Bildegalleri
Mehaugen 21
Flott halvpart i tomannsbustad i solrike Liabygda - EIN RESERVERT
Prisantydning
4 650 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
2025
Salgsstart
2025
Byggestart
2026
Overtakelse
2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Tomannsbolig
- Soverom
- 4
- Antall etasjer
- 2
- Internt bruksareal
- 127 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 132 m²
- Eksternt bruksareal
- 5 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 24 m² (TBA)
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
| Enhet | BRA-i | Soverom | Totalpris |
|---|---|---|---|
| A | 127 m² | 4 | 4 652 787 kr |
| B | 127 m² | 4 | 4 652 787 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Nye bustadar i Liabygda
EIN HALVPART RESERVERT
Kort om eigedomen
Vi har gleda av å presentere to heilt nye halvdelar av tomannsbustad i Liabygda, Stranda. Bustadane har ei tidsriktig planløysing, og eit godt utarbeidd farge- og materialval. Bustadane går over to etasjar. Begge bustadane har fire soverom og to bad – eitt i kvar etasje. I 2. etasje er det ein open kjøken- og stoveløysing som gir ei romsleg kjensle. Begge bustadane får eigne uteområde på tre sider av bustaden. For parkering er det parkering ved hovudingang med opsjon for garasje/carport. Ved kjøp av ein bustad i Mehaugen 21 har du moglegheit til å få ein heilt nøkkelferdig bustad, utan behov for eigeninnsats.
Innhald
Bustadane går over to plan, og inneheld følgjande:
U. etg: 3 soverom, bad, vaskerom, bod, gang.
1. etg: Stove/kjøken, soverom, bad, gang, sportsbod.
Moglegheit for bygging av Carport
Standard
Bustadane vert oppførte i samsvar med gjeldande plan- og bygningslov TEK17.
Bygningsinformasjon / byggemåte:
Fundament
Bygget vert oppført på ringmur med støypt plate. Isolert veggsystem mot fylling.
Innvendig overflate – tørre rom
Det blir levert ferdig ferdigbehandla plater på vegg og i tak på alle rom, ferdigbehandla listverk. Alle innvendige dører vert levert med foringar og listverk i kvit utføring (synlege spikerhol i listverk).
Sparkla overflate med gips og listefrie løysingar kan avtalast mot eit tillegg i prisen.
Golv blir levert som einstavs klikkvinyl. Kjøpar kan velje frå eit begrensa utval. Parkett kan leverast mot eit tillegg i prisen.
Innvendig overflate – våte rom
Det blir levert våtromsplater på vegg. Flislagt golv i 30x30 format på bad, gulvbelegg på vaskerom.
Utvendig
Ytterveggar har lufta fasadekledning med ståande og liggjande dobbel falset panel, grunna og eitt strøk beis i tilnærma farge som illustrasjonane.
Vindauge
Vindauge i yttervegg vert levert som kvitmåla eller tilnærma visualisering, trevindauge både ute og inne. Vindauge vert levert med barnesikring og nødvendige beslag.
Dører
Ytterdør til bustad vert levert kvitmåla eller tilnærma visualisering. Tredør av god kvalitet med glas. Balkongdører vert levert kvitmåla tre, tilnærma visualisering. Innvendige dører vert levert kvitmåla med slette dørblad, låskasse og vridar. Alle innvendige dører vert levert med foringar og listverk i kvit utføring (synlege spikerhol i listverk).
Kjøkken
Kjøkken ifrå Fossline tilnærma lik visualisering, inklusive montering. Kjøkkenet blir levert med kvitevarepakke frå Electrolux.
Trapp
Trapp ifrå Hagen i kvitmala furu, med eiketrinn.
For meir informasjon, ta kontakt.
Oppvarming
Det er innstøypte varmekablar i samtlige våtrom samt entre. I tillegg er det vedomn i stove.
Adkomst
Eigedomen får adkomst frå offentleg veg.
Parkeringsforhold
21A (venstre side): Har 2 parkeringsplassar på grusa parkeringsplass.
21B (høgre side): Har 2 parkeringsplassar på grusa parkeringsplass.
Det er moglegheit for carport/garasje mot eit tillegg i prisen.
