Bildegalleri

Bustadtomter i Sundsdalen ved Digernesvatnet Naturreservat
- Totalpris
- 800 000 kr
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Adkomst
Avkøyring frå E39 ca. 6 km aust for Førde sentrum ved Sunde mot Sundsdalen, vidare 4 km opp til Digernesvatnet.
Beliggenhet
Sunde oppvekstsenter med nybygg for skule, sfo og barnehage, fotballbane med vidare ligg på reisestrekninga midt mellom feltet og Førde sentrum. Det er her mesteparten av den organisert fritidsaktiviteten føregår.
Beskaffenhet
I feltet er det 4 ledige tomter med storleik frå om lag 1500 til 1700 m2, og med ei utnyttingsgrad på maks 20 % BYA. Dette gjev rom for store einebustader. Ingen binding til leverandør av hus eller entreprenør! I feltet er det oppført og innflytt i 5 hus.
Planen er å finne på https://www.forde.kommune.no/
Det er lagt fram opplegg for straum, veg, vatn og avløp til tomtegrensene. Det er etablert borebrønn og felles vassverk, godkjent og kontrollert av mattilsynet. Det er etablert felles renseanlegg for avløp, godkjent av Sunnfjord kommune. Det er lagt fram trekkerør for fiber til kvar tomt. Tomtene ligg på eit jamt høgdedrag og er særs enkle og rimelege å opparbeide.
Tomtefeltet ligg om lag 400 m frå nyetablert lysløype (1,5 km). Lysløypa og området rundt er i stadig utvikling og det blir køyrt løyper i området rundt tomtene og på Digernesvatnet når tilhøva tillet dette. Alt etter føreforhold vert det køyrt mellom 10- 20 km løyper, og dette er berre starten. Ved lysløypa er det nyetablert naturmøteplass med grindbygg, Zip-line, fotballbane, ny bane for frisbeegolf, m.v. Det er sykkelavstand til klatrefelt (Saghamrane) og om lag 18 km til golfbane og alpinbakke. Det er turterreng i alle himmelretningar, med kort veg til Hafstadfjellet, Kjelstadnakken, Klungeren, Kvanndalen, Viestølen.
Digernesvatnet er freda som naturreservat, fuglefredning, med eit rikt dyre- og fugleliv. I tillegg er det eit framifrå vatn for sportsfiske.
6 av 10 tomter er selde. Tomtene BFS 3, BFS 4, BFS 5 , og BFS 10 er ledige pr juni 2025. Storleiken på tomtene varierer mellom 1,5 til 1,7 mål, og går fram av vedlagt plankart.
Tomt BFS 3 kr 800.000,-,
Tomt BFS 4, kr 840.000,-
Tomt BFS 5, kr 840.000,-
Tomt BFS 10, kr 860.000,-
Her kan du ta til med bygginga så snart du er klart. Alt tilrettelagt og klart for opparbeiding.
I tillegg til kjøpesum kjem 2,5 % dokumentavgift, kostnad med deling og oppmåling av tomtene, gebyr for tinglysing av skøyte (525,-).
Sjekk elles ut bilde frå området her:
https://www.facebook.com/groups/205585103120464/
Regulering
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.











