Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.

Vestlio 2, salstrinn 2 - Brotåsen

VESTLIO 2, Salstrinn 2 | 6 nye og lekker leilegheit på Vestlio |Burettslag | Salsstart 29.04

Kart med kartnålVestlio 3 - Brotåsen, 5414 Stord

Prisantydning fra

1 167 000 kr

Prisantydning til

1 197 000 kr

Totalpris fra

3 913 032 kr

Totalpris til

4 013 032 kr

Planlegging

2.kvartal 2024

Salgsstart

29.04.2024

Byggestart

3.kvartal 2024*

Overtakelse

4.kvartal 2025*

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Primærrom
89 - 90 m²
Bruksareal
89 - 90 m²
Eieform
Andel

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Bredbåndstilknytning
Utsikt

Enheter i prosjektet

Sorter etter

EnhetEtasjeP-romSoveromTotalpris
B1189 m²23 913 032 kr
B2189 m²23 913 032 kr
B4290 m²24 013 032 kr
B5290 m²23 913 032 kr
B6 - RESER...290 m²24 013 032 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.Visningspåmelding

Beskrivelse

Drøymer du om ein ny bustad?

Andre salstrinn i Vestlio 2 vil bestå av 12 flotte leilegheiter med gode planløysingar, god standard og ikkje minst herleg utsikt.

Du og dine får kort veg til servicetilbod og turløyper, samstundes er du omringa av nydeleg natur. Jo tidlegare i byggjeprosessen ein kjøper bustad, jo fl eire endringar og tilval kan ein gjera slik at den nye heimen din er tilpassa akkurat dine behov

Velkommen til Vestlio

Vestlio er eit utbyggingsområde som skal utviklast over to byggetrinn.
Salgstrinn 1 - bygg A - 6 leilegheiter, 5 rekkehus
Salgstrinn 2 - bygg B - 6 leilegheiter, salsstart 29.04
Salgstrinn 3 - bygg C - 6 leilegheiter


Vestlio er eit nytt bustadområde på Tyse, med gangavstand til næraste daglegvarebutikk Spar Haga, Hystad barneskule og Nordbygdo ungdomsskule. Området byr på mange fritidstilbod med mellom anna Prestegardskogen, Prestegardskogen idretts anlegg, golfbane og flotte turmoglegheiter både i området, Hystadmarkjo og ved Ådlandsvatnet.

Det er kort veg til ridesenteret, enten ein er interessert i ride tilboda eller ynskjer å sjå på hestane. Leirvik sentrum er ca. 4 km frå bustaden. Servicetilbodet på Leirvik er stort, og det kan mel lom anna nemnast Amfi -senteret med over 35 butikkar, senteret Bytunet, TRIO-bygget og alle dei frittliggande butikkane. Her er noko for ein kvar smak. Stord kulturhus er samlingspunktet for kulturlivet på Stord med framsyningar, konsertar og kulturskulen. I tillegg er det tilbod som bibliotek, symjing, kino, petanque bane mm.


----

Felles for alle leilegheitene i prosjektet er gjennomgående gode kvalitetar, moderne løysingar og smakfull innreiing.


I leilegheitene får du:
2 soverom.
Eigen parkeringsplass.
Entré med vassboren varme i golvet.
Open stove- og kjøkkenløysing med utgang til altan og med vassboren varme i golvet.
Bad med fliser på golv, veggfliser i dusjsone og vassboren varme i golvet.
Opplegg for vaskemaskin på bad.
Eigen utvendig sportsbu på ca 5 kvm.
Terrasse med utgang frå stova


---

Store vindauge og open romløysing

Alle leilegheitene har en open kjøkken- og stoveløysing. Det er store vindaugsflater i front av kvar leilegheit, som både gir flott utsikt og gode lysforhold.

