Bildegalleri

Hagebytunet

Hagebytunet - Bu moderne og grønt, midt i Sogndal. 3 selde!

Prisantydning fra

5 250 000 kr

Prisantydning til

8 400 000 kr

Totalpris fra

5 260 140 kr

Totalpris til

8 417 110 kr

  • Planlegging

    Sommar 2025

  • Salgsstart

    05.09.2025

  • Byggestart

    Når 55% av salsverdi er seld

  • Overtakelse

    2027. Avhengig av når byggestart blir.

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Soverom
2 - 3
Internt bruksareal
75 - 128 m² (BRA-i)
Bruksareal
75 - 133 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
12 - 19 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Heis
Garasje/P-plass
Hage
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Turterreng
Utsikt
Sentralt

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale salsmøte.
Visningspåmelding

Beskrivelse

Velkomen til Hagebytunet - eit unikt og framtidsretta bumiljø like ovanfor Sogndal sentrum.
Her kjem arealeffektive, moderne bustader samla rundt eit bilfritt og grønt fellestun inspirert av dei tradisjonelle klyngetuna, men i ein ny og innovativ drakt.
Hagebytunet vil tilby 4 nye effektive einebustadar, samt ein horisontaldelt tomannsbustad, med 2 lekre leilegheiter. Den staselege villaen teikna av arkitekt Lindstrøm er også planlagt å restaurerast å seljast.
Hagebytunet er eit unikt prosjekt i Sogndal som viser korleis ein kan byggje tett og smart, utan å gi slepp på natur, utsikt og rom for fellesskap. Arkitekturen tek utgangspunkt i terrenget, med bustader i tre og store vindauge som slepp lyset inn og gir luftige romopplevingar.

Hus A - Einebustad på 2 etasjar.
Estimert areal: 116,8 kvm.

Hus B - Einebustad på 2 etasjar + Hems
Estimert areal: 132,5 kvm.

Hus C - Eksisterande hus vil bli seld på eit seinare tidspunkt.

Hus D - Horisontaldelt 2-mannsbolig
Leilegheit 1.etg - Estimert areal: 74,9 kvm.
Leilegheit 2.etg - Estimert areal: 76,6 kvm.

Hus E -Einebustad på 2 etasjar
Estimert areal: 69,7 kvm.

Hus F - Einebustad på 2 etasjar
Estimert areal: 79,2 kvm.

Meld din interesse ved å ta kontakt med meklar. Informer gjerne om kva type bustad som er aktuell for deg.

Kvifor velje Hagebytunet?

Nytt og moderne
Her får du moglegheit til å flytte inn i noko heilt nytt.
Saman med dyktige arkitektar kan du vere med å sette ditt eige preg på din nye heim.

Sørvend beliggenheit med sol og utsikt
Lyst, luftig og berre ein kort spasertur frå sentrum.

Grønt, bilfritt hagetun med plass til fellesskap
Dyrk eigne grønsaker, la ungane leike trygt - eller ta kaffien i solveggen med naboen. Samstundes som det vil vere mogleg å trekke seg unna med private soner til kvar bueining.

Arkitektur med omtanke
Små arealeffektive bustader, bygd med respekt for landskapet og med fokus på tre, lys og utsyn.

Fleksible bustader for ulike livsfasar.
Prosjektet skal passe for alle livsfasar. For familiar, par, einslege og eldre.

Alt du treng - rett i nærleiken
Butikkar, kulturhus, skular og natur - alt innan gåavstand.

Hagebytunet er for deg som vil bu urbant, men grønt. Sosialt, men fredeleg. Moderne, men med røter i tradisjonar. Her får du meir enn ein bustad - du får eit levande tun og eit nært nabomiljø.


Beliggenhet

Eigedomen vil ha vegtilkomst frå Navarsetevegen. Kjem ein gåande frå sentrum kan ein gå via Hovsmarki og vidare på sti bort til eigedomen.

Generell orientering

Materialer kan oppgraderast og oppfølging av arkitekt for farge- og materailval er inkludert inntil 5 timar. Arkitektkontoret 4B.

Garasje/parkering

Parkering i carport og felles tun.
Hus A og B vil ha 1.prioritet i val av parkeringsplassar.
Parkering 7 og 8 vil ha plass til 2 bilar dels under carport. Det merkast at ein ikkje kan berekne å få plass til 2 store bilar.

