsar av folie-/asfalttekking og sedum. Taket dimensjonert i samsvar med gjeldande krav for vind- og snølast for lokasjon.
Takflata si utforming og materialbruk skal utførast einsarta og gjennomarbeida.
Taktekkinga skal utførast med solide og gjennomprøvde eller preaksepterte løysinga.

Ventilasjon

Det vert installert balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning i alle leilegheiter som leverer frisk ventilert luft og trekker ut brukt luft av leiligheten. Ventilasjonsanlegget bruker varme frå den brukte luften til å varme opp tilført friskluft, virkningsgrad minimum 85 %. Kanalinstallasjon er planlagt ført over nedsenka himling eller som innkassa kanalar ved tak. Kombiboks på vegg for utkast og inntak.

Regulering

Eigedommen ligg i eit område som er omfatta av detaljregulering/reguleringsplan, plan-ID 124620080006, vedteken 21.03.2019. Området er regulert til bustadføremål og omfattar blant anna blokkbebyggelse, forretning/kontor/tenesteyting, leikeplass, torg, køyreveg, fortau m.m.

Det jobbes i forbindelse med salgsstart med å sende inn byggesøknad. Denne kan ses hos megler når den er fullført og innsendt.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode452212280
Sist endret03. mars 2026 13:36
Referanse2712265019

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.