Bildegalleri
Hasseltunet - vestvendt og god plassering!
Hasseltunet i Parken
8 SELDE | Hasseltunet | Siste byggjetrinn i Parken med god vestvendt plassering. Bu landleg og sentrumsnært.
Prisantydning fra
2 990 000 kr
Prisantydning til
9 090 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Vår 2025
Salgsstart
07.03.2025
Byggestart
Haust 2025
Overtakelse
Vår 2027
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 1 - 3
- Internt bruksareal
- 40 - 110 m² (BRA-i)
- Bruksareal
- 43 - 115 m²
- Eksternt bruksareal
- 3 - 5 m² (BRA-e)
- Balkong/Terrasse
- 11 - 24 m² (TBA)
- Eieform
- Eier (Selveier)
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Beskrivelse
Hasseltunet vert det fjerde og siste tunet i Parken, som har blitt ein populær stad sentralt i Førde. Plasseringa av dette tunet har ei god vestvendt plassering i Parken.
Dei tre første tuna har 123 leilegheiter og rekkjehus. Ferdig utbygd utgjer Hasseltunet fem hus med til saman 49 leilegheiter. Husa ligg med fasade mot vest med triveleg tun i bakkant.
Her er det trygt å la borna leike, bilane parkerer ein i garasjekjellaren.
I Parken bur du landleg og samtidig sentrumsnært, tett på Førde sitt finaste tur- og aktivitet område, Hafstadparken. Her er det berre eit steinkast til matbutikk og barnehage.
Beliggenhet
Parken har lett tilkomst frå kommunal veg, med butikk, bensinstasjon, vaskehall tur- og rekreasjonsområde i nærområdet. Med bru over Jølstra vert det endå meir sentralt med gang- og sykkelsti til Førdehuset og sentrum.
Generell orientering
Klyngetun er ei gamal norsk buform: mange småhus i landsbyliknande fellestun. Vår moderne versjon av klyngetunet har blitt ein suksess. I Parken er husa plasserte kring kvart sitt indre, bilfrie tun. Klyngetun er difor eit godt utgangspunkt for å skape gode, sosiale nabolag med trivelege uteområde. Du vel sjølv kor sosial du ønskjer å vere, alle leilegheitene har gode, private uteplassar.
Garasje/parkering
Parkering vert i garasjekjellar med innkøyring i fellesskap med Lønnetunet. Det er avsett 21 parkeringsplassar til leilegheitene i første byggjetrinn, blokk A og B. Leilegheitene B-12 og B-13 har ikkje parkering.
Parkeringsplassane er reservert på den enkelte leilegheit, sjå parkeringsoversikt (prisliste) over kva parkeringsplassar som er reservert dei respektive leilegheiter. Dei som har reservert plassar må ta stilling til om dei ønskjer å kjøpe plassen på tidspunkt ved kjøp av leilegheit. Om ein ikkje ønskjer å nytte seg av reservasjonen, står utbyggjar fritt til å selje denne til andre.
For leilegheiter som har fått reservert HC plass, er det viktig å merke seg at styret skal administrere ei byteordning som sikrar at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til ein tilrettelagt plass. Styret har plikt til å pålegge ein eigar av ein seksjon som eig ein slik HC- plass, og ikkje har behov for denne, å byte plass med ein som har nedsett funksjonsevne. Det vert forutsett at den som blir funksjonshemma disponerer parkeringsplass i eigarseksjonssameiget og at denne plassen vert stilt til disposisjon til den som gjennom denne byteretten må gi frå seg plassen sin.
Det er avsett totalt 3 HC plassar i prosjektet, der 1 plass kjem i første byggetrinn. Parkeringsplassar og boder vil bli tildelt av utbyggar.
Vidare er det avsett plassar til sykkelparkering. Sjå parkeringsoversikt og utomhusplan. Parkeringsplassar og manøvreringsareal er prosjektert etter minumumsanbefalingar i NBI (Byggforsk).