Miljøbesparande, rimeleg og eff ektiv oppvarming

Leilegheitene har balansert ventilasjon med varmegjenvinning og vassboren varme i entré, stove, kjøkken, bad og våtrom. Det blir listefritt mellom tak og gipsvegg, og kvitmalte golvlister langs golvet

----

God søvn med lave bukostnader
Leilegheitene vil få romslege bad, ekstra toalettrom og 2 soverom. Sjå prislista og planteikning for komplett oversikt

---

Terrasse, uteområde og fellesareal

Alle leilegheitene har kvar sin terrasse. Bygget er vinkla slik at terrassane vert så usjenert som mogleg. Terrassane er på ca 14 kvm. Kvar leilegheit får parkeringsplass.
Uteområdet og fellesareala vil bli opparbeida iht. utomhusplanen. Det kan bl.a nemnast at det blir ferdigplen og beplanting på fellesområde

BERDT Å MERKE SEG
- Storslått utsikt og gode solforhold
- God planløysing
- Sentral plassering
- Kvitevarer inkludert
- Fastpris og ingen stressande bodrunde
- Låge omkostnader
- Burettslag med fellesgjeld
- Vassboren varme i entré, stove, kjøken, bad og toalettrom.

Beliggenhet

Frå E-39: Følg skilt mot Haga, og køyr inn på Vestlivegen. Følg vegen til rundkøyringa og ta første avkøyrsel til høgre, og deretter første avkøyrsel til høgre og køyr inn i bustadfeltet. Tomtane ligg til høgre, på to ulike nivå.

Frå Haga: Køyr på Vestlivegen mot E-39 og ta tredje avkjørsel i rundkøringa til høgre. Følg vegen og ta tredje avkøyrsel til høgre, og deretter fyrste avkøyrsel til høgre og køyr inn i bustadfeltet. Tomtane ligg til høgre, på to ulike nivå. Det vil bli satt opp visningsskilt under fellesvisning.

Prisinformasjon

Fast pris.

Seljar står fritt til å endra prisane på uselde leilegheiter utan forutgåande varsel, når seljar finn dette føremålstenleg

Omkostninger

Dokumentavgifta vert berekna av tomteverdi. Det er verdien på tomta på tinglysingstidspunktet som vert lagt til grunn for avgiftsberekninga. Opplyst dokumentavgift er berekna ut frå dagens antatte tomteverdi. Det kan komma justering av dokumentavgifta, og det er kjøpar som er ansvar leg for mellomverande. Det vert tatt atterhald om endringar i offentlege avgifter og gebyr. Som ein del av det samla vederlaget skal kjøpar i tillegg til kjøpesummen betala følgjande omkostnadar: Dokumentavgifta er estimert til kr. 15.000,- pr. leilegheit. som utgjer 2,5 % av tomta sin salsverdi på tinglysingstidspunktet for den enkelte seksjon. P.t. er tomteverdien anteke å vera kr. 600.000,- pr. andel. Det vert tatt atterhald om endring i gebyrer, tomteverdien og dokumentavgift på tinglysings tidspunktet.

-Dokumentavgift 15.000,-
- Andelskapital kr. 5.000,-
- Etableringskostnad Bate kr. 2.000,-
- Tinglysingsgebyr for skøyte kr. 430,-
- Tinglysingsgebyr og attestgebyr for kvart pantedokument kr. 430,-
- Gebyr for pantattest kr. 172,-
- Omkostnadar totalt kr. 23.032,-

Ferdigstillelse

Forventa framdrift frå ein startar byggjetida er 18 mnd. Sjå atterhald for å setje i gang bygging.

Bygg-B, med unntak av utomhusareala, er planlagt å vera ferdigstilt i løpet av 4. kvartal 2025.

Det er planlagt oppstart i løpet av 3. kvartal 2024.

Dette er føreløpige anslag og utbyggjar søker å ferdigstilla prosjektet så raskt som mogleg.

Beskrivelse av tomt

Fellestomt

Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med dei krav som framgår av reguleringsføresegnene i høve til opparbeiding av eventuelle gangveger, leikeplassar og grøntareal.