Konstruksjon

Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/året, og ein bør vere forsiktig med gassbruk og levande lys innvendig.
I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det kan førekomme avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.

Balkonger/terrasser/uteplasser

Alle bueiningar vil ha sin eigne private uteplass.

Organisasjonsform

Bueiningane vil bli selde som sjølveigarbustader og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no.

Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 7 seksjonar i sameiget fordelt på 6 hus.

Det kan skje ei omprosjektering som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget. Om det som følje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget i seinare byggetrinn, er kjøpar pliktig å godta dette.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sogndal kommune. Seksjonering kan ta tid som følgje av lang sakshandsamingstid hjå kommunen.

Sameiget vil bli leia av eit styre som vert valt mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Seljar vil på vegne av sameiget engasjere ein forretningførar til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammene som sameiget vedtek. Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i sameiget.

Det er ikkje valt forretningsførar for sameiget. Utbyggar vel forretningsførar for ein periode på to år ved etablering av sameiget. Vidare må sameiget ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert.

Den einskilde seksjonseigar heftar for felles ansvar og plikter etter sameigebrøken. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader, jf eierseksjonloven §§ 30 og 31.

Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.

Betalingsbetingelser

10 % ved underteikning av kontrakt
40 % ved tett hus
40 % ved klart til måling
10 % ved overtaking

Sluttinnbetalinga vil stå på klientkontoen til meklar inntil overtakinga og overskøyting har funnet stad.

Salgsbetingelser og kjøpetilbud

Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.

Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Tomt

Felles tun inspirert av dei tradisjonelle klyngetuna.
Det vil vere felles tomt, men kvar bustad vil få sin eigen private sone utanfor sine eigne hus.
Hagebytunet tilbyr moderne bustadar utan å gi slepp på natur, utsikt og rom for fellesskap.

Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Seljar kan også gjere mindre endringar på utomhusarealet som følgje av offentlegrettslege krav, så lenge det ikkje forringar verdien og nytten av utomhusarealet.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.

Oppvarming

Vassboren varme i leilegheiter. Vedovn i hus. Elles elektrisk oppvarming.

Energimerking

Utbyggar informerer om at det vil holde krava etter TEK17.

Sentrale lover

Salgsoppgaven er basert på de opplysningene selger har gitt til megler og eventuell bygningssakkyndig, samt opplysninger innhentet fra kommunen, Statens kartverk og andre tilgjengelige kilder.

Eigedomen skal overleverast kjøpar i tråd med det som er avtalt. Det er viktig at kjøpar set seg grundig inn i alle salsdokumenta. Kjøpar vert sett på som kjend med forhold som er tydeleg beskrive i salsdokumenta. Forhold som er beskrive i salsdokumenta kan ikkje påberopast som manglar. Dette gjeld uavhengig av om kjøpar har lest dokumenta. Alle interessentar oppmodast til å undersøke eigedomen nøye, gjerne saman med fagkyndig før bod vert gjeve. Kjøpar som velg å kjøpe usett kan ikkje gjere gjeldande som mangel noko han burde blitt kjent med ved undersøkinga.

Dersom det er behov for avklaringar, anbefalar vi at kjøper rådfører seg med eigedomsmeklar eller ein bygningsakyndig før det vert lagt inn bod.

Dersom eigedomen ikkje er i samsvar med det kjøparen må kunne vente, kan det vere ein mangel. Det same gjeld dersom det er halde attende eller gitt urette opplysningar om eigndomen og dette har virka inn på avtalen.

Eigedomen kan og ha ein mangel dersom det er avvik mellom opplyst og faktisk areal.

Dersom kjøpar ikkje er forbrukar vert eigedomen seld «som den er», og seljar sitt ansvar er då avgrensa jf.§ 3-9 1. ledd 2. pktm.Informasjon om kjøpar si undersøkingsplikt, med dette oppmoding om å undersøkje eigedomen nøye, gjeld også for kjøparar som ikkje vert sett på som forbrukarar.

Garanti: Ved sal av ny bustad eller fritidsbustad til forbrukar innan seks månader etter fullføring skal seljar stille garanti i samsvar med bestemmelane i bustadoppføringslova § 12. Garantien gjeld i fem år frå overtakinga og skal utgjere fem prosent av kjøpesummen.