Kjøpsvilkår
Salgsoppgåva med tilhøyrande vedlegg føreset å vere lesen og akseptert av kjøpar. Kjøpar og seljar vil seinare inngå fullstendig kjøpekontrakt med endelege vedlegg. Kjøpar aksepterer at detaljbestemmingar først kan bli avklara i kjøpekontrakt. Dersom salgsoppgåve og kontraktsdokument inneheld motstridande bestemmelsar, gjeld yngre framfor eldre, spesielle framfor generelle, og særskilt utarbeidde framfor standardiserte bestemmelsar.
Det vert gjort merksam på at illustrasjonar i salgsoppgåva og på nett ikkje er bindande for bustaden sin detaljutforming, som til dømes fargar, materialar eller innreiingar. Opplysningar gitt i salgsoppgåva kan avvikast dersom seljar finn det naudsynt eller ønskjeleg, så lenge endringane ikkje påverkar den oppgitte standarden. Det same gjeld i forhold til detaljane i situasjonsplan og utomhusplan. Alle illustrasjonar, skisser og «møblerte» planteikningar er meint å gi eit inntrykk av den ferdige bustaden, men kan innehalde materiale og vise detaljar som ikkje følgjer med i handelen. Slike avvik kan ikkje gjerast gjeldande som mangel frå kjøpar si side.
Vidare kan illustrasjonane vere ein kombinasjon av 3D-illustrasjonar og fotomontasje, der utsikt, plassering eller omgjevnader ikkje nødvendigvis stemmer. Det vert derfor gjort merksam på at bygg og tre på naboeigedomar ikkje nødvendigvis er korrekt illustrert.
Dersom det er avvik mellom teikningar i sals- og nettpresentasjon og leveransebeskriving/romskjema, er det leveransebeskriving og romskjema som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til desse. Prosjektstandarden går fram av leveransebeskrivinga, uavhengig av uttrykk i prospekt eller annonsering som «god standard» osv.
Regulering
Reguleringsplan for Lied 1 er gjeldande.
Veg, vatn og kloakk
Eigedomen er tilknytt offentleg veg, vatn og avløp. Vatn og avløp går i private røyr fram til offentleg nett.
Ferdigattest
Seljar skal skaffe ferdigattest for bustaden. Kjøpar er kjend med at slik attest normalt vil liggje føre først ei tid etter overtaking. Dersom ferdigattest ikkje ligg føre, vert overtakinga gjennomført mot mellombels bruksløyve.
Eigedomen sin karakter
Eigedomen er eit sameige med 2 seksjonar. Kvar seksjon nyttar det utvendige arealet som høyrer til sin del av bustaden. Arealet vil variere frå bustad til bustad. Totalt tomteareal er ca 1010 kvm. Bustadene får uteområde klargjort for plen (ikkje tilsådd) og med grusa parkeringsplass.
Generelle forhold
Areal BRA-i: 127 kvm
Fordeling av areal:
- 1. etasje: 63 kvm
- 2. etasje: 64 kvm
BRA-e: 5,2 kvm
Sameige
Det vert oppretta eit sameige på eigedomen. Ved kjøp av bustad følgjer rett og plikt til medlemskap i sameiget. Det ligg føre førebelse vedtekter, som er bindande for kjøpar, men som seljar kan endre før overtaking grunna reguleringsmessige og seksjoneringsmessige avgjerder. Vedtektene er del av prospektet og inneheld viktige opplysningar om organisering og eigarform. For øvrig gjeld lov om eigarseksjonar. Iht. lova er sameigarane ansvarlege overfor kreditorar i forhold til sin sameiebrøk. Ved manglande betaling av fellesutgifter har sameiget lovbestemt pant i den enkelte seksjon inntil éin gong folketrygda sitt grunnbeløp.
Særskilde forhold i byggeperioden
Kjøpar har ikkje høve til å vitje byggeplassen utan avtale, og berre saman med representant frå seljar. Dette på grunn av seljar sitt ansvar og forsikring for bygg og personar på anleggsplassen.
Kjøpekontraktar
Avtale om kjøp av bustad skal inngåast iht. bindande tingingsskjema og kjøpekontrakt. Bygga blir oppført etter bustadoppføringslova. Fakturering skjer etter A-kontoplan basert på framdrift.
