Bildegalleri
Hus tre har fasade mot VEST, noko som gir mykje SOL til altan/terrassen.
Moderne firemannsbustad med to soverom til fornuftig pris på Hareid
Sentrumsnære bustadar i Isakmarka 36 på Hareid. Gunstig Husbankfinansiering, og du betaler ingen ting av ved overtaking!
Prisantydning fra
2 690 000 kr
Prisantydning til
2 790 000 kr
Kort om prosjektet
På Isakmarka 36 skal byggeast ein moderne firemannsbustad med to soverom. Bustaden ligge sentralt til med kort avstand til idrettshall, skule og andre sentrumsfunksjonar. For dei to bustadane i andre etasje er det muligheit for å montere vedovn.
Prosjektets status
Planlegging
Hus 1 og 2, ferdig. Vi star no på hus 3
Salgsstart
16.09.2025
Byggestart
Planlagt 1. kvartal 2026
Overtakelse
Antatt 4. kvartal 2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 2
- Bruksareal
- 68 m²
- Eieform
- Selveier
- Energimerking
- B - Oransje
Fasiliteter
Enheter i prosjektet
Sorter etter
| Enhet | Etasje | BRA | Soverom | Totalpris |
|---|---|---|---|---|
| H.3/09 | 2 | 68 m² | 2 | 2 790 000 kr |
| H.3/10 | 2 | 68 m² | 2 | 2 790 000 kr |
| H.3/11 | 2 | 68 m² | 2 | 2 690 000 kr |
| H.3/12 | 2 | 68 m² | 2 | 2 690 000 kr |
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Kort beskrivelse av vår leveranse
ENKEL SKILDRING AV VÅR STANDARD.
Generelt:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustaden vert levert etter Mesterhus Sunnmøre (Tømrer Prosjekt AS) sin nøkkelferdige standard.
Det som ikkje er inkludert er; nedvask av bustaden før innflytting, kvite- og brunevarer, dusjkabinett/veggar og belysning m.a.
Du betaler bustaden når bustaden er ferdig og du skal overta bustaden.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert sveisa takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit tre bords plater farge kvit, kostemalt og Huntonit kvite takplater i himlinga. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flis lagde med varmekabler i golvet. På soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgtrykkslaminat, type; Elegant Eik Natur. På innvendig bod der det er plassert varmtvannstank vert det lagt flis på golv, og ca. 5 cm opp etter vegg. Er det ei tørr bod så er der høgtrykkslaminat på golvet. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.
Kjøken, bad og garderobe innreiing:
Kjøken av type, Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type, Nordsjø Riga Eik. I Riga serien på kjøken og bad er det fleire farger du kan velje mellom. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på bad. Er du ute tidlig så kan du kan du velje mellom fleire frontar på kjøken og bad.
På bad er der 120 cm seksjon med to skuffer, og spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.
Røyrleggar:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna 200 l varmtvannstank, avløp og uttak for vaskemaskin, oppvaskmaskin, blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning.
Det vert levert to utekraner per hus. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.
Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar.
Elektriske innstallasjonar og oppvarming:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar og jordfeilbrytar. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golva på stove og kjøken.
Uteplass:
Bustadane vil få terrasse mot sør og vest. Uteområdet vert levert maskinplanert, og ein må rekne med å plukke småstein, rake, så plenen og plante sjølv.
For meir detaljer så viser vi til våra si leveringsskildring.
Gunstig finansiering på 90% av kjøpesummen gjennom Husbanken
Dette bustadprosjektet, Isakmarka 36 har fått innvilga lån gjennom HUSBANKEN til gunstig rente.
Her kan du få lån opptil 90% av kjøpesummen på bustaden.
Nærområdet
Mesterhus Sunnmøre
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.



