Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.

4-mannsbolig, Rystene

RYSTENE PANORAMA - praktiske bustadar med gode solforhold, flott utsikt og garasje.

Kart med kartnålLeitebakken 15-19, 6155 Ørsta

Prisantydning

3 439 000 kr

Totalpris

3 443 300 kr

Planlegging

Ferdig

Salgsstart

Haust 2019

Byggestart

Vår 2020

Overtakelse

Pågåande

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Antall etasjer
2
Primærrom
74 m²
Bruksareal
74 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Kabel-TV
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Balansert ventilasjon
Lademulighet

Enheter i prosjektet

Sorter etter

EnhetEtasjeP-romSoveromTotalpris
58174 m²23 443 300 kr
61174 m²23 443 300 kr
62174 m²23 443 300 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Rystene Panorama ligg flott plassert i eit allereie etablert byggefelt, og har fantastisk panoramautsikt mot fjord, fjell og Ørsta sentrum.

Bustadfeltet har ein kombinasjon av bygningar med 2 til 10 bueiningar i kvar, og for fleire av bustadane er det lagt til rette for livsløpsstandard og husbankfinansiering. Det vert opparbeidd tre leikeplassar i feltet, med leikeapparat og benkar. Området har også fine turmoglegheiter, med populære turmål som Ossetra, Oshornet ("Pølsa"), Dinglavatnet og Melshornet like ved.

Det er lagt vekt på at dette skal vere eit attraktivt bustadområde for alle, og det er kort veg til både barnehage og kollektivtransport. Haldeplassane "Rystene" og "Leitevegen" er næraste busshaldeplassar, men det er også regulert inn framtidig busslomme like ovanfor bustadfeltet.

Bustadane

Dette er attraktive og flotte leilegheiter, med livsløpsstandard og gode planløysingar. Bygningen består av totalt fire leilegheiter på ca. 75 m2 BRA. Leilegheitene har eit lyst og moderne preg, med opa stove- og kjøkkenløysing, og to soverom. Bustadane i 1. etasje har uteplass på bakkeplan med moglegheit for hage og markterrasse, og 2. etasje har eigen veranda. Kvar leilegheit har innvendig bod, sportsbod og eigen parkeringsplass i carport.

Bustadane inneheld stove/kjøkken, 2 soverom, gang, bad, bod/vaskerom, utvendig sportsbod og eigen parkeringsplass i carport. På området er det tilgang til gjesteparkering.

Trykk på linken til den aktuelle seksjon ovanfor for meir utfyllande opplysningar.

Nøkkelferdig standard

Våre bustadar vert no levert med nøkkelferdig standard. Det vil seie at alt av arbeid med legging av parkett, maling, tapet og flisarbeid vert utført og er inkludert i prisen for bustaden. Du får då ein innflyttingsklar bustad med ekstra høg standard der du flyttar rett inn i den ferdige bustaden. Vel du ein av våre eksklusive visningsbustadar, kan du i tillegg overta vår møbelpakke etter avtale med seljar.

Bustadane vert leverte med flott kjøkken- og baderomsinnreiing med speilskap og belysning, frå kvalitetsleverandøren Sigdal. Vidare vert det på bad levert vegghengt toalett og varmekablar med termostat. Det er også inkludert belysningspakke, skyvedørsgarderobar med speil på alle soverom, samt innvendig kvalitetstrapp frå Stryntrappa for bustadar over fleire etasjar.

I vår nøkkelferdige standard kan i tillegg nemnast særskilt:

  • Eksklusiv kjøkkenløysing frå Sigdal, der frontar kan leverast i 15 valfrie fargevariantar. Kjøkkenet leverast med integrerte kvitevarer (kjøl/frys, induksjonstopp, steikeomn og oppvaskmaskin).
  • Bad leverast ferdig flislagt med 60x60 cm flis frå Modena på veggar og golv. Det kan fritt veljast mellom 5 fargevariantar som inngår i flisserien. Dusjhjørne/-dør med profilar i krom og klart glas, mosaikkflis på golv.
  • Sparkling for listefri utføring av tak og rundt vindauge for heile bustaden.
  • Malte veggar og tak i valfrie fargar, der soverom og stove i tillegg kan leverast med kontrastvegg.
  • 1-stavs eikeparkett av høg kvalitet levert på stove, kjøkken og soverom.
  • Bustaden vert levert med utført byggvask før overtaking.
  • Ingen byggelån, då betaling vert utført først ved overtaking og innflytting.


Om ønskeleg er det mogleg å påverke dei ulike vala og utføre personlege tilpassingar utover denne standard. For ferdigstilte bustadar vil dei ulike vala vere gjort og kan såleis ikkje endrast utan tillegg.

Finansiering

Leilegheitene tilfredsstiller Husbanken sine krav for finansiering. Husbanken tilbyr lån til svært gunstige vilkår, og alle uansett alder kan søke om lån. Flytande rente er frå 01.05.23 på 2,95 %. Husbanken tilbyr inntil 85 % finansiering med 30 års nedbetalingstid. Resterande 15 % må skaffast anten ved eigenkapital eller lån i annan bank.

Din Bolig AS kan bistå med utfylling og innsending av lånesøknad. Ta kontakt dersom du ønskjer å sjå på moglegheitene for å få finansiert din bustad.

Beliggenhet

kart
Logo

Annonseinformasjon

FINN-kode296062638
Sist endret20. mars 2024 13:27

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.