Bildegalleri
Sognatun
Eit kvalitetsbygg i hjartet av Sogndalsfjøra. Her kjem det 56 nye leilegheiter med varierande størrelse!
Prisantydning fra
2 900 000 kr
Prisantydning til
12 300 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Vår 2025
Salgsstart
23. juni
Byggestart
Hausten 2025
Overtakelse
4. kvartal 2027
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 0 - 3
- Internt bruksareal
- 27 - 140 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 31 - 140 m²
- Eksternt bruksareal
- 2 - 9 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 4 - 67 m² (TBA)
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Me lanserer no ein oversikt over prosjektet med planteikningar for alle leilegheiter.
Sognatun vert eit grønt bumiljø i sentrum med felles uteplassar på bakkeplan og på taket. Alle leilegheitene får lune, private uteplassar.
Sjå meir på www.sognatun.no
Beliggenhet
Leilegheitene får inngang både frå Parkvegen og frå gardsrommet/hagen i sør.
Kommunale avgifter
Då leilegheitene er heilt nyleg seksjonerte, er det ikkje fastsett kommunale avgifter for kvar leilegheit. Dette vil følgja kommunalt regulativ.
Tomten
Eksakt tomteareal for de respektive sameigene vil føreligge etter samanslåing/frådeling og endeleg oppmåling utført av kommunen. Tomten disponerast av seksjonseigarane enten i samsvar med seksjonerings søknad eller sameigevedtekter. Kontakt meklar for ytterlegare informasjon.
Heile gardsrommet i sør blir utforma som ein felles hage, med stort innslag av ulike typar vegetasjon. Det blir gras, buskar og trær som blomar på ulik tid på året, og som delar hagen inn i ulike sonar. Heile hagen skal utformast så den innbyr til leik, aktivitet og sosial omgang, så born og vaksne kan opphalde seg saman. Storleik på leikeareal og krav til utforming blir i samsvar til krav i gjeldande arealdel i kommuneplanen ved gitt rammeløyve. Gjennom hagen går det ein gangveg som koplar sentrumsparken på fjordstien. Illustrasjonar i prospektet syner ein intensjon om vegetasjon og utforming. Endeleg utforming utarbeidast i samband med detaljprosjektering før byggestart.
Oppvarming
Det blir vannbåren varme i yttergang, gang, bad, stue og kjøkken i alle leilegheiter. Soverom leverast med stikkontakt for panelomn. Prosjektet vil ha ein luft-til-vann varmepumpe som varmar opp vatnet. Varmt tappevann kjem frå ein felles behaldar som er plassert i teknisk rom i kjellaren.
Hvitvaskingsreglene
Meklarføretaket er underlagt lov og forskrift om kvitvasking der det går fram at meklar er forplikta til å gjennomføre kundekontroll av begge partar i avtalen. Dette inneber at både kjøpar og seljar pliktar å leggje fram gyldig legitimasjon slik at identitet kan stadfestast før handelen vert gjennomført etter innhaldet i avtalen. Partane er også pålagt å svare på nærare beskrivne spørsmål om transaksjonen. Desse kan vere teke inn i sjølve kontrakten eller andre dokument i samband med transaksjonen. Dersom slik kundekontroll ikkje kan gjennomførast er meklar pålagt å avstå frå å gjennomføre transaksjonen. Ansvaret for at kundetiltak ikkje kan gjennomførast ligg på partane sjølve og meklarføretaket kan ikkje haldast ansvarleg for eventuell stopp i transaksjonen. Partane er sjølve ansvarlege for eventuelle kostnader og ansvar dette kan medføre.
Meklar plikter etter lov 1. juni 2018 nr. 23 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering å innberette mistenkelige pengeoverføringer.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43
(bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 6. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiget og drifta av dette.
Diverse
Volum/romhøgde
Romhøgde i leilegheitene på plan 2-5:
-Gang, bod, bad og soverom: om lag 2,4 meter
-Stue/kjøkken: om lag 2,6 meter
Romhøgde i leilegheit 601:
-Stue/kjøkken har skråtak med høgast romhøgde mot sør og utsikt ut fjorden. Romhøgda går frå om lag 2,25 meter til 2,95 meter. Innkassing som vist på planteikning.
-Bad, wc, bod og gang: om lag 2,4 meter
-Soverom får skrå himling. Et soverom får himlingshøgde på 2,25-2,7 meter. To soverom får himlingshøgde på 2,8-3,2 meter.
-Innkassing vil kunne førekomme.
Romhøgde i leilegheit 603:
- Kjøkken: om lag 2,5 meter.
-Stue: skrå himling med høgast mot vest og kveldsol. Romhøgde frå om lag 2,35-3,1 meter.