Tilkomst frå leilegheitene til parkeringskjellar via heis og trapperom. Det går 4 heisar og 4 trapper opp frå garasjekjellaren til hus A,B,C,D. Leilegheitene i hus E får tilgang til garasjekjellar via trapperom/heis i anten A, B, C eller D.
Veggar, søyler og himling i garasjekjellar blir i hovudsak levert i ubehandla betongoverflate, støvbunden (overflater vert ikkje av sparkla og malt kvalitet). Køyre- og parkeringsareal vert levert med asfalt. Det vil førekomme synlege avløpsrøyr, ventilasjonskanalar, elektriske kablar osv., på veggar og i himling. Ansamlingar av vatn på parkeringsdekke vil førekomme som følgje av avrenning frå bilar mv. Parkeringskjellar er å rekne som eit uteområde og kondensering vil førekome.
I garasjekjellaren vil det bli tilrettelagt for ettermontering av ladeboks til El-bil for kvar parkeringsplass. El-bil lading går på fellesanlegget og må administrerast via eit adminstrasjonssystem, brukarsystem og betalingssystem i eitt. Systemet blir levert av ekstern aktør og utbyggar vil velje leverandør på vegne av sameiget før innflytting. Det må monterast lik type el-billadar i sameige. Det blir levert trådlaust nettverk i garasjekjellaren. Kvar leilegheit får utdelt 1 fjernkontroll til garasjeporten.
Det er også offentlege parkeringsplassar langs Parkgata, vegen inn til feltet, med dobbelsidig kantparkering.
Seljar tek atterhald om retten til å organisere parkering og boder på den måten som han ser som mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiga sitt fellesareal med dertil tilhøyrande bruksrettar, seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseigedom.
Konstruksjon
Sjå leveransebeskrivinga lenger bak i prospektet for beskriving av byggjemåte.
Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/året, og ein bør vere forsiktig med gassbruk og levande lys innvendig.
I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller mindre hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav og manglande tilgjengelegheit, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det kan førekomme avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.
Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Organisasjonsform
Leilegheitene vil bli selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no.
Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 49 seksjonar i sameiget fordelt på 5 hus.
Det kan skje ei omprosjektering som kan medføre endring i tal bueiningar i sameiget. Om det som følje av dette vert naudsynt å føreta ei reseksjonering av sameiget i seinare byggetrinn, er kjøpar pliktig å godta dette.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sunnfjord kommune. Seksjonering kan ta tid som følgje av lang sakshandsamingstid hjå kommunen.
Sameiget vil bli leia av eit styre som vert valt mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Seljar vil på vegne av sameiget engasjere ein forretningførar til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammene som sameiget vedtek. Ved kjøp av bustad i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i sameiget.
Det er ikkje valt forretningsførar for sameiget. Utbyggar vel forretningsførar for ein periode på to år ved etablering av sameiget. Vidare må sameiget ta stilling til val av forretningsførar når det er etablert.
Den einskilde seksjonseigar heftar for felles ansvar og plikter etter sameigebrøken. Sameiget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader, jf. eigarseksjonlova §§ 30 og 31.
Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Kjøpar er ansvarleg for at kjøpet ikkje er i strid med eigarseksjonslova. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. In-blanco skøyte vert ikkje akseptert.
Betalingsbetingelser
10% ved underteikning av kontrakt
90% ved overtaking.
Seljar kan tilby alternativ betalingsplan der kjøpar får prisavslag på 1,5% av kjøpesummen:
10 % ved underteikning av kontrakt
40 % ved tett hus
40 % ved klart til måling
10 % ved overtaking
Sluttinnbetalinga vil stå på klientkontoen til meklar inntil overtakinga og overskøyting har funnet stad.
Salgsbetingelser og kjøpetilbud
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Tomt
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Seljar kan også gjere mindre endringar på utomhusarealet som følgje av offentlegrettslege krav, så lenge det ikkje forringar verdien og nytten av utomhusarealet.
Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.