Ein føresetnad for salet er at skøytet for eigedomen vert tinglyst på kjøpar. Kjøpar aksepterer at EiendomsMegler 1 kan offentleggjere kjøpesum m.m. i eiga marknadsføring. Interessentar og kjøpar må godta at seljar og meklar brukar elektronisk kommunikasjon i salsprosessen.
I tråd med eigedomsmeklingsforkrifta vil informasjon om oppdragsgivar, salsobjektet, interessentar og kjøpar bli lagra av meklarføretaket i min. 10 år. Sjå EiendomsMegler1.no for meir informasjon om behandlinga vår av personopplysningar.

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal sameiets styre skal underrettes om alle overdragelser og leieforhold.

Adgang til utleie

Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årlie ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. Bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.

Hvitvaskingsregelverk

Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.

Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.

Budgivning

Alle bod skal gjevast skriftleg og legitimert til meklar, som formidlar desse vidare til seljar. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på hjem.no, finn.no, via eiendomsmegler1.no eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke og formidle det vidare til seljar.

Bod må ikkje ha kortare akseptfrist enn kl. 12.00 første virkedag etter siste annonserte vising. Bod med kortare frist enn dette kan ikkje formidlast av meklar.

Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama bør dei ikkje ha ein kortare akseptfrist enn 30 minutt frå bodet er gjeve. Bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Meklar tek ikkje ansvar for forseinkingar på el- eller telenettet.

Under bodrunden kan akseptfristen kortast ned ved mottaking av nye bod. Akseptfristen frå kjøpar er absolutt. Det betyr at dersom seljar vel å akseptere bodet, må kjøpar meddelast aksepten innan akseptfristen går ut. Dersom du utset å gje inn bod til tett opp mot akseptfristen er det ei reell fare for at eigedomen kan bli seld før bodet ditt kjem fram til meklar. Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som også er ein del av salsoppgåva.

Kjøpar er utanlandsk statsborgar
Dersom ein kjøpar er utanlandsk statsborgar krevjast det at ein har D-nummer til erstatning for norsk personnummer. Meklar rekvirerer dette samstundes som skøyte vert sendt inn til tinglysing hjå Kartverket. Skøytet vert så liggande hjå Kartverket fram til kjøpar har fått D-nummer av skatteetaten. Deretter vert skøytet tinglyst. Denne prosessen vil ofte medføre at oppgjer og utbetaling til seljar vert forseinka med nokre veker. Kjøpar må i desse tilfella enten ta atterhald i b od om forseinka utbetaling til seljar, eller vere budd på å dekke forseinkingsrenter. Kontakt ansvarleg meklar for informasjon før bodgjeving.

Diverse

Materialer kan oppgraderast og oppfølging av arkitekt for farge- og materailval er inkludert inntil 5 timar. Arkitektkontoret 4B.

Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter overtaking.

Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskrivinga.

Fremdriftsplan og ferdigstillelse

Salsstart august 2025. Det er satt krav om sal av minimum 55% av samla salskalkyle for prosjektet før ein kan sette i gong byggestart.

Seljar har frist på 6 mnd frå kjøpar signerer på kjøpekontrakt å få avklart atterhalda i prospektet. Etter denne dato kan begge partar med skriftleg varsel til den andre parten gå frå avtalen utan at det fører til nokon form for kompensasjon for nokon av partane.

Når seljar har oppheva atterhalda skal seljar fastsetje ein overtakingsperiode som ikkje skal vere lenger enn 3 månader. Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakingsperioden startar og når den sluttar. Seinast 10 veker før ferdigstilling av bustaden skal seljar gi kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakingsdato. Den endelege datoen er bindande, løyser ut krav om dagmulkt og skal liggje innanfor overtakingsperioden. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ved overtaking mot mellombels bruksløyve pliktar seljar å leggje fram ferdigattest innan rimleg tid og seinast før mellombels bruksløyve går ut på tid. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.

Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV- dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.

Kjøkken

Kjøken levert av Sigdal.

Bad

Heilflisa bad.

Fasade

Kledning er dobbelfalsa 19x148. Naturfarga.

Yttertak

Plannja trend. Snøfangarar er levert som standard på takvinkel over 25 grader. Elles etter taktype. Taktekking og beslag og nedløp natur/grå.

Ventilasjon

Boligventilasjon etter Tek 17 med gjenvinning

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode424394595
Sist endret12. des. 2025 17:49
Referanse4000255016

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.