Bildegalleri

Illustrasjonsbilete

Kårevik Vest

Kårevik - Ny firemannsbustad med 2 eller 3 soverom

Prisantydning fra

4 270 000 kr

Prisantydning til

4 690 000 kr

Totalpris fra

4 295 000 kr

Totalpris til

4 715 000 kr

  • Planlegging

    -

  • Salgsstart

    -

  • Byggestart

    -

  • Overtakelse

    -

Nøkkelinfo

Boligtype
Andre
Soverom
2 - 3
Internt bruksareal
77 - 92 m² (BRA-i)
Bruksareal
82 - 97 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetBRA-iSoveromTotalpris
A192 m²34 695 000 kr
A277 m²24 295 000 kr
A392 m²34 715 000 kr
A477 m²24 375 000 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Bu sentralt i Kårevik!

No legg vi ut neste byggetrinn i Kårevik Vest – ein moderne og tiltalande firemannsbustad med gode kvalitetar og gjennomtenkte løysingar.

Leiligheitene har effektiv planløysing med open stove- og kjøkkenløysing, som gir lyse og trivelege opphaldsrom. Kvar leilighet får utvendig sportsbod, og det er moglegheit for carport. Bygget har eit moderne og stilreint uttrykk som passar godt inn i området.

Bustadene har storleikar frå 77,7 til 92,9 m²:

  • Dei minste leiligheitene inneheld 2 soverom, bad, romsleg vaskerom/teknisk rom og open stove-/kjøkkenløysing.
  • Dei største leiligheitene har 3 soverom, bad, gjestetoalett, innvendig bod/teknisk rom samt open stove og kjøkken.

Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert.
Leiligheitene i første etasje får vannboren varme, medan leiligheitene i andre etasje vert levert med vedomn. Det vert også lagt varmekablar på hovudbad og i bod/teknisk rom.

Dette er ein lettstelt og moderne bustad med gode kvalitetar, perfekt for deg som ønskjer ei ny og praktisk leiligheit i attraktive Kårevik.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat, og sjå prosjektet si heimeside for meir informasjon.

Kårevik Vest

Kårevik Vest er eit nytt og spanande bustadområde i populære og naturskjønne Kårevik. Det vert eit felt med både romslege einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader – perfekt for alt frå barnefamiliar og førstegangskjøparar til dei som ynskjer seg ein lettstelt bustad.

Kårevik kombinerer det beste frå to verdener – ei sentral og praktisk plassering, samstundes som du får nyte den landlege roen. Dette vert eit nabolag med plass til trivsel, kvardagsliv og framtidsplanar, med bustader tilpassa ulike behov og budsjett.

Fire bustader i rekke er allereie solgt, og me er i gang med salget av einebustadtomtene og firemannsbustaden. Dette er fyrste trinn av prosjektet som omfattar totalt åtte einebustadtomtar, ein seksmannsbustad, ein firemannsbustad og fire bustader i rekke. I tillegg kjem eit leilegheitsbygg på austsida av området.

Heile området vert opparbeida med gode uteområder, infrastruktur, leikeplass og tilrettelegging for eit triveleg bumiljø.

Einebustadtomtene ligg vakkert plassert på toppen av haugen, dei vert levert ferdig planert og har byggjeklausul – noko som gir deg moglegheit til å setje ditt eige preg på bustaden.

Fleirmannsbustadene vert moderne, praktiske og lettstelte, og dei blir tilbydde i ulike storleikar som passar for alt frå fyrstegongskjøparar til einslege, par og familiar.

Med både einebustadtomter og moderne fleirmannsbustader, vil dette bli eit attraktivt og variert bustadtilbod – i eit opparbeida område med god beliggenheit. Du kan no sikre deg din plass i dette nye nabolaget!

Kårevik Utvikling er eit samarbeidsprosjekt mellom Valvatne Bygg og Ingeniør Jørgensen. I 2021 kjøpte dei tomteområdet i Kårevik, og sidan har dei samarbeidd om å utvikle og prosjektere det til eit nytt bustadområde.
Valvatne Bygg har ansvar for sal og oppføring av einebustadtomtene og fleirmannsbustadene, medan Ingeniør Jørgensen står for utvikling og bygging av leileghetsbygget som skal plasserast på austsida av området.

Målet med prosjektet er å skape eit bustadområde som passar for folk i alle aldrar – med ulike behov, ynskjer og budsjett.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode445758236
Sist endret13. feb. 2026 09:02
Referanse682d98977697dbf0feb16572

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.