Bildegalleri

Vatnehagen

Kjempefine moderne leilegheiter i 4-mannsbustad Vatnehagen

Vatne - Kjempefine moderne leilegheiter med parkeringsplass i carport

Kart med kartnålVatnehagen, 6265 Vatne

Prisantydning fra

3 190 000 kr

Prisantydning til

3 690 000 kr

Totalpris fra

3 201 300 kr

Totalpris til

3 701 300 kr

Kort om prosjektet

Moderne leilegheiter i 4-mannsbustad på ei kjempefin tomt i eit idyllisk bustadområde i Vatnehagen. Leilegheit 4 er snart ferdigstilt, og vert selt klar til innflytting. Leilegheit 1 er klar til eigeninnsats, og her kan kjøpar velge om det skal utførast eigeninnsats eller ei.

  • Planlegging

    Ferdig planlagt

  • Salgsstart

    Prosjektet ligg ute for salg

  • Byggestart

    Bygget nærmar seg ferdigstilling

  • Overtakelse

    Overtaking etter avtale med kjøpar

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Bruksareal
77 m²
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 nærmer vi oss no ferdigstilling av den første 4-mannsbustaden. Alle leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Vatne barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m.

4-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valt å heve fram ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang frå stove/kjøkken til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skiljeveggar mellom leilegheitene. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Ferdig asfaltert veg og parkeringsareal er inkludert i leveransen.

Plassering

I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og ikkje langt unna ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjelllandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. På Vatneeidet nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. I tillegg er her to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.

Beskriving av leveransen

Leilegheit 4 vert levert klar til innflytting med god standard. Fin kjøkkeninnreiing med intergrerte kvitevarer. Glatte malte veggar, malt gipstak med listefri overgang til tak. Flislagt bad med moderne baderomsinnreiing, vegghengt WC og dusjveggar. Flis på golv i ytre del av gang og på bod/vaskerom. Klikkvinyl i god kvalitet på stue/kjøkken og soverom.

Leilegheit 1 vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetering, membran/flislegging og golvlegging, men kan leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot eit avtalt pristillegg. Her vil kjøpar kunne velge standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.

Leil. 1 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² kr 3 190 000,-
Leil. 2 - 1. etg. BRA 77,2 m² P-rom 73,2 m² SOLGT
Leil. 3 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² SOLGT
Leil. 4 - 2. etg. BRA 77,4 m² P-rom 73,4 m² kr 3 690 000,- (klar til innflytting)

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
  • Garderobeskap på soverom
  • Varme i golv på bad og ytre del av entrè
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Luftventilert pipe
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Biloppstillingsplass i carport
  • Dekke i carport støypt i betong
  • Asfaltert veg og parkeringsareal

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Svært lave kjøpsomkostningar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,-

Diverse

Planlagt ferdigstilling av leil. 4 er mai -24. Leil. 1 vert ferdigstilt etter nærare avtale.

Fiber er lagt fram til bustaden, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS.

Bustaden er bygd etter byggteknisk forskrift (TEK17)

For visning eller meir informasjon ta kontakt med Møre Hus v/Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140

Beliggenhet

kart
Logo

Systemhus - Møre Hus Bustad AS

Møre Hus Bustad AS

Utbygger

Annonseinformasjon

FINN-kode308270063
Sist endret17. juni 2024 10:11

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.