Det framgår av leveranseskildringen at: Alle trafikkerte område som vegar og parkeringsområde vil få fast dekke som kombinasjon av asfalt og betongheller, dette gjeld også område ved utvendig bod og fram til inngangsdørene. Området utenom vil bli planert, raka og isådd plenfrø og områdea nærast bygget vert beplanta med ferdigplen. Det er også beplanting i fellesområde. Sjå elles vedlagt leveranseskildring frå utbyggjar.

Tomta vert disponert av andelseigarane iht. Burettslagsvedtektene. Det er ikkje konsesjon eller odel på eigedommen

Diverse

Sjå vedlagt utomhusplan. Fullstendig ferdigstilling av fellesareal og utearealer kan ikke påregnes utført samtidig med innflytting. Den einskilde kjøpar overtek sin leilegheit og bruksretten til fellesareal samstundes, og hans reklamasjonsperiode for denne totalleveransen vert rekna frå og med overtaking.

Felles synfaring av fellesareal/uteareal er gjennomført mellom entreprenør og styret i burettslaget, (så snart anlegget er ferdigstilt.)
Tomta vert opparbeida i samsvar med vedlagte utomhusplan, med de krav som framgår av reguleringsføresegnene i forhold til opparbeidelse av eventuelle gangstiar, leikeplassar og grøntareal.

Oppvarming

Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.

Vassboren golvvarme i entré, bad, vaskerom og opphaldsrom.
Sjå leveranseskildring for
meir detaljar.

Generell orientering

Odd Hansen har skiftet navn til Velbygd. Prosjektet i denne brosjyren ble satt i gang før navnebyttet, derfor vil du fortsatt se navnet Odd Hansen på sidene som følger.

Men vi er de samme folkene som fokuserer på de samme gode kvalitetene som før, ingenting har endret seg utenom at vi har fått et nytt navn.

God lesing, vi håper du finner din nye
Odd Hansen - vi mener - Velbygd-bolig

Godt handverk er vårt livsverk

Etter over 30 år i bransjen har me i Odd Hansen bygd mange kvalitetsbustader på Haugalandet og i Sunnhordland. Kjøper du ein bustad frå Odd Hansen, vel du tryggleik, pålitelegskap og kvalitet.

Odd Hansen har med bygginga av store bustadprosjekt som Hatlandsåsen, Smedasundet 1, Innseilingen, Beverskaret og Åkrasanden Atrium til no realisert nærare 800 leilegheiter. Med Vestlio 2 gler både me og våre mange samarbeidspartnarar oss til å endå ein gong levera arbeid til toppkarakter og bevisa vår pålitlege gjennomføringsevne. Bygger Odd Hansen din leilegheit, er du og dine i trygge handverkarhender og kan flytta inn i ny bustad med låge skuldre og høge forventningar

Garasje/parkering

Parkering på oppmerka utvendige p-plassar

Organisasjonsform

Med burettslag er det meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Som eigar av ein burettslags leilegheit så vert dette omtala som andelseigar.

Fellesgjeld er eit langsiktig lån som er tatt av burettslaget, med pant i burettslaget sin eigedom. Som andelseigar i eit buettslag betalar ein ned sin del av fellesgjeld gjennom dei månadlege felleskostnadane.

Burettslag har strengare reglar mtp. utleige iht. burettslagsloven. Om livssituasjonen gjer at ein har behov for å leiga ut, så er dette mogleg, men det er ikkje tiltenkt for dei som kjøper. Hovudregelen vedr. utleige er at ein må ha budd i bustaden sjølv i minimum 1 år.

Kven bestem i eit burettslag?
Generalforsamlinga er det øverste bestemmande styresmakene i burettslaget. Generalforsamlinga skal haldast innan utgangen av juni kvart år. Her velger ein eit styre, som skal har ansvar for drifta og forvaltninga av eigedommen, og det som skjer i den daglege drifta. Dette skal vera i tråd med både burettslagslova, vedtektene og andre beslutningar som generalforsamlinga har bestemt. Burettslaget har også ein kontaktperson hos forretningsførar som støttar og hjelp styret.