-Soverom: eit soverom får romhøgde med skråtak frå om lag 2,35 3,1 meter. To soverom får romhøgde frå om lag 2,35 2,8 meter.
-Vaskerom, WC, bad, gang, bod: om lag 2,4 meter.
-Innkassing vil kunne førekomme.
Det meste av tekniske føringar er løyst over soverom, bad og gang. Her er himlingane er nedsenka for å få plass til desse. Grunna krav om sprinkling av balkong og for å luft inn/ut til ventilasjonsanlegg vil det i nokon leilegheiter bli innkassingar i himling. Desse er i stor grad teikna inn på planteikning, men endringar vil kunne førekomme i detaljprosjektering.
Gjesteleilegheit og fellesrom:
På plan 6 er det ei gjesteleilegheit som deles av sameiget. Denne kan bookast og nyttast viss ein til dømes treng eit ekstra rom til besøkande ei helg. På plan 6 er det også eit fellesrom med kjøkken, med direkte tilkomst til felles takhage. Dette kan til dømes nyttast til bursdagsselskap eller andre tilsetningar arrangert i sameiget.
Tekniske anlegg:
Tekniske anlegg og føringsvegar blir ferdig prosjektert som del av detaljprosjektering før byggestart. Endeleg plassering og storleik blir planlagt på ein hensiktsmessig måte. Desse installasjonane visast ikkje i prospektet.
I leilegheitene er det planlagt at dei største røyra går over underordna rom som bad, gang, bod og soverom. Her er det nedsenka himling, for å kunne ha høgare romhøgde i stue og kjøkken. Det vil bli innkassing av røyr i stue og kjøkken i nokon høve. Dette er i stor grad vist på planteikning i prospekt, men det vil kunne komme endringar.
Leveranse i kvar leilegheit er elles:
-Utstyrsleveranse i kvit utførelse.
-Plafond armatur i alle rom med ein moderne utsjånad. Moglegheit for å oppgradere til spotskinner, downlight eller andre lamper.
-Lyslist under kjøkenskap.
-Stikkontakt og lampe på balkong.
Avfallshandtering:
Det leverast utvendig nedsenka avfallstasjon for kjeldesortering for fraksjonane glas, plast, papir, restavfall og matavfall.
Regulering
Eigedommen omfattast av reguleringsplan for kvartalet Gravensteinsgata-Bankgata - Fjørevegen - Flåtengården.
Eigedommen er blant anna regulert til byggeområde for bustad og forretning. Kopi av reguleringsplan/kart/vedtekter kan innhentast hjå meklar.
Seljar tek atterhald om å kunne gjera reguleringsmessige endringar som ikkje er til vesentleg ulempe for kjøparane.
Vei, vann og avløp
Eigedomen er tilkopla kommunal vassforsyning og avlaupsnett via privat stikkleidning.
Servitutter
På eiendommen er det tinglyst følgende heftelser og rettigheter som følger eiendommens matrikkel ved overskjøting til ny hjemmelshaver:
4640/17/65:
31.10.1958 - Dokumentnr: 929 - Bestemmelse om gjerde
31.10.1958 - Dokumentnr: 932 - Registrering av grunn
Denne matrikkelenhet opprettet fra:
Knr:4640 Gnr:17 Bnr:1
01.01.2020 - Dokumentnr: 1470617 - Omnummerering ved kommuneendring
Tidligere: Knr:1420 Gnr:17 Bnr:65
Eigendommen/seksjonen overtakast med tilhøyrande servituttar mv. Utskrift av grunnboka kan sjåast ved henvendelsar til meklar.
Då eigedommen er under utbygging/ samanføying, så gjerast kjøpar kjent med at det kan påløpe ytterlegare hefte i eigedomsretten som kjøpars bank vil få prioritet etter.
Hefte som ikkje skal gjelda den nye eigedommen vil bli forsøkt sletta.
Frå hovudbruket som eigedommen er frådelt frå, kan det være tinglyst hefte som erklæringar/ avtalar.
Kjøpar aksepterer at det på eigedommen kan påførast hefte/ erklæringar som måtte bli kravd av offentleg myndigheit, dette slik som erklæring som regulerer drift og vedlikehald av fellesområde, og drift og vedlikehald av energi/ nettverk m.m.
Hefte:
Eigendommen leverast fri for pengeheftingar med unntak av panterett til sameiget i samsvar til «Eigarseksjonslova» § 25. Det er ingen fellesgjeld i prosjektet.
Ansvarlig megler
Jan Rune Årøy
Nyttige lenker
Nærområdet
Meklarhuset Sogn As
Annonseinformasjon
| FINN-kode | 410260525 |
|---|---|
| Sist endret | 27. okt. 2025 19:42 |
| Referanse | GAR78.255006 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.