Bildegalleri

Utvendig farge rød

Inaktiv
Farsundfeltet

Farsundfeltet

Moderne tomannsbustad med 2 soverom og moglegheit for carport

Prisantydning fra

3 675 000 kr

Prisantydning til

3 775 000 kr

Totalpris fra

3 695 000 kr

Totalpris til

3 795 000 kr

Kort om prosjektet

Første kjøpar får bestemme utvendig farge og utsjånad.

  • Planlegging

    Januar 2026

  • Salgsstart

    Mars 2026

  • Byggestart

    Etter avtale

  • Overtakelse

    Etter avtale

Nøkkelinfo

Boligtype
Tomannsbolig
Soverom
2
Internt bruksareal
64 m² (BRA-i)
Bruksareal
64 m²
Balkong/Terrasse
13 m² (TBA)
Eieform
Selveier

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Turterreng
Utsikt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetEtasjeBRA-iSoveromTotalpris
1164 m²23 695 000 kr
2164 m²23 795 000 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Skildring av bustaden

Kvar bueining har eit BRA-i på om lag 64 kvm, inkludert sportsbod på 5,5 kvm. Kvar bueining inneheld to soverom, entré, kombinert bad og vaskerom, samt stove med open løysing mot kjøkken. Frå stova er det utgang til hagen.

Stova er romsleg og har plass til spisebord der vener og familie kan samlast. Ved behov for berre eitt soverom kan stova utvidast ved å opne veggen mot det eine soverommet. Badet kan innreiast med til dømes skyvedører, der mellom anna vaskemaskin kan skjulast og skiljast frå resten av badet.

Bustaden har eit lite takoverbygg både på inngangs- og hagesida. På hagesida har leilegheitene ein praktisk skillevegg mellom seg som gir skjerming mellom einingane.
Bustaden passar svært godt for deg som skal kjøpe din første bustad, ei lita familie eller vaksne som ønskjer ein mindre bustad og samstundes ha ein liten hage.

Område og beliggenheit

Bustaden ligg i det populære bustadområdet Farsundfeltet på Sunde i Sunnfjord kommune, om lag 7 km frå Førde sentrum. Området har hatt god utvikling dei siste åra og er blitt eit etterspurt bustadområde for både barnefamiliar og førstegongskjøparar. Her bur ein i eit roleg og trygt nabolag med lite gjennomgangstrafikk, gode solforhold og flotte naturomgjevnader.

Bustadfeltet ligg fint til i terrenget og har gode solforhold. Her kan ein nyte solrikt uteområde og eit fredeleg bumiljø, samstundes som ein har kort veg til både natur og sentrum.

Avstandar I kjøyretid

  • Sunde barnehage: ca. 3 min (1,5 km)
  • Sunde skule (1–7): ca. 3 min (1,5 km)
  • Daglegvarebutikk på Bruland: ca. 5 min (4 km)
  • Førde sentrum: ca. 10 min (7,5 km)
  • Kjøpesenter, kino og kulturhus: ca. 10 min (. 7,5 km)
  • Ungdomsskule: ca. 10 min (7,5 km)
  • Vidaregåande skule: ca. 10 min (7,5 km)
  • Jølster skisenter: ca 15 min (12,5 km)
  • Førde Airport Bringeland: ca. 25 min (23 km)
  • Turstiar, skiløyper og friluftsområde: i nærområdet
  • Fjellområde for toppturar: kort køyreavstand


Barnehage og skule i nærleiken
Frå bustaden er det kort veg til gode oppveksttilbod. I nærområdet ligg Sunde oppvekstsenter, som omfattar både barnehage og barneskule (1.–7. trinn). Her får borna eit trygt og oversiktleg oppvekstmiljø med flotte uteområde og gode turmoglegheiter i nærmiljøet.

For ungdomsskule og vidaregåande skule er det kort reiseveg til Førde, der ein finn både ungdomsskule og vidaregåande skuletilbod.

Kort veg til butikkar og sentrum
Daglegvarehandel finn ein mellom anna på Bruland, berre få minutt unna med bil. Regionsenteret Førde ligg om lag 10 minutt frå bustaden og byr på eit breitt utval av servicetilbod.
Her finn ein fleire kjøpesenter, butikkar, restaurantar og kafear. Byen har også eit rikt kultur- og fritidstilbod med kino, kulturhus, bibliotek, treningssenter og idrettsanlegg.

Eit eldorado for friluftsliv
Området rundt Sunde og Førde byr på svært gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Frå bustaden har ein kort veg til fine turstiar, skogsområde og fjellterreng som passar perfekt for både korte kvardagsturar og lengre turar i helgane.