Forretningsførar for burettslaget er eit eksternt selskap som driv med utelukkande forlavting og utbygging av eigedommar.
I Vestlio 2 er det BATE boligbyggelag som vert forretningsførar. Som andelseigar mottek du ein faktura kvar mnd. for felleskostnader. Om ein lurer på fellesgjeld etc. er det forretnignsførar som har kontroll på dette. Forretningsførar bistår også burettslaget i påminning om roller som styret har, og gir påminning på det som likningsdetaljar og rekneskap.


---

Kva vil det sei å bu i et burettslag - og kva kan du eigentleg hente på å velja eit burettslag framfor eit sameige?

Den fyrste fordelen er at det er låg dokumentavgift til staten. Ved kjøp av nyoppført burettslag er det berre dokumentavgift av tomteverdien, og ikkje kjøpesummen.

Kjøper du ein brukt bustad, utgjer dokument avgifta normalt 2,5 prosent av kjøpesummen. For ein bustad verdt 4 millioner, vil det sei heile 100 000 kroner. Her er det mykje å spara!


Mindre «gjennomtrekk»
Burettslag er også eit bra val for deg som ønsker eit godt og stabilt bumiljø. I burettslagsloven er det lovregulerte restriksjonar for utleige, som avgrensar utleige til maks 3 år. Det gjer bustadane mindre attraktive for investorar som kjøper for å leige ut, og ein får dermed mindre «gjennomtrekk» av naboar.

Fellesutgiftene rommar mykje
Fellesutgiftene i et burettslag er ofte høgare enn i sameige, og det er det gode grunnar til. Fellesgjelda utgjer den største forskjellen: Burettslag blir nemleg delvis finansiert gjennom innskot frå kjøparane og delvis gjennom felles lån for alle andelseigarane. Din andel av lånet inngår i fellesutgiftene dine. I tillegg inkluderer felleskostnadane kommunale avgifter og eigedom skatt, i tillegg til løpande kostnadar for vedlikehald, eventuelle vaktmeistertenester, tv, internett og andre goder.

Attraktiv fellesgjeldordning
Attraktiv fellesgjeldsordning, der ein fordelar kjøpesummen mellom innskudd og fellesgjeld. Det kan for mange bety at ein treng eit mindre personleg lån, og med vidaresal så følger fellesgjelda leilegheita og ikkje privatpersonen. Mange førstegangskjøparar opplever det som lettare å tre inn i bustad marknaden når dei ikkje behøver å ta opp eit like stort personleg lån. For kjøparar som sel ein bustad dei eig frå før, kan fellesgjeldordninga gi større fleksibilitet. La oss til dømes sei at ein vil flytta frå eit hus verdt seks millionar til ei leilegheit verdt sju millionar. I eit burettslag vil innskotet typisk vera ein del lågare enn seks millionar kroner, og ein får dermed frigjort kapital. I eit sameige vil ein sjølv måtte skaffe til veie den ekstra millionen som ein del av finansieringa.

Smidigare vedlikehald
På lang sikt kan det være behov for oppgradering eller vedlikehald av bygningsmassen. Som burettslag er det enklare å ta opp lån for dette, då ein kan ta sikkerheit i bygget.

Her får du
- Godt bumiljø - dei fleste kjøper for å bu.
- Gunstig finansiering med 10 års avdragsfritak
- Handlingsfriheit - du bestemmer sjølv om du vil ha, eller nedbetale heile eller deler av fellesgjelda.
- Garantiordning knytt til inndriving av felleskostnader - lågare risiko for den enkelte bebuer.
- Moglegheit for utleige i inntil 3 år frå overtakelse eller dersom kjøper har bebudd leilegheita i eit av de to siste åra.
- Ingen dokumentavgift ved resal.

Stipulerte felleskostnader

Felleskostnader vil avhenge av kva tenester burettslaget ønsker utført i felles regi, og fordeles iht. vedtektene. Felleskostnadene første driftsår er stipulert til kr. 30,- pr kvm + TV/Fiberpakke frå Altibox på ca kr 399 kr/mnd.

