Bildegalleri

Nedre Mallasvika - byggetrinn 2

Mallasvika panorama byggetrinn 2

6 leiligheiter med panorama utsikt over fjorden | Gode solforhold | Siste byggetrinn |

Prisantydning fra

3 250 000 kr

Prisantydning til

3 900 000 kr

Totalpris fra

3 261 292 kr

Totalpris til

3 913 792 kr

  • Planlegging

    Sommer 2025

  • Salgsstart

    Høst 2025

  • Byggestart

    Sommer 2026

  • Overtakelse

    Høst 2027

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
1 - 2
Internt bruksareal
51 - 64 m² (BRA-i)
Bruksareal
51 - 69 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Bredbåndstilknytning
Turterreng
Utsikt

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Prosjektet består av ei frittståande blokk på to etasjar med totalt 6 leiligheiter.
Blokka er trinn 2 (av 2) i sameiget. Sameiget Mallasvika Panorama vil bli re-seksjonert når prosjektet er ferdigstilt.

Beliggenhet

Prosjektet ligg fint til i Mallasvika like vest for sentrum i Naustdal. Her får ein flott utsikt, gode solforhold, og samtidig kort avstand til skule, barnehage og butikk i sentrum.

Enkel adkomst til sameiget felles tomt frå kommunal veg.
Leiligheitene i underetasjen vil ha adkomst via utvendig trapp frå parkeringsplass/tunet framfor blokka.
Leiligheitene i 1.etg. vil ha trappefri adkomst frå parkeringsplass/tunet framfor blokka.

Garasje/parkering

Det følg med ein fast parkeringsplass til kvar av leiligheitene på felles parkeringsplass.

Konstruksjon

Leiligheitene blir oppført etter dagens byggeforskrift TEK17 med normalt god standard.
Sjå leveransebeskrivinga lenger bak i prospektet for beskriving av byggjemåte.

Organisasjonsform

Leilegheitene vil bli selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no.

Seksjonsnummer vert bestemt i samband med re-seksjonering.
Dagens sameige har ikkje valg forretningsførar, og ordnar med rekneskap mm. sjølv.

Det kan skje ei omprosjektering som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sunnfjord kommune. Seksjonering kan ta tid som følgje av lang sakshandsamingstid hjå kommunen.

Den einskilde seksjonseigar heftar for felles ansvar og plikter etter sameigebrøken. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader, jf eierseksjonloven §§ 30 og 31.

Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.

Betalingsbetingelser

10% ved oppstart byggeplass.
90% ved overtaking.

Sluttinnbetalinga vil stå på klientkontoen til meklar inntil overtakinga og overskøyting har funnet stad.

Salgsbetingelser og kjøpetilbud

Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.

Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Tomt

Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Seljar kan også gjere mindre endringar på utomhusarealet som følgje av offentlegrettslege krav, så lenge det ikkje forringar verdien og nytten av utomhusarealet.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.

Oppvarming

Varmekablar i golv på alle bad.
I leiligheitene i underetasjen blir det i tillegg levert varmekablar i golv på følgande rom: stue / kjøkken og gang, samt panelovn på soverom.
I leiligheitene i 1.etg. blir det levert panelovnar med termostat i stue / kjøkken og soverom.

Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.

Energimerking

Leiligheitene vil få energimerke B (rød). Energimerking vert ein del av sluttdokumentasjonen for leilegheitene. Informasjon om energiklasse finn du på energimerking.no.

Sentrale lover

Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon.

Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: §§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.

Adgang til utleie

Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årlie ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.

Hvitvaskingsregelverk

Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.

Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.

Diverse

Seljar leverer ikkje; lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskrivinga.

Fremdriftsplan og ferdigstillelse

Forventa byggjetid for byggjesteg 2 er ca. 14 mnd frå oppstart betong. Utbyggjar tek atterhald om minimum sal av 3 leiligheiter før oppstart, samt at prosjektet blir godkjent av offentlege myndigheiter.

Seljar har frist på 6 mnd frå kjøpar signerer på kjøpekontrakt å få avklart atterhalda i prospektet. Etter denne dato kan begge partar med skriftleg varsel til den andre parten gå frå avtalen utan at det fører til nokon form for kompensasjon for nokon av partane.

Når seljar har oppheva atterhalda skal seljar fastsetje ein overtakingsperiode som ikkje skal vere lenger enn 3 månader. Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakingsperioden startar og når den sluttar. Seinast 10 veker før ferdigstilling av bustaden skal seljar gi kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakingsdato. Den endelege datoen er bindande, løyser ut krav om dagmulkt og skal liggje innanfor overtakingsperioden. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ved overtaking mot mellombels bruksløyve pliktar seljar å leggje fram ferdigattest innan rimleg tid og seinast før mellombels bruksløyve går ut på tid. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.

Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV- dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode429459362
Sist endret01. okt. 2025 06:34
Referanse2000255124

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.