Bildegalleri

Sjøholt

Iden - Einebustader

Lave bukostnader i ny einebustad på Sjøholt - Husbankfinansierte bustader med utleigedel

Kart med kartnål6240 Ørskog

Prisantydning fra

6 248 000 kr

Prisantydning til

6 388 000 kr

Totalpris fra

6 266 700 kr

Totalpris til

6 409 450 kr

Kort om prosjektet

Husbankfinansierte einebustader med moglegheit for utleige. Rentenivå pr. 31.03.24 på 4,46 %. Kjøpar må tilfredsstille Husbanken sine krav. Ønsker du å gjere endringar, eller bygge eit heilt anna hus her? Ta kontakt!

  • Planlegging

    Prosjektet er klart for byggemelding

  • Salgsstart

    Prosjektet er salgsklart

  • Byggestart

    Etter godkjent byggesak

  • Overtakelse

    Ca. 12 mnd etter igangsettingstillatelse

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Soverom
4
Primærrom
121 m²
Bruksareal
175 m²
Eieform
Eier (Selveier)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil
EnhetEtasjeP-romSoveromTotalpris
12121 m²46 266 700 kr
22121 m²46 266 700 kr
32121 m²46 409 450 kr

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Velkommen til Iden på Sjøholt! Moderne einebustader i nordisk stil byr på rom for draumar og kvardagsmagi. For berre kr 15 680,- i månadlege bukostnader kan du nyte dagane i ein splitter ny og energivenleg einebustad *(sjå oppsett under).

Bustadene har ein tiltalande fasade med store vindauge i stue og kjøkken, og ei takhøgde på stue/kjøkken på opptil 4 m som gir ein særdeles luftig og god romfølelse. Bustadene er planlagt med fire soverom, der eit av dei er i hybel. Her kan kjøpar velge om ein ønsker å leige ut hybel eller bruke denne delen som eigen del etter behov.

Bustadene ligg på ei solrik tomt i eit roleg og etablert bustadområde. Frå soverom har ein eigen utgang for å nyte morgonsola, og terrassen har sol frå morgon til kveld. Elles inneheld bustadene to bad, to sportsboder, bod, open stue/kjøkken for hybel-del, entre og carport. Bustadene er innhaldsrike og har fokus på det praktiske. Dei passer perfekt for den unge familien som vil ha god plass å vekse i.

Denne bustaden er godkjent av Husbanken. Kjøpar må tilfredsstille Husbanken sine krav for finansiering. Rentenivå pr. 31.03.24 er 4,46%.

*Eksempel månadlege utgifter ved 5 million i lån i Husbanken:
Månadlege avdrag og renter ved nedbetaling over 25 år med 4,46 % rente: kr 27 744
Skattefrådrag på rentekostnad pr. mnd.: - kr 4 060
Utleieinntekter pr. mnd.: - kr 8 000
Månadlege bukostnader inkl. avdrag: kr 15 680

Ta kontakt med Jan-Magnus Knudsen for en hyggeleg bustadprat.

Plassering

I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi for sal tre moderne einebustader med moglegheiter for utleie. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Standard/Leveranse

Bustadene vert levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m.
Ta kontakt for utfyllende informasjon.

Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lavere dokumentavgift (vert rekna av tomteverdi på ny bustad)
  • Bygd etter ny teknisk forskrift (TEK 17)

Beliggenhet

kart
Logo

Systemhus - Møre Hus AS

Kvalitetsbustader for Vestlandet

Annonseinformasjon

FINN-kode293075655
Sist endret24. apr. 2024 09:43

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.