Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.

Håmyra 2-manns i kjede

HÅMYRA - KUN 1 LEDIG - Innflyttingsklar bustad med 3 soverom. Carport og sportsbod.

Kart med kartnålHåmyra 17B, 6103 Volda

Prisantydning

3 832 000 kr

Totalpris

3 834 792 kr

Planlegging

Ferdig

Salgsstart

Vår 2019

Byggestart

Haust 2019

Overtakelse

Pågåande

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
3
Primærrom
94 m²
Bruksareal
94 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Sentralt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enhet i prosjektet

EnhetP-romSoveromTotalpris
7794 m²33 834 792 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Håmyra bustadfelt er eit nytt sentralt bustadområde i Volda, med fantastisk panoramautsikt over fjord og fjell. Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering.

Det vert opparbeidd tre interne leikeplassar i feltet med fleire leikeapparat, ballbane og beplantning. Samtidig er Håmyra utgangsåra til Voldas finaste turterreng. Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle.

Det er i dag etablert ein ny sambindingsveg frå aust gjennom bustadfeltet med eigen busslomme. Når samlevegen vert opna mot vest, vil ein kunne nytte busstilbod til sentrale mål.

Bustadfeltet vert bygt ut i tre trinn, der første byggetrinn er ferdigstilt, andre trinn er under oppføring og 3. byggetrinn vert starta når den nye samlevegen vert opna.

Bustadane

Dette er attraktive og flotte leilegheiter, med livsløpsstandard og gode planløysingar. Bygningen består av totalt fire leilegheiter, som er kjeda saman med carport. Velg mellom leilegheiter på 94 og 121 m2 BRA, med tre soverom. Leilegheitene har eit lyst og moderne preg, med opa stove- og kjøkkenløysing, der bustadane i 2. etasje har ekstra takhøgd. Bustadane i 1. etasje har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse, og 2. etasje har eigen veranda. Kvar leilegheit har innvendig bod og eigen romsleg parkeringsplass i carport med sportsbod i bakkant.

Bustadane inneheld stove/kjøkken, 3 soverom, gang eller vindfang, bad, bod/vaskerom og eigen parkeringsplass i carport med sportsbod i bakkant. På området er det tilgang til gjesteparkering, friområde og flotte leikeplassar, med m.a. leikeapparat og benk.

Nøkkelferdig standard

Våre bustadar vert no levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling, tapet og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.

Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.

I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
  • Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.


Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.

Fordeler med å kjøpe ny bustad

Det er mange fordelar med kjøp av ny bustad frå Norgeshus Din Bolig AS, i motsetning til kjøp av brukt bustad, og vi nemner spesielt:

  • Fast pris (ingen budrunder som gir auke i prisen).
  • Ingen byggelånsrenter (nøkkelferdig bustad vert betalt først ved overtaking av bustaden).
  • Lav dokumentavgift (2,5 % av tomteverdi, og ikkje dokumentavgift av heile kjøpesummen som ved kjøp av brukt bustad).
  • Ingen oppussing i nær framtid.
  • Lave kostnadar til oppvarming (nye bustadar har strengare krav til isolasjon og varmegjenvinning).
  • Fem års garanti på ny bustad.
  • Eitt-årsbefaring (grundig gjennomgang av bustaden etter ca. 1 år, for å avdekke ev. feil/manglar).
  • Eigne farge-/materialval (moglegheit til å sette sitt eige preg på bustaden).


Norgeshus Din Bolig AS er eit av regionen sine leiande selskap innan feltutbygging og sal av bustadar. Din Bolig AS representerer Norgeshus, og har selt bustadar til fornøgde kundar i over 25 år. Vi har i dag 2 salskontor; i Ørsta (hovudkontor) og på Eidsnes i Sula kommune. Dersom de ønskjer meir informasjon om våre løysingar eller prosjekt, ta kontakt med vår salsansvarleg.

Beliggenhet

kart
Logo

Annonseinformasjon

FINN-kode303409776
Sist endret20. mars 2024 14:19

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.