For dei som er glade i toppturar på ski, ligg bustaden særs godt til. Sunnfjord er omgitt av fjell som gir fantastiske forhold for randonee og toppturar gjennom heile vinteren.

I tillegg ligg nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet innan komfortabel køyreavstand. Her har ein tilgang til storslåtte fjellområde og fantastiske turmoglegheiter i og rundt nasjonalparkar som byr på nokre av dei råaste tur- og toppturområda i Noreg.


Aktivt kulturliv
Sunnfjord er også kjent for eit levande kulturmiljø med opplevingar for både små og store gjennom heile året. I Førde blir det arrangert fleire konsertar, arrangement og festivalar som trekkjer publikum frå heile landet. Mellom dei mest kjende er Førdefestivalen, ein av dei største festivalane for verdsmusikk i Europa.

Fordelar med å kjøpe heilt ny bustad

  • Skreddersydd bolig tilpasset dine ønsker og behov
  • Full frihet til å velge planløsning, materialer og arkitektur
  • Minimalt vedlikehold og topp moderne løsninger
  • Energismart bolig med lave driftskostnader
  • Ingen renovering eller oppussing
  • Trygg byggeprosess med fagfolk ved din side hele veien

Leveransebeskrivelse

Leveranseskildring
Veggar og himling:
Veggar i alle tørre rom er isolerte med ferdigmåla veggplater med 5 bord, type Skygge. Som standard blir veggplatene leverte i kvit farge, men du kan velje mellom 11 andre fargar.
I himling i alle rom blir det levert ferdigmåla takplater i kvit farge.

NB: Det er kun mogleg å velje 3 fargar per leilegheit i tillegg til bomull.

Golv:
I tørre rom blir det levert 13 mm 3-stavs eikeparkett av typen kvitlasert eik.
I entré og bad/vaskerom blir det levert flislagde golv med varmekablar.

Listverk:
I alle rom blir det levert kvitmåla lister rundt dører og vindauge, samt langs tak og golv. Spikarhol etter montering vil vere synlege.

Garderobar:
Det blir ikkje levert garderobeskap. Garderobeskap/skyvedørsgarderobar viste stipla på teikning er tilval og kjem som pristillegg.

Kjøkken:
Kjøkkeninnreiing i moderne stil med glatte fronter i kvit farge. Leverast og monterast av kjøkkenleverandør Norema/Sigdal. Integrerte kvitevarer er inkluderte i leveransen.

Bad:
På bad/vaskerom blir det levert veggar med rupanel og Wedi våtromsplater som underlag før membran og fliser. Veggfliser blir leverte i standardformat 30x60. På golv blir det levert fliser i storleik 30x30 med varmekablar. Det blir levert vegghengt toalett, dusj, eittgreps blandebatteri til servant, baderomsinnreiing type 60 cm med spegel, belysning og heldekkande servant eller tilsvarande.

Dører:
Inngangsdør blir levert med kvitt dørblad og karm, sylinderlås, vridar og nødvendig beslag. Balkongdør blir levert i kvit utføring med 3-lags energiglass. Glatte kvitmåla innerdører. Karm og MDF-utforingar blir leverte kvitmåla.

Elektrisk:
Det blir levert skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontaktar i kvit utføring. Automatsikringar, hovudsikring og målarar i eige sikringsskap. Tal på punkt blir levert i samsvar med NEK 400:2014. Synleg opplegg kan førekome.

Telefon / TV / breiband:
Det blir levert opplegg for fiber frå leverandør X. Kunde står sjølv for bestilling og tilkopling av telefon, TV og breiband.

Ventilasjon:
Det blir levert balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og reinsa luft blir tilført opphaldsromma. Anlegget skal vere i kontinuerleg drift for å sikre eit sunt og godt innemiljø med rett fuktbalanse.

Oppvarming:
Leilegheitene blir leverte med vedomn i stove, samt panelomnar i stove/kjøkken og soverom. Bad og entré blir leverte med varmekablar i golvet.

Utbyggjar
iStand AS er totalentreprenøren som tek seg av heile sals- og byggjeprosessen frå planlegging, prosjektering og oppføring fram til overtaking.

iStand AS er forhandlar av Lindehus

Lindehus er ei norsk huskjede med erfarne fagfolk frå ferdighusbransjen, der alle har mellom 10 og 40 års erfaring. Sidan oppstarten har Lindehus utvikla både bustad- og hyttekolleksjonar, og samarbeider i dag med forhandlarar over store delar av landet. I samarbeid med Lindehus designar og tilpassar vi bustader etter dine ønskje. Du kan òg kome med ein skissert bustad til oss, og vi kan lage skisser og teikne ut frå dine ønskje.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode449772562
Sist endret21. apr. 2026 07:00

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.