Oppvarming
Vassboren golvvarme med termostat i alle opphaldsrom, soverom og bad/vaskerom. Det vert montert fordelarskåp for golvvarme i kvar leilegheit. Romtemperaturen vert regulert med termostatar. Varmen blir levert via fjernvarmeanlegg (Eviny). Det vert montert energimålar i kvar leilegheit for avlesing av energiforbruk for oppvarming. Det vert også målarar der ein kan lese av forbruket av varmt tappevatn (forbruksvatn). Målarane kan fjernavlesast av sameige.
Energimerking
Energiklasse C eller betre. Dei fleste leilegheitene vert hovudsakleg i energiklasse B. Energimerking vert ein del av sluttdokumentasjonen for leilegheitene. Informasjon om energiklasse finn du på energimerking.no.
Sentrale lover
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16. juni 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Handelen vert regulert av og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i etter bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar. Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon.
Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: §§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Adgang til utleie
Det følgjer av eigarseksjonslova § 24 at utleige over kort tid av heile bustadseksjonen i meir enn 90 døgn årlie ikkje er tillate. Med utleige over kort tid meiner ein utleige inntil 30 døgn samanhengande. Grensa på 90 døgn kan fråvikast i vedtektene. bestemminga gjeld ikkje for fritidsbustader. Ta kontakt med meklar dersom du ønskjer kopi av vedtektene for nærare informasjon om kva vedtak som er fatta i dette sameiget.
Hvitvaskingsregelverk
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.
Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Diverse
Lyse og moderne leilegheiter i mange storleikar.
Alle leilegheitene har romsleg privat terrasse eller balkong.
Ein del leilegheiter har spennande arkitektoniske detaljar som karnapp og takvindauge, dette gir ekstra lys og særpreg.
Triveleg, bilfritt tun med leikeplass, pergola og soisale møteplassar i ulike soner.
Kvalitetskjøkken frå Sigdal.
Vassboren golvvarme i alle opphaldsrom, soverom og bad/vaskerom.
Bad får også innreiing frå Sigdal.
Parkeringskjellar med sportsbod tilrettelagt for elbil-lading.
Sykkelparkering i garasjekjellar.
Fire heisar opp til hus A, B, C og D.
Trådlaust nettverk i garasjekjellar.
Kort gåavstand til matbutikk.
Parken ligg innanfor bomringen.
Nokre leilegheiter kan få hems som tilval.
Sjå elles leveransebeskriving
Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter overtaking.
Seljar leverer ikkje; kvitevarer (kjøleskåp, koketopp, steikeomn og oppvaskemaskin), lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskrivinga.
Fremdriftsplan og ferdigstillelse
Forventa byggjetid for byggjesteg 1 er ca. 21 mnd frå oppstart betong. Utbyggjar tek atterhald om minimum 70 % sal i byggjesteg 1 før oppstart, samt at prosjektet blir godkjent av offentlege myndigheiter.
Seljar har frist på 6 mnd frå kjøpar signerer på kjøpekontrakt å få avklart atterhalda i prospektet. Etter denne dato kan begge partar med skriftleg varsel til den andre parten gå frå avtalen utan at det fører til nokon form for kompensasjon for nokon av partane.
Når seljar har oppheva atterhalda skal seljar fastsetje ein overtakingsperiode som ikkje skal vere lenger enn 3 månader. Seljar skal skriftleg varsle kjøpar om når overtakingsperioden startar og når den sluttar. Seinast 10 veker før ferdigstilling av bustaden skal seljar gi kjøpar skriftleg melding om endeleg overtakingsdato. Den endelege datoen er bindande, løyser ut krav om dagmulkt og skal liggje innanfor overtakingsperioden. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ved overtaking mot mellombels bruksløyve pliktar seljar å leggje fram ferdigattest innan rimleg tid og seinast før mellombels bruksløyve går ut på tid. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV- dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Kjøpar må pårekne at det kan verte byggjearbeid etter innflytting i samband med ferdigstilling av byggjesteg 2.
Ansvarlig megler
Trond Bakke
Nyttige lenker
Nærområdet
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane
Annonseinformasjon
| FINN-kode | 395400048 |
|---|---|
| Sist endret | 30. okt. 2025 14:20 |
| Referanse | 2000245008 |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.