Det vert tatt atterhald om endringer i stipulerte fellesutgifter, då dette er basert på erfaringstal.
Utbyggjar betalar felleskostnadar for uselde leilegheiter ved ferdigstilling.

Det vert teke atterhald om endringar i stipulerte fellesutgifter, då dette er basert på erfaringstall for utbyggjer. Felleskostnader vil avhenge av kva tenester burettslaget ønsker utført i felles regi, og fordeles iht. vedtektene.


Sjå prisliste for kostnader pr. leilegheit.

Felleskostnadene til drift av borettslaget blir
fastsatt basert på den enkelte andelens BRA.

Lånebetingelser fellesgjeld

Spesifikasjon av lån - Handelsbanken
Lån: kr 48 293 000,- (føresett at det
utgjer 70 % av verdien)
Rente: 6,15 %
Nedbetalingstid: 40 år (10 år avdragsfritt)
Etablering: kr 10 000,-

Burettslaget vil bli finansiert med 70 % fellesgjeld. Kapitalkostnadar består av renter og avdrag på burettslagets si fellesgjeld. Nedbetalingstid for lånet er 40 år med avdragsfritak dei 10 fyrste åra.

Kapitalkostnadane vil auke når perioden for avdragsfritaket er over. Renta på fellesgjelda er flytande.
Prislista/busjettet har lagt til grunn at fellesgjelda er eit annuitetslån med ei flytande rente på 6,15 %. Det vert presisert at renta er basert på eit indikativt tilbod frå Handelsbanken og det er denne rente satsen som er lagt til grunn i dei stipulerte felleskostnadane. Dersom renta vert endra før overtakinga eller i løpet av lånet si nedbetalingstid, vil dette påverke kapitalkostnadane og dermed felleskostnadane.

Andel fellesgjeld og stipulerte felleskostnadar for den enkelte bustaden står spesifisert i prislista. Det vert presisert at renta vil endra seg i samsvar med den generelle renteutviklinga og påverke felleskostnadene tilsvarande, uavhengig av budsjettperiode. Renteutgiftene på andel fellesgjeld er etter gjeldande regelverk frådragsberettiga med 22 %, forutsatt at andelseigar har skattbar inntekt.

Innskotet er den del av kjøpesummen som kjøpar må finansiera på eigenhand. Innskotet inngår som ein del av burettslaget sin finansieringsplan saman med felleslån og andelskapital. Dersom seljar endrar prisane på uselte einingar etter at burettslaget sin finansieringsplan er vedteken, vil ikkje aukinga inngå som ein del av innskotet, men omtalast som kontantdel. Denne verdien vil ikkje vera sikra med pant i burettslaget sin eigedom.

Midlertidig brukstilatelse og ferdigattest

Mellombels bruksløyve/ferdigattest skal leverast til kjøpar ved overtaking. Det er ulovleg å ta leilegheita i bruk utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Kjøpar har ingen plikt til å overta eller innbetale sluttoppgjer før minst mellombels bruksløyve føreligg.
Dersom kjøpar likevel vel å overta, er det ulovleg å bu i bustaden/ta bustaden i bruk (ein kan flytte inn møblar, men ikkje overnatte). Å bu i ei leilegheit utan bruksløyve kan medføra krav om utflytting og eventuelle bøter frå kommunen. Ved å velje å overta stopper eventuelle krav om dagbøter.

Adgang til utleie

Burettslagslova inneberer at du bl.a kan leige ut bustaden ved midlertidig behov for å flytte, til dømes i forbindelse med jobb eller utdanning i ein anna by. Det er viktig at styret og forretningsførar er opplyst om kven som bur i bustaden din. Derfor skal styret i burettslaget godkjenne utleigeperioden og leigetakaren. Dersom de generelle vilkåra er oppfylt, kan styret berre avvise utleiesøknaden din ved sakleg grunn, som til dømes at leigetakaren er ein person som burettslaget tidigare har hatt problem med. Seljar ønsker å praktisere ein liberal utleigepraksis iden perioden seljar er representert i styret i burettslaget. Styret vil derfor i denne perioden også kunne gi samtykke til å leige ut leilegheita i inntil 3 år frå overtaking. Utover dette er utleigeregulert av vedtektene.

