Bildegalleri

Blåbærlia
Blåbærlia
- Totalpris
- 1 310 220 kr
- Omkostninger
- 89 174 kr
Nøkkelinfo
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beliggenhet
Ledige tomter:
nr 3 kr 1 250 000,- reservert
nr 10 kr 1 350 000,- + 300 000,- delvis opparbeiding reservert til 15 februar
nr 14 kr 1 350 000,- + 70 000,- delvis opparbeiding reservert til 15 februar
+ omkostninger
Beliggenhet
Flotte utsiktstomter i Slåttebakkane.
Slåttebakkane er eit godt etablert byggefelt i Førde. Det nye feltet i Blåbærlia, ligg mellom den eldre delen av Brendeholten og
Hjortefaret. Det eksisterande byggefeltet ligg langt lågare i terrenget så her får ein fritt utsyn over heile Førde, frå Førsnipa til Viefjellet og Hafstadfjellet.
Tomtane som ligg nærast Hjortefaret får også utsyn mot inste del av Førdefjorden. Tomtane har ikkje klausul om leverandør / type hus.
Det nye feltet består av 19 tomtar. Her kan du bygge einebustad / 2-mannsbustad innan bybussringen i Førde, næraste
bussholdeplass er 50 m frå innkøyrsla til feltet. Feltet ligg i eit område som er solrikt året rundt og alle tomtane får fantastisk utsikt over Førde. Det tek
ca 5 min. med bil til sentrum. Det gjev nærleik til både den største arbeidsmarknaden i fylket, samt dei ulike service-, handel-, idretts- og
fritidstilboda i Førde. Frå Blåbærlia har ein kort veg til to av Førde sine flottaste friluftsområde. Det går turløype frå Reset like over feltet, heilt
fram til Langeland Ski og fritidssenter. Det er og kort veg til turområda rundt Bekkjavatnet- kjent som Bymarka . I felte vert det laga to område for tunleik,
eit i kvart byggetrinn. Ovanfor feltet er det natur – friområde.
Næraste barnehage er Slåttebakkane Barnehage, det er også barnehage på Halbrend. Næraste skule er Flatene skule, som har elevar frå 1 til
4 klassetrinn og Halbrend Skule med elevar frå 5 til 10 klassetrinn. Det er gangveg både til skule og barnehage.
Arbeidet med infrastruktur er ferdig. Det er lagt vatn, avløp, strøm og fiber til
tomtegrense.
Tomt 10 er delvis opparbeid, kostnaden på kr 300 000,- kjem i tillegg til tomteprisen.
Tomt 14 er delvis opparbeid, kostnad på kr 70 000,- kjem i tillegg til tomteprisen.
Ta kontakt med oss for visning: mob 40444704
Regulering
Nyttige lenker
Sunnfjord Tomteselskap
Nærområdet
Annonseinformasjon
| FINN-kode | 396568642 |
|---|---|
| Sist endret | 03. feb. 2026 08:20 |
| Referanse | Blåbærlia |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.




















