Bildegalleri

Nytt hyttefelt på Skipleseidet
- Totalpris
- 887 795 kr
- Omkostninger
- 22 795 kr
Nøkkelinfo
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Adkomst
Ta av Rv 13 ved Palmafossen mot Mjølfjell, køyr ca 17 km.
Tomtene er oppmerka og kan befarast på eigenhand eller ved å kontakte seljar/utbyggjar eller grunneigar;
Olav Bere 97 63 90 59
Tom Mæland 93 60 16 01
For ytterlegare opplysningar kan seljar/utbyggjar Byggmeisterfirma Møen & Saue v/Synnøve Riber kontaktast på
post@moen-saue.no, tlf 90 96 90 30
Beliggenhet
Flotte hyttetomter på Skipleseidet med utsikt til Lønahorgi i vest og Mjølfjell i aust.
Byggmeisterfirmaet Møen & Saue AS har for sal 25 flotte tomter i Skipleseidet Hyttefelt.
Tomtene ligg vakkert til i eit variert og urørt turterreng. Området er snøsikkert, og frå hyttedøra når ein fleire av dei mest spektakulære toppane Sør-Vestlandet har å by på. Majestetiske Horndalsnuten er nærmaste nabo. I tillegg er det kort veg til skiløyper og fiskevatn, samt aktivitetar i Raundalselva som rafting, padling og bading.
Skipleseidet byr på spennande turterreng både sommar og vinter heilt frå hytteveggen, med ei rekke fjell og stølar innan rekkevidde. Raundalen sine mange små vegar og stiar innbyr også til oppdagingsferder på sykkel.
Om hausten er det rik tilgang på sopp og bær, og det er eit yrande dyreliv i området om ein ynskjer å treffa på elg, hjort, rype, tiur, hare og rev. Det er også gode moglegheiter for småviltjakt Raundalen.
Plassering
Hyttefeltet ligg på eit platå midt i Raundalen, omlag 500 moh. der ein har utsikt til Lønahorgi i vest, og mot Mjølfjell i aust.
Like ved ligg Hondalsnuten (1461 moh.), som er ein av dei høgaste fjelltoppane i Voss kommune og eit populært turmål.
Hyttefeltet ligg like ved fylkesveg 307 med 30 min. køyring til Voss Resort /Bavallen, 25 min. Voss sentrum og 25 til Mjølfjell. Til togstasjonen på Skiple er det ca. 2 km.
Tomtene
Tomtene ligg i utmark og varierer i storleik frå 632 kvm til over 1100 kvm. Sjå prisliste for nærmare informasjon om pris og storleik.
Beskaffenhet
Byggeklausul:
Tomtene er påhefta byggeklausul. Dette inneber at kjøpar er forplikta til å bruke Byggmeisterfirma Møen & Saue AS på Voss ved kjøp av byggesett og oppføring av fritidsbustad på tomta.
Tomtekjøpar kan kjøpe hytter frå det utvalet Møen & Saue har å tilby. Møen & Saue hjelper også med å teikne hytta eller gjere tilpassingar på sine modellar. Kjøpar kan også få teikna eiga hytte av uavhengig arkitekt.
Møen & Saue har hytter i bindingsverk, precut bindingsverk og element.
Møen & Saue kan levere fritidsbustad som totalentreprise (nøkkelferdig), men kjøpar står om ønskeleg fritt til å velje andre leverandørar til grunnarbeid, elektrikar- og røyrleggararbeid etc.
Det vert laga eigen separat avtale mellom tomtekjøpar og Møen & Saue om oppføring av fritidsbustad. Avtalen vil følgje reglane i Bustadoppføringslova.
Oppgjer
Overtaking etter nærmare avtale med seljar.
Oppgjeret blir tatt av Advokatfirmaet Magnus Legal AS v/advokat Torgils Bryn, torgils.bryn@magnuslegal.no. Det vil vere krav om forskotsinnbetaling utgjerande 10% av kjøpesum ved inngåing av kontrakt.
Før overtaking skal eigedommen vere frådelt og fri for hefte. Kjøpesummen inkludert omkostningar skal vere innbetalt før overtaking.
Forbehald
Det må vere selt 15 tomter før arbeid med infrastruktur vert sett i gang.
Kostnadar for kjøpar
I tillegg til vederlag for tomt, skal kjøpar betale følgjande omkostningar/avgifter:
1) 2,5% dokumentavgift til staten.
2) Tinglysingsgebyr skøyte kr. 585,-
3) Tinglysingsgebyr pr. pantobligasjon. kr. 585,-
Vatn og avløp må i ettertid driftast av dei 25 tomteeigarane i eit hyttevel/foreining.
Offentlege/kommunale avgifter
Kommunale avgifter er ikkje fastsett, då tomtene endå er ubebygde. Det vert vist til Voss kommune for spørsmål om kommunale avgifter.
Konsesjon
Kjøparar av ubebygde tomter må søke om konsesjonsfritak frå Voss kommune. Kjøparar må signere eigen erklæring om konsesjonsfritak ved inngåing av kontrakt.
Regulering
Nyttige lenker

Byggmeisterfirma Møen & Saue AS
Nærområdet
Annonseinformasjon
| FINN-kode | 113160060 |
|---|---|
| Sist endret | 27. sep. 2021 13:36 |
| Referanse | Skipleseidet Hyttefelt |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.