Forbehold fra utbygger

Seljars atterhald Seljar tar atterhald om følgande:
-Endelig offentlig godkjenning av prosjektet.
-At det selges 60% av einingane.
-Tilfredsstillende entrepriser Når endelig offentleg godkjenning føreligg kan seljar sjølv velge å fråfalle atterhald om antall solgte einigar innan ovennevnte frist.

Tilvalg og endringer

(Berre for leilegheiter seld etter buofl.) Kjøpar har moglegheit til å få utført endrings- og tilleggsarbeider etter særskilt avtale. Alle endrings- eller tilleggsarbeider skal avtales skriftlig mellom partane og i avtalen skal det redgjerast for pris og ev. fristforlenging som følgje av endringane. Kjøpar sin rett til å få utført endrings- eller tilleggsarbeid er begrensa til 15 % av kjøpe summen. Kjøpar kan ikkje krevje å få utført endringar eller tilleggsarbeidar som ikkje står i samanheng med seljar sin yting, eller som vil medføra ulemper for seljar som ikkje står i forhold til kjøpar sin interesse i å krevje endringa eller tilleggsarbeidet.

Kjøpar kan endra spesifikasjonar for sin leilegheit gjennom prosjektets fastaste tilvalsrutinar.

Det er ein føresetnad at endringane er i samsvar med krava som er i gjeldande teknisk forskrift.
Partane kan krevje justering av det avtalte vederlag i henhold til bustadoppføringslovas regler om endringar og tilleggsarbeid, jf. bustadoppførings lova. § 9 og § 42. Seljar kan krevja tilleggsvederlag for nødvendige kostnader som kommer av forhold på kjøpars side.

Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider bestilt gjennom seljar vert fakturert direkte frå seljar når vedkommande endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført.

Betalingsbetingelser

Kjøpesum samt omkostnadar skal betalast inn i sin heilskap ved ferdigstilling/overtakingsdato.

Ved eventuell forsinka betaling gjeld Lov om Forsinkelsesrenter av 17.12.1976 nr. 100


Oppgjer
Med mindre anna er avtalt vert det føresett det at kjøpesum inkludert omkostninger er innbetalt og disponibelt på meglerforetakets klientkonto innan overtaking.

Seljar kan velja å stille garanti etter bustadoppføringslova § 47 som sikkerhet for forskudds innbetaling. Dette innebærer at utbyggjar kan disponera forskuddsinnbetalinga frå kjøper frå det tidspunkt garantien føreligg. Eventuelle renter av forskuddsbeløpet tilfaller kjøper frem til garanti er stilt og til selger etter at garantien er stilt. Dersom seljar ikkje vel å stille garanti vil forskuddsbetalin gen bero på meklars klientkonto inntil skøyte er tinglyst på kjøper.

Betaling for ev. endrings- og/eller tilleggsarbeider vert bestilt direkte hos underleverandører og blir fakturert direkte frå underleverandør når vedkommende endrings- og/eller tilleggsarbeid er utført. Dersom forfall på faktura er forut for overtakelse, må seljar stille garanti i henhold til bust adoppføringslova § 47.

Før noen del av kjøpesum blir utbetalt seljar må heimel til leilegheita være overført kjøper, jf. bustadoppføringslova §46.

Beliggenhet

kart
Logo

Aktiv Sunnhordland

Bilde av megler Elisabeth Nonås Fylkesnes

Elisabeth Nonås Fylkesnes

Eiendomsmegler MNEF / Partner

Annonseinformasjon

FINN-kode350205533
Sist endret03. mai 2024 13:05
Referanse1504245013

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.