Bildegalleri
Kjempefine moderne leilegheiter i 4-mannsbustad Vatnehagen
Vatne - Kjempefine moderne leilegheiter med parkeringsplass i carport - 2 SOLGT / 2 LEDIG
Vatnehagen, 6265 VatnePrisantydning fra
3 190 000 kr
Prisantydning til
3 690 000 kr
Prosjektets status
Planlegging
Bygginga er godt i gang
Salgsstart
Prosjektet ligg ute for salg
Byggestart
Bygget nærmar seg ferdigstilling
Overtakelse
Overtaking etter avtale med kjøpar
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 77 m²
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Energimerking
- B
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
Enhet | Etasje | BRA | Soverom | Totalpris |
---|---|---|---|---|
1 | 1 | 77 m² | 2 | 3 201 300 kr |
4 | 2 | 77 m² | 2 | 3 701 300 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 nærmer vi oss no ferdigstilling av den første 4-mannsbustaden. Alle leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Vatne barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er også gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.
4-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valt å heve fram ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang frå stove/kjøkken til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.
Plassering
I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjelllandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. På Vatneeidet nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. I tillegg er her to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.
Beskriving av leveransen
Leilegheitene vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetering, membran/flislegging og golvlegging, men kan leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot eit avtalt pristillegg. Kjøpar vil sjølv kunne velge standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.
Leil. 1 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² kr 3 190 000,-
Leil. 2 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² SOLGT
Leil. 3 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² SOLGT
Leil. 4 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² kr 3 390 000,-
Følgjande er med i standardleveransen:
- Kjøkkeninnreiing frå Kvik
- Baderomsinnreiing frå Kvik
- Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
- Garderobeskap på soverom
- Varme i golv på bad og ytre del av entrè
- Balansert ventilasjon frå Villavent
- Luftventilert pipe
- Rør i rør system
- Frostsikker utekrane
- Biloppstillingsplass i carport
- Dekke i carport støypt i betong
- Asfaltert veg og parkeringsareal
Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit
Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.
- Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
- Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
- Lave kostnader til vedlikehald
- Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
- Tidsriktig og praktisk bustad
- Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
- Du slepp hektiske budrundar
- Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
- God tid til å førebu flytting
- Svært lave kjøpsomkostningar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,-
Diverse
Planlagt ferdigstilling er mai -24. Avtale om fiber kan tingast med Tafjord Marked AS.
Bustaden vert bygd etter ny teknisk forskrift (TEK17)
For visning eller meir informasjon ta kontakt med Møre Hus v/Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140
Beliggenhet
Systemhus - Møre Hus Bustad AS
Jofrid Hatlehol
Møre Hus Bustad AS
Utbygger
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.