Bildegalleri
Bilde mot bygda og fjorden.
2 hyttetomter i Norddal.
6214 NorddalPrisantydning490 000 kr
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Bilvei frem
Utsikt
Fiskemulighet
Turterreng
Visning
Visning etter avtale med Oddmund Dalhus, telefon: 915 11 796.
Adkomst
Hjellane hyttegrend ligg i Norddal, om lag 10min frå ferjeleiet i Eidsdal, og ca. 1,5 times køyring frå Ålesund. I Norddal finn du hyttefeltet om lag 1,5km frå fjorden, du svingar av mot hyttegrenda på Rellingsida etter å ha passert Dalhus.
Beliggenhet
Hyttefeltet ligg i den fredelege, idylliske bygda Norddal. Her finn du roa til fuglekvitter og elvesus mellom fjord og fjell, og kan gå fine turar i terrenget til alle årstider. Fjellområda i Norddal og Eidsdal er kjent for mange flotte og spektakulære toppar som du enno kan gå på utan å møte for mykje folk. Her er også mange fine toppar å nå om vinteren, og du kan starte på 400-500meters høgde på dei fleste av turane. Både Herdalssetra og Rellingsetra er fine utgangspunkt for flotte turar, både korte og lange. På Nærbutikken, berre 5min unna, kan du handle det meste du treng, og der kan du også leige kajakkar for padling på fjorden. Har du lyst på ein fisketur, er det moglegheiter både i fjorden, i Herdalsvatnet, og mange andre fjellvatn og elvar i området. Båtplass kan både leigast og kjøpast i småbåthamna. Ved sjøen finn du også fine badeplassar, og du kan nyte kveldssola sommarstid ved Notnaustet. Om vinteren finn du også jamt over fine skiløyper frå Hatlestad til Rellingsætra, og elles er det fleire langrennstrasear berre 20min unna, i Eidsdal. Det er heller ikkje langt til Overøye eller Strandafjellet, dersom du vil ha ein dag i skitrekk. Bygda ligg midt mellom Geiranger og Trollstigen, som også byr på fine attraksjonar.
Bygda byr elles på mykje lokal mat som du får kjøpt frå gardane, og sommarstid kan du kjøpe deg middag på Petrines Gjestgiveri. Vi har også lokale varer i “Fjøsen”, og Dale Gruvemuseum er også verdt eit besøk. Herdalssetra med geiter, hestar og sauer og ein seterkafe er fin å besøkje om sommaren. Kallskaret naturreservat er ein særeigen stad med interessant geologi.
Les meir om Norddal her: https://www.visitnorway.no/listings/sansetur-for-%C3%B8ye-og-gane-norddal/217828/
Les om aktivitetar i Norddal: https://www.facebook.com/groups/440095726360135/ og her: https://norddalil.no/

Beskaffenhet
Straum, vatn, kloakk og fiber er klart for tilkopling nært tomta. Kjøpar betalar eventuelle tilknytningsavgifter dersom det vert krevd for vatn, kloakk, straum, TV, tele/data og lignande. Samla tilknytningsavgift for vatn og kloakk til Norddal Vassverk SA er 28335kr per 31.12.2024.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.