Bildegalleri

Illustrasjonsfoto

Inaktiv

Moderne firemannsbustad i Valvatnaåsen, KUN 1 IGJEN!

Valvatnaåsen 29

Prisantydning

Solgt

Totalpris

Solgt

  • Planlegging

    2 kvartal 2025

  • Salgsstart

    3 kvartal 2025

  • Byggestart

    3 kvartal 2025

  • Overtakelse

    3 kvartal 2026

Nøkkelinfo

Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balkong/terrasse
Sentralt
Utsikt
Balansert ventilasjon
Garasje/P-plass
Peis/ildsted
Turterreng

Enheter i prosjektet

EnhetBRASoveromTotalpris

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Husbankfinansiert firemannsbustad i populært bustadområde

Valvatne Bygg AS tilbyr no ein moderne og husbankfinansiert firemannsbustad i attraktive og naturskjøne omgjevnader i Valvatnaåsen. Her har du moglegheita til å sikre deg ein rimeleg og sentralt plassert bustad i eit etablert og barnevenleg nabolag.

Kvar bueining inneheld ei lys og triveleg stove med open kjøkkenløysing, to soverom og praktisk bodareal. Alle einingane har solrike terrassar vendt mot nordvest, med flott utsikt mot både Siggjo og Utslettefjellet.

Bustadane vert levert med gjennomgåande god standard og oppfyller krav til livsløpsstandard i første etasje, noko som gjer dei godt eigna for både familiar, einslege og eldre.

Eigedomen ligg i enden av ei roleg vegstrekning, med skog som næraste nabo – perfekt for deg som ønskjer både nærleik til natur og eit trygt, roleg bumiljø. Ein liten leikeplass vert etablert rett utanfor bustaden, til glede for dei minste.

Interessa er stor, og me praktiserer «fyrstemann til mølla»-prinsippet – ta kontakt i dag for meir informasjon!

Alle leilegheitene er på eitt plan og har ei gjennomtenkt planløysing med tre soverom, open stove- og kjøkkenløysing, samt utvendig sportsbod. Både terrassar og inngangsparti i 1 etg. er overbygde, medan 2. etg har overbygd inngongsparti og pergola med glastak på terrassen. Bustadane har eit moderne og stilreint utvendig uttrykk.

Leilegheitene har i hovudsak lik planløysing, med enkelte forskjellar mellom etasjane:

1. etasje har livsløpsstandard og ekstra takhøgde (260 cm) i stove og kjøkken, medan 2. etasje har tilkomst via utvendig trapp og skrå himling i stova, noko som gir ei luftig og open romkjensle.

Leilegheitene vert levert med gjennomgåande bra standard (sjå eiga romskjema og leveransebeskriving). Kjøkken- og baderomsinnreiing vert levert av Stord Kjøkkensenter, med løysingar frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Komplett sett med kvitevarer er inkludert i leveransen.

Som kunde får du moglegheit til å setja ditt eige preg på bustaden gjennom eit utval av tilval. Dette kan til dømes vere val av parkettype og peisomn, farge og front på kjøkkeninnreiing eller oppgradering av baderomsinnreiing.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode410958123
Sist endret25. sep. 2025 07:18
Referanse67ff78e82c8dae934e5db904

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.