Bodreglar
Bustadene vert selde til fast pris. Seljar står fritt til å akseptere eller avslå bod, inkludert sal til selskap eller same kjøpar av fleire bustader. Merk at eigarseksjonslova ikkje opnar for at meir enn to seksjonar kan eigast av same person.
Øvrige forbehold
Teikningar, animasjonar og foto i prospektet er illustrerande og definerer ikkje nøyaktig leveranse frå seljar. Ved avvik mellom byggebeskriving og planteikningar gjeld byggebeskrivinga. Dersom det er avvik mellom prospekt/nettside og leveransebeskriving, gjeld den endelege leveransebeskrivinga i kontrakten. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne. Det vert teke atterhald om trykkfeil. Seljar kan gjere endringar som er føremålstenlege og naudsynte, utan prisjustering, så lenge den generelle standarden ikkje vert redusert.
Endringar kan t.d. vere innkassing av tekniske anlegg eller mindre justeringar av areal. Det kan òg kome sjakter/rørføringar som ikkje er viste på teikningane. Seljar kan endre storleik på sameiget, leige ut uselde seksjonar, og justere prisar på uselde bustader. Kjøpar må leggje fram finansieringsbevis før kontrakt. Kontraktsmøte vert halde innan rimeleg tid etter aksept.
Skjøte skal tinglysast på ny eigar, med mindre kjøpar uttrykkeleg tek atterhald i kjøpsstadfestinga.
Forsikring
Bygg og eigedom er forsikra av utbyggjar fram til overtaking. Etter dette teiknar sameiget fullverdiforsikring. Kjøpar må sjølv teikne innbo- og lausøyreforsikring.
Bustadoppføringslova
Ved sal til forbrukar gjeld bustadoppføringslova. Dersom kjøpar er profesjonell/investor gjeld avhendingslova og ulovfesta entrepriserett.
Energimerking
Alle bustader som vert selde/leigde ut, skal ha energiattest. Seljar har ansvar for å fremskaffe attest med energiklasse (A–G). Dersom dette ikkje er gjort, må attest liggje føre seinast ved ferdigattest.
Formuesverdi
Formuesverdi er ikkje fastsett. Ligningsverdien vert fastsett av Skatteetaten etter ny modell, og avheng av om bustaden er primær- eller sekundærbustad.
Reguleringsmessige forhold
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Offentlege atterhald
Kjøpar aksepterer at eigedomen kan verte pålagt servituttar/erklæringar frå offentleg styresmakt, t.d. om drift og vedlikehald av fellesområde eller energinett.
Pengeheftingar
Iht. lov om eigarseksjonar §30 er sameigarane ansvarlege overfor kreditorar i forhold til sin sameiebrøk. Sameiget har pant i kvar seksjon inntil 2 gonger folketrygda sitt grunnbeløp ved manglande betaling. Andre erklæringar/avtalar (t.d. vatn, kloakk, gjerde, vegrett) vil følgje eigedomen og kan ikkje slettast.
Sameiget / forretningsførar
Bustadene er eigarseksjonar, men det vert ikkje etablert aktivt sameige. Førebelse vedtekter er utarbeidde, og kan endrast av seljar før overtaking.
Utomhus
Opparbeiding skjer i tråd med utomhusplan og teikningar. Veg, vatn og avløp vert opparbeidde etter gjeldande reglar. Dersom overtaking skjer om vinteren, kan arbeid som krev sommar (t.d. planering, vegarbeid, utvendig beising) stå att. Bustadene kan likevel ikkje nektast overtatt. Uteområde leverast grusa og planert, men utan sådd plen.
Internett/TV
Tilknytingsavgift og abonnement inngår ikkje. Kjøpar må sjølv bestille straum og eventuelt internett/TV-abonnement.
Forbehold om realisering av prosjektet
Prosjektet krev 100 % førehandsal (begge einingar) innan 01.mai.2026 for å starte. Dersom dette ikkje oppnåast, kan seljar annullere kontraktar innan fristen. Seljar kan òg fråfalle atterhalda. Dersom atterhalda vert gjorde gjeldande, fell kontrakten bort, og innbetalt beløp med renter vert tilbakebetalt. Kjøpar kan trekkje seg innan éi veke etter 01.mai.2026 dersom seljar ikkje har avklart atterhalda.
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.